Sider

søndag 17. mars 2013

"Sykkelgullgravar" i vinden på Lykling

Ny lang sykkeltur i dag. Ein kan ikkje la seg skreme av at det ikkje gjekk så bra sist. Turen gjekk i dag til gullgruvene på Lykling på Bømlo. Dagen kom med vind og overskya, grått vêr, men både Storm og Yr lovde betre vêr utover dagen, så friskusen bestemde seg for å la det stå til!

Ein god frukost med eit eple til dessert og eit stort glas vatn til, vart det eg skulle "tære på" i 7-8 mil i dag:) Her skulle eg prøve å halde haudverken vekke lengst mogleg! Berre så synd at drikkeflaskeholdaren min har rusta rett av! Så drikke måtte eg i dag transportere i "turrumpetaske"... Kjedeleg å måtte stoppe for å få i seg væske.... Slett ikkje optimalt! Pakka med meg 1 liter vatn og ei flaske Yt i dag, i tillegg til lefse med sjokofyll og mørk sjokolade ;) (Og litt ekstra kle, pengar osv då).

Eg hadde ikkje sykla langt før eg vart bekymra for turen over bruene i dag... Til saman tre lange bruar (to på 1 km, og ei litt kortare) skulle bekjempast i vinden.... På sykkel....

 På Heiane.. Vinden tek seg opp...

 Framleis vinter...

 Stordabrua... Skrekk!

 Jepp... Sterk sidevind. Eg kryssar fingrane for at vinden er stabil!

 Skimtar Bømlabrua i det fjerne.
 
Og der la eg i frå meg telefonen ei stund;) Eg sykla roleg og forsiktig inn på brua. Heldigvis var vinden konstant, men tankar som "skal tru kor mykje vinden kan løfte", "skal tru om den klara å løfte oss over rekkverket, eller vil vi berre smelle i rekkverket" rota rundt i haudet mitt. Og fleire kriseplanar for kva eg skulle gjere dersom vinden tok meg vart laga på veg over brua. Konklusjonen vart vel noko slikt som at eg skulle la sykkelen segle sin eigen sjø (tihi ;) ) og heller klamre meg sjølv fast i rekkverket av all makt! ...Landkrabbe....
 
Det gjekk bra...
 


 Neste utfordring; Bømlabrua.

Bømlabrua med Siggjo i bakgrunnen:)
 
 
Turen over dei resterande bruene gjekk utruleg nok bra! ;) Eg følte eg berre kunne "cruise" vidare på flata, og snart tok eg av frå vegen mot Svortland, og fortsette på ein mindre veg mot idylliske Håvik. Nedstigninga her var flott, men eg må seie eg tenkte på at eg skulle oppatt der og;)
 
Turen vidare gjekk til Grønnevik, Finnås og til slutt Lykling. Flott, men kupert. Og etterkvart syns eg det var rart det ikkje var skilta til gullgruvene, og eg følte eg var midt ute i "bushen" utan å skjønne kor langt eg skulle. Ein ekstra kik på telefonen beroliga meg, men plutseleg møtte eg veggen, bokstavleg talt! Brått steig asfaltmonsteret over meg... Kva i alle dagar var dette? Bakken kom så brått (og bratt) på meg at eg ikkje rakk gire skikkeleg ned heller, så dette vart seigt! Eg var såååå nær ved å gå av sykkelen (for å gå opp ville jo faktisk ha vore mykje meir effektivt), men akkurat då såg eg det, eit skilt med "til gruvene", altså var eg der snart og eg beit i hop tennene....igjen.... Og vips var eg framme (vips og vips... Etter 4 mil og i overkant av 2 timar så...).
 
Litt "bildedryss" frå gruveområdet:
 




























 Obs, obs, opne gruveopningar!





Etter påfyll av mat og drikke var det berre å kome seg på sykkelen igjen, og eg må seie eg gleda meg lite til alle "bakkane" igjen... Men heldigvis kunne eg iallfall glede meg over at asfaltmonsteret var lettare å forsere nedover enn oppover ;)

Turen tilbake til Håvik gjekk fykande lett og eg kan egentleg ikkje skjønne kva bakkar eg hadde grua meg til!


 Møtte på tre kjekke karar. Slike er tydelegvis utbreidde på Bømlo. Er det sjølufta?

 Grønnevik med Siggjo i bakgrunnen (Siggjo ser ein faktisk på så og seie heile denne turen!).

 Eg skjønar kvifor det heiter Grønnevik ;)
 
 
Etter ein time var eg tilbake i Håvik, og no skulle asfaltmonster 2 forserast opp mot vegen til Svortland. Men denne var eg førebudd på, her var det berre å gire ned, plystre og sjå på omgjevnadane, så kvar ein hage vart studert i sneglefart. Vel oppe på toppen tenkte eg at "ja då er det berre å trille dei siste to mila heim"...... Så feil kan ein ta...
 
Den fine sykkelvegen innover mot Svortland frå Føyno, som nokre timar tidlegare hadde vore så flat og fin hadde totalt endra seg! Kva har skjedd? Flatene var omgjort til ei jamn, seig stigning i heftig motvind.... So much for ein trilletur heimatt liksom...
 
Og så var det desse då... Bruene... I sterkare vind denne gong.. Altså Storm og Yr, kvar vart finevèret som skulle kome på ettermiddagen av egentleg???

 Bømlabrua og Stordabrua i det fjerne.

Og jaudå, mine mistankar stemde. Her sto "vindvimpelen" rett ut i mi retning. Kraftig motvind...

Jaja, eg sykla innpå brua med godt mot (eller, egentleg ikkje, men bestemt iallfall;) ). Etter to meter trua ein vind som ikkje kunne bestemme seg, med å filleriste meg, og eg såg føre meg meg og sykkel i fint "traktdriv" oppover og anten ut i vegbana eller over gjerdet (i ekte "USA-hus-og-bilar-som-forsvinn-i-virvelvinden-opp-i-intet-style", og plutseleg sto eg bang i ro sjølv om eg trødde.... Javel, på tide å ta apostlenes hester i bruk. Så då vart det GÅING 1 km over brua.... Sånn kan det gå ;)

Etter brua sykla eg målbevisst mot neste bru.. Det er desverre slik at har ein sykla over ein veg, så må ein som regel tilbake og... Og her gjekk det betre. I sneglefart gjekk det over brua med sterk sidevind. Og små ting som t.d. at ein lastebil køyrer forbi mange meter vekke, i vindretning, er kjempeskummelt. Eit vakuum oppstår før du plutseleg får kraftig sidevind igjen. Heldigvis har eg sykla nokre mil før, så dette var eg føebudd på... Men det må seiast at eg var glad når eg var på fastlandet igjen ;)

Resten av turen gjekk i MOTVIND.... Eg trakka og trakka, men når eg såg meg rundt såg det egentleg ikkje ut som eg bevega meg noko særleg. Hahahaha, jaja, ekstra trim ;)

Men alt i alt ein fin tur der kroppen faktisk fungerte nokelunde greit etter omstenda. Vatn, Yt og 2 ibux gjorde at eg klarte å styre unna den ekle haudverken og føtene sovna først etter 5 mil, og då berre lengst framme på eine foten! Og i mitt tilfelle er det bra;) Til og med bakdelen, UTAN sykkelbukse, hadde det heilt fint heile turen. God naturleg polstring er gull verdt ;) Greit å ha litt fordelar av bakdelen sin og ;) Og det beste av alt; å sykle til Bømlo er gratis, mot 170 kr kun i bompengar med bil! ;)

 Turen i dag:)



Kupert ja...
 
 
Nerdefakta:
Avstand: 76,94 km.
Tid: 4 timar og 54 minutt (i sykkeltid inkludert GÅING 1 km over Bømlabrua... Og så må eg huske på at eg syklar på tung hybridsykkel med piggdekk for tida... Ein kan ikkje forvente det same som med racer då...)
Total høgdestigning: 763 meter.
Puls: snitt 168, maks 189.
Kaloriar brukt: 2927 :D (i kveld blir det is;) ).
 


søndag 10. mars 2013

Ny tur i "island"

Første sykkeltur denne sesongen i dag! Eller, det er jo feil for eg syklar jo til jobb stort sett 5 dagar i veka. Men første trimtur då ;)

Ikkje fornøgd med meg sjølv i dag; ilt i haudet etter 15 minutt (kva i alle dagar kan eg ha i meg for å få nok væske i kroppen? Ei kroppsanalyse denne veka bekrefta at eg har alt for lite vatn i kroppen :/), tung i beina (som vanleg), mykje knoting, roting og feilsykling og tilslutt ei ekstremt dårleg tid! Jaja, sånn vart det i dag ;) Men fint var det:D

 Flott og kaldt i dag! Takk og pris for merinoull og buff ;)

Asfaltidyll:)
 

 Grus... Framleis ved godt mot ;)

Innsåg at vegen eg hadde tenkt å sykle kun var ein islagt traktorveg, og fortsette difor rett fram i staden for. Rundt første sving møtte dette meg...

Sykla eit stykke på isen før eg snudde og prøvde den vegen eg egentleg hadde tenkt å prøve, men her mista eg motet. Prøv å dra med deg ein sykkel på glatta opp bakkane når du sjølv prøvar å halde deg på beina på sykkelsko (og du veit dette er vegutsiktene dei neste ca. 5-6 kilometra)! Så her sa det stopp for ein friskus i dag;)
 
 Gult er kult ;)

Vende snuten heimover, men kom fort på at eg hadde jo sykla forbi ein "grusvegavstikkar" på veg opp. Pyttsann, eg prøvar den! For er det noko ein friskus ikkje likar, så er det å snu! ;)

 Møtte sjølvsagt på dette igjen rundt første sving, men det går fint det så lenge det ikkje er bratt opp :) Eg har jo gode piggdekk!

Idyll igjen! (Haha, ja humøret og "trua" har svinga kraftig i dag ;) I eit vegkryss møtte eg og eit eldre ektepar som var meir enn behjelpelege med å forklare ei "tilsnørra" friskusjente kva veg ho skulle velje. Jammen skjønte dei kvar eg hadde tenkt meg hen og;)
 
 Plutseleg vart det asfalt igjen:) Herfrå gjekk det smertefritt (nåja...Sånn bortsett frå haudet då) på asfalt til Litlabø, Sagvåg, Heiane og tilbake til Leirvik.

Etter å ha møtt på eit høgt gjerde rett over sykkelvegen, og "knotesykling" nok ein gong, kom eg endeleg til idylliske andedammen :)





 Kvernhus faktisk! Ikkje så lett å sjå dei, men der er to stk. :)

 Sykkelcomputeren bikka 1000 km i dag. 5 mnd etter at den vart plassert på sykkelen. Ikkje akkurat uvanleg mykje på 5 mnd, men likevel OK sidan det er 5 mnd med vinter det er snakk om ;)

 Dagens "knoteløype". Haha, syner ikkje så godt her, men ein kan sjå litt avstikkarar og "rundtsykling" her og der ;)

"Pulse gone wild" i dag... Uffameg...
 
 
Nerdefakta:
Avstand: 33,60 km
Tid: 2 t 38 min (dette her er jo nesten flaut å skrive! Det er jo mileviiiiis (bokstavleg talt) frå siste Eidsvoll-Oslo (6 mil) resultatet på 2 t og 7 min :/ Jaja, sånn er det! Og så er det jo ikkje så mykje "grussykling, "issykling", "sykle seg vekk", "gåing på is med sykkelen på slep" og "bildetaking" på Eidsvoll-Oslo då.... "Ro, ro, ro" ;)
Høgdestigning: 450 meter
Kaloriar brukt: 944
Puls: snitt 154, maks 186.