Sider

torsdag 4. april 2013

PÅSKESOL!

Ja, då er påska for lengst over, og for ei påske det var! Bortsett frå regn og snø i Venezia og heller kalde soldagar her heime, var det supert!

Let stort sett bileta tale for seg:)

Starta påska med ein gåtur inn i Vatnadalen på Stord:

 Happyface:)

 Framleis kaldt!

 Sauer på beite:)











 Ninja!


Etter dette gjekk turen til Venezia. Her er berre nokre få bilder frå det, for dette er jo ingen "byreiseblogg" ;)



 Speidar etter Casanova på "vannhullet" hans ;)

Tihi ;)

Mmmmmmmmm! Venezias beste pizza! Pizza med spinat, mozarella og ricotta:D Og så "Spritz" då ;)

Venezia oppsummert; paraplyar, regnponchoar, regn og snø.
 
 Så gjekk turen heim til Blakset (Stryn) og skikkelege fjell med påskesnø og påskesol! ;)
 
Pause! Sta friskus "trossa" rygg og leggar og drog med seg all mat, drikke og kle til hytteturen i ein sekk på 15-20 kg (sjølv om sekken hadde tilbod om anna transport;) ). Nei her skal ein bære alt sjølv! ;)
 


 Sleta! Eg er ikkje god på å bære tung sekk...

 Så fekk eg selskap av spreka Raudi:)

 Og fekk meg påskelunsj;)

 Og såg sola igjen:D

 :)

 "Monsterbakken"..... Ein av tre ;)

 Og akkurat her hadde det nok vore greitt å ha ski i staden for truger...



 "Nygårdselet" til spreking Raudi sin familie.
 
 Spreking Raudi finn vegen:)

 Mitt transportmiddel :)

Spreking Raudi prøvar å få hetta av skorsteinen.....
 
 Hahaha, men så kom ho på reiskapen som ligg inne i selet ;)



 Friskus i rett element ;)
 
 
Nerdefakta turen opp til Raufjell:
Avstand: 5,57 km
Tid: 3 timar og 44 minutt (inkludert ein god påskelunsj på heile 50 minutt faktisk (i fylgje pulsklokka mi);) )
Total høgdestigning: 635 meter
Kaloriar brukt: 1917
Puls: snitt 149, maks 188








 
 



 
 
 Dag 2 i fjellet. Meir strålande sol! Raufjell på sitt beste :D

Friskus i sol (og ja, eg har fått kommentarar på at eg er for bleik til å ha vore på påskefjellet, men sånn er det - eg blir ikkje brun! Men sola er like god å sitje i likevel ;))

 Levegg ;) Funka ikkje så veldig bra, men pynta no opp! Haha ;)

 Retropåske :)



 Raufjell :D
 
Nerdefakta turen nedatt frå Raufjell:
Avstand: 5,07 km
Tid: 1 time og 19 minutt
Total høgdestigning: 3 meter (haha)
Kaloriar brukt: 488 (var jo ikkje verst det for ein time nedoverbakke!)
Puls: snitt 139, maks 176



 








 
 
Så var det tilbake til verklegheita.... 

 Snø og skodde sett frå stova til mamma og pappa...

 På veg til Stord igjen. Utsikta frå Førde lufthamn. Vil opp på det fjellet! Skal tru kva det heiter...
 
 
Vel tilbake på Stord var det plutseleg 1,5 t å vente på bussen... Og taxi syns eg er for luksus... Så kva gjer ein friskus då? Jau, lempar på seg ca. 20 kg på ryggen (heldigvis bag med "bærefunksjon") og ca. 5 kg på magen og labbar i veg (og prisar seg lukkeleg for at valet fall på joggesko i dag!). Vel 5,5 km seinare var eg endeleg framme (FØR bussen heldigvis! ;)). Fekk meg jammen ei bra og uplanlagd treningsøkt! ;)

 Pakkesel...



Påska vart så avslutta med heimelaga spinat- og blomkålsuppe. "Mat for Mons":D