Sider

søndag 5. januar 2014

Catslide med pusesokkar

Søndag og sletne føte etter for mykje einsidig hardtrening for føtene i jula... På tide å tenke nytt. Så kom eg på "catslide-timane" eg var på då eg studerte. Så eg fann fram sokkar, grå til føtene og lekkert rosa til hendene, og sette i gong etter dette vakkert illustrerte treningsprogrammet!








Den her siste "stjerneøvelsen" vart vel litt modifisert... Den var gjennomført! Men kanskje ikkje heilt etter "boka"...

Tida vart 28.51 og kjernemuskulaturen fekk iallfall køyrt seg!