Sider

onsdag 11. april 2012

Friskus på middagsjakt vart plutseleg leia ut i freisting;)

Nei, det er ikkje ei dårleg avisoverskrift, det er faktisk heilt sant!

Eg har sjølv vore litt usikker på denne sjølvutnemnde friskustittelen min i det siste. Det har skjedd litt som har krevd litt tankeverksemd utanom det vanlege i det siste, så all energien min har gått med til tenkjing (ja, det er desverre ikkje mykje energi å ta av..). Eg får jo meir energi av å trene, men det var den dørstokkmila då;)

I dag hadde eg tenkt å bedrive litt styrketrening, og så jogge før jobb i morgon. Men så spurde min kjære kollega Unni om eg hadde middagsplanar i kveld, og etter at eit vagt bilde av middagsrestar for forbi i haudet mitt resonnerte eg meg fort fram til at eg egentleg ikkje hadde nokon voldsomme middagsplanar. Kveldsplanane vart endra og eg lurte på om eg kom til å klare å tvinge meg sjølv til trening etter ein god middag = lite truleg;) Så då fann eg ut at eg fekk ta ein omveg på den egentleg korte turen til Unni:)

Opphavlege ca. 700 meter vart til ca. 3-4 km etter ein joggerunde rundt byggjefeltet i staden for ein gåtur gjennom byggjefeltet.

Eg ser "heimatt" til bunkersen i enden av byggjefeltet:)


Utsikt mot Måløybrua.

Svett og forkava ankom eg restauranten der helseguru Unni hadde diska opp med ein utruleg god og utruleg sunn middagsrett!:D Maten var rett og slett femstjerners, og etter mat vart det musserande vin til dessert = friskus leia ut i freisting....Oppvask og klevask som venta heima vart skubba langt bak i hjernen - det er no "lillelørdag";)


Helseguru Unni og pinkflaska som leia meg ut i freisting;)


Men som det står på flaska: "a perfect way to add a little sparkle to any occasion". Så då er det vel greit då;)

Til og med friskusar kan lett leiast på villspor!;)

Ingen nerdefakta i dag sidan pulsklokka mi bestemte seg for å ikkje finne satelittar før turen var godt i gong....Ganske irriterande...I tillegg til at mine håplause "øyretelefonar" som høyrer til telefonen spratt ut av øyra for kvart steg og at kroppen ikkje hadde dagen i dag vart sjølve treningsturen meir ein tortur-tur. Men dagen enda no godt likevel;)

2 kommentarer:

  1. Kjekt å vite at det berre er å lokke med Ameritrichiana, så lar du deg leie ut i freisting!
    Dette må definitivt gjentakast :)

    SvarSlett
  2. Tykte ditta haurdest særs sunt ut både for kropp og sjel, veit freistingar som er mykje verre enn ditta for å seie det slek...;) Gledar meg til i mårå:)

    SvarSlett