Sider

tirsdag 26. november 2013

Voss vind!

Friskusen i meg har ikkje fått utfolde seg i det siste, men endeleg (!) er eg operert for kompartmentsyndrom i ein legg, og om ei veke kan eg forhåpentlegvis trene som normalt igjen fram til neste operasjon.

MEN, i går var eg og mange andre (mellom anna Friskus Helleren) i vindtunellen på Voss vind. Og for ei oppleving! Dette anbefalast på det sterkaste!

Å skulle ut i "ukjent terreng" er jo alltid litt spennande, men dette var absolutt ikkje noko å grue seg til. Det var ikkje skummelt, men likevel ganske så utfordrande. Det eg syns var vanskelegast var nok å lære seg kor små bevegelsar som skulle til, og det var lett å gløyme at instruktøren overdreiv sine bevegelsar for at det skulle bli enkelt å sjå kva han ville. Men det gjekk, og på slutten av andre (og siste) tur klarte eg til og med å ligge litt stabilt og svinge rundt i ein sirkel (haha, det høyres jo ikkje vanskeleg ut i det heile, men det var det!).

 Først litt instruksjon



 Inne i sjølve vindtunellen vart litt data, som t.d. vindhastigheit, vist. Vi låg på opp mot 200 km/t (+ - alt etter vekt o.s.v. (trur eg)), som cirka skal tilsvare eit fallskjermhopp

 Skeptisk, men klar!

 Første tur i tunellen (dessverre var det vanskeleg å få til gode bilder...)

 Runde to (kvar av oss fekk 2*1,5 minutt inne i tunellen)

 Runde to i vindtunellen

 Happy, happy!

 

Konklusjonen er; eg skal definitivt tilbake!