Sider

torsdag 9. oktober 2014

Etna!

På Sicilia i Italia ligg Europa sin høgste vulkan (3323 m.o.h.) Etna. Dette er og den mest aktive vulkanen i verda. Etna står på Unesco si verdsarvliste. Lengst nede i "lia" på Etna vert det drive jordbruk (opp til ca. 700 m.o.h.) og vin frå vulkansk jord skal visst vere serskilt god! Lenger oppover endrar naturen seg og det er fleire småkrater av varierande storleik, som vert danna på sidene av vulkanen når den har utbrot. På toppen av Etna finn ein hovudkrateret som er omlag 500 m breitt og 300 m høgt. Sjølvsagt måtte eg og Olsbø ta turen til Etna då vi var i nærleiken! 

Etna sett frå den arkeologiske parken i Giardini-Naxos, på austkysten av Sicilia.

Eigentleg hadde vi tenkt å få ein skikkeleg fjelltur til fots ut av det, men det viste seg å vere vanskeleg å gjennomføre når vi ikkje hadde leigebil... Så då var det berre å innsjå nederlag og heller vere med på ein organisert tur med transport heile vegen. Opp skulle vi iallfall!

Turen starta med busstur opp til 2000 m.o.h. Her finn ein kratera som vart danna etter utbrot på 1800-talet.

På turen opp fekk vi besøke ein landsby som berre akkurat hadde sluppe unna lavastraumen i eit av Etna sine mange utbrot. Lavastraumen hadde stoppa berre meter frå eit av husa i utkanten av landsbyen. Snakk om englevakt!

Etter bussturen opp til 2000 m.o.h. venta ein tur med kabelbane opp til 2500 m.o.h.


Etter kabelbana, som tok laaaaang tid då det var fleire mindre stopp der vi hang og svaia i vinden i tidvis tjukk skodde, gjekk turen vidare i "minijeep" til 3000 m.o.h. Vel, det er iallfall dei største jeepane eg har sett!

På 3000 m.o.h. finn ein kratera som vart danna ved utbrota i 2001-2002 (førebels dei siste utbrota). På bildet er eitt av kratera frå 2001-2002 rett nede til høgre (ein kan sjå dampen frå det), medan hovudkrateret på 3323 m.o.h. ligg gøymt i skodda rett over hovudet mitt.

Nærbilde av eine krateret frå 2001-2002.


Folkevandring langs kraterkanten.

Ei vulkanmarihøne.

Krater frå 2001-2002 med hovudkrateret bak.


Det andre av kratera frå 2001-2002.

Er ein på Etna, så må det hoppast!

"Minijeepane".

Pølsegrilling over den dampande bakken.

To lavasteinar som fekk vere med heim. Fotograferte i sitt rette element ved eine krateret frå 2001-2002, før heimreise til sin nye heim i Norge.

Dette var absolutt ei oppleving å ta med seg! Ja eg skulle ynskje vi kunne gått, ja eg skulle ynskje vi hadde vore heilt til hovudkrateret. Men dette var det vi fekk til no og det er meir enn godt nok!

Unstad til Eggum i Lofoten

Den siste av utfluktene i nord for denne gong vart tur frå Unstad til Eggum i Lofoten. Vi skulle eigentleg gå begge vegane, men det vart til at to av oss gjekk turen ein veg, medan den tredje tok bilen og henta oss ved borga på Eggum.



Unstad.



Eg fann eit veglaust fyr!


Turen gjekk for det meste oppe i den tidvis bratte skråninga langsmed havet.

Havet...

Borga på Eggum i det fjerne.

Sjokoladepause ved havet.


Nerden i oss kom fram!





Borga på Eggum.



6,8 km, 2 timar og 20 min. Flott tur!

Rundtur på Moskenesøya i Lofoten

Det vart fleire utflukter på turen til nord. Mellom anna ein rundtur på Moskenesøya med start frå Medvollen attmed vegen mot Ytresand nord i Lofoten.








Med stø kurs mot Kvalvika, sjølv om skodda låg tidvis tett.

Kvalvika i sikte!





"Via ferrata" ved Kuhella, Kvalvika.






Steingamme ved Markvatnet.

Fann eit hjerte!

Litlekrystad i sikte.


Grusveg og asfalt siste delen av turen.



18 km, 6 timar, regnvåte og svette, men for ein fin tur!