Sider

tirsdag 31. desember 2013

Skogsbootcamp

Ferie. Usunn mat. Ikkje treningssenter. Ikkje lov til å jogge så mykje. SKOGSBOOTCAMP!




OK plass for litt trimmings. Passe oppvarma etter ca. 30 min trasking opp nokre høgdemeter!




2*1 min planke






6*10 "rumpehev"






Ferdig! Klar for 15 min jogging tilbake til utgangspunktet! (?)

onsdag 25. desember 2013

Julefriskus

Bilder frå ei friskusjul!

































Til rumpa i snø! På tide å finne fram trugene?












Julefrukost



Vêromslag - så kom våren!









1. juledagkakaotur



"Wannabefriskusen" fekk seg passande sitjeunderlag i julegave



Friskus Rand var med på sesongen sin første skitur



Underteikna med nyinnkjøpt julegåve til seg sjølv!












Supert selskap, ok vêr, dårleg føre



Juleskipause



Juleskipause 2 - julekaker og julekuler!











Og NO skal eg teipe hælane mine og leike friskus igjen i morgon!

tirsdag 26. november 2013

Voss vind!

Friskusen i meg har ikkje fått utfolde seg i det siste, men endeleg (!) er eg operert for kompartmentsyndrom i ein legg, og om ei veke kan eg forhåpentlegvis trene som normalt igjen fram til neste operasjon.

MEN, i går var eg og mange andre (mellom anna Friskus Helleren) i vindtunellen på Voss vind. Og for ei oppleving! Dette anbefalast på det sterkaste!

Å skulle ut i "ukjent terreng" er jo alltid litt spennande, men dette var absolutt ikkje noko å grue seg til. Det var ikkje skummelt, men likevel ganske så utfordrande. Det eg syns var vanskelegast var nok å lære seg kor små bevegelsar som skulle til, og det var lett å gløyme at instruktøren overdreiv sine bevegelsar for at det skulle bli enkelt å sjå kva han ville. Men det gjekk, og på slutten av andre (og siste) tur klarte eg til og med å ligge litt stabilt og svinge rundt i ein sirkel (haha, det høyres jo ikkje vanskeleg ut i det heile, men det var det!).

 Først litt instruksjon



 Inne i sjølve vindtunellen vart litt data, som t.d. vindhastigheit, vist. Vi låg på opp mot 200 km/t (+ - alt etter vekt o.s.v. (trur eg)), som cirka skal tilsvare eit fallskjermhopp

 Skeptisk, men klar!

 Første tur i tunellen (dessverre var det vanskeleg å få til gode bilder...)

 Runde to (kvar av oss fekk 2*1,5 minutt inne i tunellen)

 Runde to i vindtunellen

 Happy, happy!

 

Konklusjonen er; eg skal definitivt tilbake!

mandag 14. oktober 2013

Skrekkblanda fryd og melkesyre på Geilo!

Det er lite nemneverdig friskusaktivitet for tida, men denne helga må seiast å ha vore bra på den fronten! 4 jenter sette kursen mot Geilo i STRÅLANDE sol!

Utsikta frå bussen lova godt!

Helga var sett av til sykkel-/fjelltur laurdag og ein tur i høgdeparken søndag. Perfekt blanding av natur, trening, slit, gode opplevingar og utfordringar, spør du meg.

Laurdagen starta med at vi henta leigesyklane våre på Geilo sommerpark, og turen gjekk oppover mot Prestholtseter. Og her var det stigning gitt. Og den tok heller aldri slutt. Sola steikte, svetten rann og hjula trilla. Endeleg, etter 14 km og ca. 540 meter total stigning på sykkel kom vi fram til Prestholtseter der ALLE, som ikkje gadd å vere så spreke som oss, hadde parkert. For ein trafikk, og for ei massevandring på ein slik flott haustdag. Det var visst ikkje berre vi som syns fjellet var eit sjølvsagt val ein slik dag...

 Morgonsol

 Klar for sykkeltur!

 Litt startproblem og mekking...



 
 
 Målet for sykkelturen og start for fjellturen rett der framme, og bilar parkert i lang, lang rekke!

 Status ved aktivitetsskifte på Prestholtseter



 Ein pust i bakken



Opp DER skal vi!

Turen gjekk vidare til fots opp Prestholtskaret til Hallingskarvet. Trappetrin på trappetrin i kø! Og beina var ikkje heeeeeilt fornøgde med bratt oppstiging etter høgdemetra på sykkel...

http://www.geilo.no/vaar-sommer-hoest/se-og-gjoere/turer-og-utflukter/prestholtstien/



 Prestholtskaret

 
Etter at vi kom opp på skarvsenden på ca. 1700 m.o.h. sleit vi litt med å finne den merka råsa vidare, så vi enda ikkje opp ved varden med turboka (så den fekk dessverre ikkje autografane våre...), men fann oss i staden ein eigen varde med god, god utsikt. I kilometer var vi komne så langt som vi skulle.

 På Hallingskarvet! Prestholtseter med bil på bil på bil på bil der nede...

 Status på topp

Oh yes; crazy people, de galne har det godt etc, etc...

Turen ned igjen gjekk ganske kjapt. Syklane skulle leverast seinast kl. 17.00, og underteikna stressa med tanke på kor dårleg eg likar å sykle fort i nedoverbakke på grusveg! Men syklane vart levert med god margin, og underteikna kan skrive under på at god terrengsykkel med feite dekk gjev ein mykje betre tryggleiksfølelse enn racer- eller hybridsykkel.... Spørst om det må bli ny sykkel på meg ;)

Nerdefakta sykkel- og fjelltur til Hallingskarvet opp Prestholtstien:
Lengd: 34.38 km.
Tid i alt (med pausar): 6 timar og 7 minutt.
Høgdestigning: 1138 meter.
Kaloriar brukt: 1781.
Puls: snitt 152. Maks 189.

Hallingskarvet ;)

Søndag kom med meir sol. Og turen gjekk til Geilo høgdepark.

 Ei kakaopause før tur i tretoppane


No skulle psyken utfordrast og meir eller mindre krevande hinder forserast i tretoppane. Etter klatreselepåkledning og nervøs straming av magebelte for nokre av oss, fekk vi ei kort innføring i sikring og måtte ta oss gjennom ei kort testløype før instruktøren slapp oss lause i dei 31 hindra i høgdeparken. Fortumla og lett sjokka over at vi allereie skulle klare oss sjølve måtte vi spørje instruktøren ein gong til, om ho verkeleg meinte vi skulle klare oss sjølve, før vi tok sjansen på å klatre opp den første taustigen. Etter at ei noko krass instruktørdame hadde sagt "ja, jeg sa jo det" måtte vi berre fint innfinne oss med at det var ingen veg tilbake. Underteikna merka sug i magen allereie i første taustige, og det vart ikkje akkurat betre då eg oppdaga at eit av dei første hindra var å kaste seg (sleppe seg noko forsiktig) i fritt fall (vel...hengande i ein trygg sele då...) ut i intet mot eit nett mange mil vekke (ehm....nokre meter). Eg klarte heldigvis å "practice what I preach", og kaste meg i det utan ALT for mykje nøling. Og så var det jo faktisk ikkje så gale då... Sjølvsagt!

 Friskus Handeland har akkurat "kasta" seg frå plattforma mot nettet

Oh yes! Adrenalinglede i lange baner etter at eg nettopp har landa i nettet!

Etter dette gjekk det slag i slag med hinder, ziplines o.s.v., o.s.v.

 Friskus Handeland i fin "ziplinelanding"

 Adrenalin ja...

 Friskus Melheim i fint driv opp taustigen
 
 Friskus Melheim i zipline

Friskus Helleren hadde ein heller avslappa stil ;)

Friskus Helleren i fint driv
 
 Fantastisk "ziplinelanding" av friskus Helleren ;)

 Friskus Nytun i fint driv



 Happyface * 2

 Friksus Handeland forevigar Friskusane Helleren og Nytun frå plattforma




 


 Friskus Handeland i startgropa for den høgste ziplinen

 Friskus Nytun på startstreken. Adrenalin i lange baner!

 Friksus Nytun.... Ehm, gått inn i transe eller noko liknande..? Ser lettare berusa ut... High on life? Iallfall klar for å "hoppe ut i intet"

Og der var det ingen veg tilbake! (For fjerde gong ;) )

Ein pust i bakken måtte til

Og så måtte hausten nytast litt fredeleg og då :)
 
 
 
Og eg lever enno på opplevingane, og vil nok gjere det i lang tid!