Men, men, laurdag tok eg iallfall beina fatt. Det at det snøva så tett at eg nesten ikkje klarte å sjå noko tok eg tydelegvis ikkje som noko hint...
Etterkvart tok eg av frå hovedvegen (og ja; det snøva framleis tett), og det bar vidare oppover skogsvegen mot Tjønna. Til høgare eg kom, til vanskelegare vart det å springe, og når eg kom opp til Tjønna gjekk eg gjennom snøen for annakvart steg og kunne berre gje opp å jogge meir.
Vår?
Og ikkje lenge etter måtte eg gje opp å gå og;) Det vart mest kryping i fleire km, og eg såg draumen om vinden i håret og tørr skogsveg under joggeskoa forsvinne langt i det fjerne...Her var det berre å bite tennene saman og krype seg heimatt (veldig dramatisk;)).
Joggevenleg? Hadde nok vore meir lurt med truger i dag...
Omsider kom eg meg til sivilisasjon igjen og eg kunne til og med jogge dei siste kilometrane. Ikkje akkurat den turen eg hadde planlagt, men fekk likevel god trim. Og ikkje minst; FRISKUSPOENG TIL MEG;)
Nerdefakta om turen:
Lengde: 6.91 km
Tid: 1 time og 18 minutt
Høgdestigning: 212 meter
Kaloriar brukt: 631 kaloriar
Puls: snittpuls 170 - makspuls 197
Huhm.. Ikkje heilt som planlagt nei, men du fikk no god trim - kanskje til og med meir enn planlagt ;-)
SvarSlettJa, i fylgje pulsklokka så vart det visst ganske bra likevel:)
SlettHer er det vikinganer å spore, ja!
SvarSlettAiaiai.. Ekstra bonusfriskuspoeng frå meg!
Hehe, takk, takk;)
Slett