Sider

torsdag 19. april 2012

Slapp friskus?

I går var det desverre lite som minnte om friskus her...Eg sov middag i heile 3 timar! Etter at eg vakna fekk eg trena 3x20 bicepscurl og 3x20 skulderhev med strikk medan eg såg på "good christian bitches". Bra underhaldning! Men så var det egentleg tid for å legge seg igjen, men sidan eg var ganske sikker på at eg ikkje kom til å få sove sette eg meg i sofaen for å sjå på fjernsyn i staden for, og då SOVNA eg!

Einaste uteaktivitet i går var på jobb:)

Eg veit at dersom eg let meg sjølv få vere så slapp så blir det berre verre. Så i dag var eg og joggeskoa mine komne ut døra kl.05.55!



Det var ein tung joggetur i dag, og sjølv om eg hadde kompresjonsstrømper på var leggane mine stive og vonde. Eg burde ikkje jogge så mykje på asfalt, men det er ganske så uaktuelt å stå opp før fuglane kvitra for å kome seg til ein plass med grus...

Men no har eg iallfall funne fram dei gamle joggeskoa mine, så eg får sjå om det hjelper:) I helga vert det iallfall joggefri. Eg har tenkt å lufte terrengsykkelen og kjære Vibeke laurdag, og raceren og kjære pappa søndag:)

Nerdefakta morgonjogg:
Lengd: 4,45 km.
Tid: 35 minutt.
Høgdestigning: 82 meter.
Kaloriar brukt: 277.
Puls: gjennomsnitt 164. Maks 190.

1 kommentar:

  1. Sykkelen lyt ligge over hjå doktoren i natt, men satsar på den er friskmeldt i morgon so eg kan ta den med heim og lade opp til laurdag :) Spreka!

    SvarSlett