Sider

tirsdag 3. mars 2015

Skitur med friskusfaktor

Sjusjøen i helga var "vinterleg"... Mildt sagt. Men slikt likar ein friskus! To skiturer vart det, men det vart dårleg med koselege snopepauser. Det tok vi heller inne på hytta.

Fredag vart det 10 km og 155 m total stigning.

Eeeeetter at bilen var komen fram ;)


Og då eg såg på bilda innsåg eg at på starten av denne skituren var det jo faktisk fint vêr!




Meeeeen, så kom skodda


Og så kom månen

Prosjekt "ta-bilde-gjennom-brillene"


Prøvar å få til ein seriøs selfie

Får det liksom ikkje heilt til

Nailed it!

Laurdag vart det knappe 5 km og 92 m total stigning. Ein kort tur i ruskevêret etter hundekøyringa.


Sleit tidvis med å sjå kvar løypa var hen. Her var det derimot ikkje løype igjen

Løypa gøymt under snøskavlane

Friskus i friskusvêr=like blid














mandag 2. mars 2015

Sjusjøen husky tours

Bitande kald vind, skodde og snø. Hundane ventar ute i den kalde vinden og det er elles stillt. Så går døra i ein nesten skjult lavvo opp, og det som skulle vise seg å bli tidenes oppleving starta. 

I helga var det altså endeleg klart for hundekøyring. Dette har eg tenkt på i fleire år, men aldri gjort. Kvifor ikkje? Eg har null peiling. Men det blir iallfall ikkje siste gong! Neste år blir det ein lenger tur.

Hundane ventar

Først litt instruksjon

Så skulle vi sele på

Og makan til tålmodige og folkekjære hundar altså. Imponerande lynne!




Og så vart det litt kos

Og meir kos

Hundar i sitt rette element. Her var det hundar både av typen Alaska Husky og Alaska Malamute

Så braka det laust. For eit støynivå det var då dei starta å setje hundane i spann. Her var det mykje oppsamla energi som berre venta på å få utløp!

Ledarhundane er komne på plass. Husky framme og Malamute i baktroppen

Og der gjekk startskotet!

Turen var omlag 7,5 km. Vi var to stykker på kvart spann med 6 hundar. Halvvegs bytte vi sjåfør, så begge fekk køyre og begge fekk sitje på. Eg starta med køyringa og ut frå start var det litt nervepirrande. Det var første turen for dagen og hundane var ivrige. Instruktøren meinte det ikkje skulle gå så fort, men eg måtte iallfall stå med ein fot halvvegs på bremsa nesten heile turen for å prøve å halde anbefalt avstand på ti meter. Hehe. Det var utruleg kjekt, og då eg fekk bevist for meg sjølv at eg klarte å styre hundane med bremsa var all nervøsitet vekke.

Vi måtte stoppe nokre gongar. Av og til fordi dei før oss måtte stoppe, og ein gong fordi ein hund i vårt spann plutseleg måtte eit ærend. Det tok berre eit par sekund før spannet var i gong igjen, og eg rakk nesten ikkje å reagere eingong. Etter denne "pit-bråstoppen" såg eg at eine ledarhunden hadde fått lina under magen og ut på eine sida. Då var det berre å hive ut ankeret og sende passasjeren fram for å løfte hunden på plass. 

Turen gjekk vidare, og eg vart skikkeleg skuffa då eg innsåg at vi stoppa for å byte sjåfør. Eg var bombesikker på at dette ikkje var halvvegs, men måtte berre fint krype ned i sleden i staden for.

Passasjer. Kjekt det óg, men kjekkare å køyre

Is og rim i håret. Friskus style!


Plutseleg var vi tilbake der vi starta. Det er iallfall dei raskaste 7,5 km eg har opplevd! (Bortsett frå motorisert transport då 😉). Skuffa over at det var over, men i endorfinrus!



Etter turen vart det krutkaffi og pinnebrød ved bålet inne i lavvoen 


FOR ei oppleving, vi var høge på endorfinar i lang tid etterpå, og turen vart den store snakkisen resten av helga. At vêret var såpass dårleg gjorde eigentleg berre opplevinga enno meir "ekte", og friskusfaktoren var skyhøg. Det var rett og slett supert! Anbefalast!