Sider

lørdag 22. mars 2014

Mot nye høgder

Eg er i pyse, rett og slett! Men på grunn av det har eg med åra blitt flinkare til å utfordre meg sjølv. Om det hjelper er eg usikker på, og akkurat i det det står på er eg iallfall ikkje sikker... Men som regel får ein ei god kjensle til slutt!

Når ein i tillegg har mange tøffe friskusvenninner som driv med mykje spennande og utfordrande friskusaktivitetar, må ein jo liksom berre hive seg med! Så denne veka var det klatring som skulle prøvast. Eg er ikkje god på høgder (noko eg fann ut på toppen av Kattanakken; ein smal egg med slette fjellsider rett ned i isbreen på begge sider) og eg er heller ikkje spesielt god på å ikkje kunne noko når eg er omringa av kjempeflinke folk. Men her gjeld som alltid å hoppe i det utan å tenkje meir på det! Så med klamme hender, bleikt ansikt og tørr munn bana eg meg veg gjennom gruppene med kjempeflinke folk (les: små, små ungar...) og sto ansikt til ansikt med klatreveggen. Kort vegg ja, men like skummel likevel.

Heldigvis hadde eg med meg kyndige brattkortfriskusar på "laget" mitt!














Oppe i veggen er eg usikker på kva eg følte. Sjelden har eg fått så mange ulike signal frå meg sjølv. Høgdeskrekk? Tja... Redd for å mislukkast? Ja... Så kva no? Dette må prøvast igjen! Eg må finne ut av dette!