Sider

mandag 30. juni 2014

Den store ministyrkeprøva

I helga var det klart for den store styrkeprøven! Eg har verken form eller psyke til den verkelege styrkeprøva Trondheim-Oslo, men minipinistyrkeprøven Eidsvoll-Oslo, på knappe 6 mil, har eg no sykla 5 gongar, med varierande resultat. For det meste er det vêret som er grunnen til forskjel i snittfart og tid.

2007: 8. plass i min klasse. Tid: 2.20.20. Snittfart: 25.66 km/t (terrengsykkel)
2008: 4. plass i min klasse. Tid: 2.29.35. Snittfart: 24.07 km/t (terrengsykkel)
2009: 5. plass i min klasse. Tid: 2.09.46. Snittfart: 27.74 km/t (terrengsykkel. Trur eg..?)
2010: 2. plass  i min klasse. Tid: 2.07.19. Snittfart: 28.28 km/t (racersykkel)

Resultata er det kun min superspreke pappa som kan ta æra for (og han hadde nok sykla mykje fortare utan meg å ta omsyn til) sidan eg er ein såkalla "hjulsleikar". Men eg syklar sjølv, utan tau fram i pappa og utan støttehjul! Ikkje verst berre det...

Dette bildet var i ekstremt dårleg kvalitet, men her er vi iallfall, med medalje rundt halsen og greier!

I år var eg plutseleg i den knallharde "30-34-års-klassen" og sjølv med ny pers enda eg på ein femteplass i klassen. 


Ved Olavsgaard vart mellomtida registrert. Og den her bakken ved Olavsgaard, den likar eg ikkje! Her var eg på nippet til å bremse ned pappa der framme, men fann ut det var lurast å henge på utan å seie eit einaste ord i staden for. Brillene dogga og vi plukka rytter på rytter opp bakken. Vi er jo vestlendingar! (At eg vart saftig forbisykla i alle nedoverbakkane er ikkje så nøye... Ja, eg er vestlending, men eg er og ein pysefriskus)

Knappe 8 minutt bak vinnaren i min klasse, kom eg i mål. Målet var flytta sidan sist eg var med og eg vart overraska og ganske skuffa då eg fann ut at eg plutseleg var i mål utan å ha fått brukt det ekstra giret som brukar å kicke inn siste stykket... Tida i år vart 1.58.24, med snittfart på 28.89 km/t. Tida kan ikkje heilt samanliknast med dei andre åra p.g.a. ny trasé på slutten, men etter at ein har sykla over mål skal ein likevel sykle vidare til der mål var dei andre åra (forstå det den som kan, men det har vel noko med at det gamle målområdet er lite eigna for spurt...) og etter ein "kjik" på klokka då eg var der, fann eg ut at eg uansett har persa i år. 

Skulle tru eg hadde vore med på den skikkelige styrkeprøva...




Så får vi sjå om hjulsleikaren set ny pers på vegane inn mot Oslo neste år og!

mandag 23. juni 2014

Historia om pysa og Via ferrata Loen

Bak hotel Alexandra i Loen ruvar ein tilsynelatande uframkomeleg fjellvegg - iallfall for oss "A4-menneske". Nokre lure folk etablerte ein via ferrata her. Noko eg no er veldig glad for at dei gjorde. Via ferrata kan fritt oversetjast til m.a.  "jernveg" eller "klatresti" eller kanskje meir nøyaktig "klatresti med wire". Essensen er iallfall at det er ein stålkabel som går langs ei klatrerute. Stålkabelen er festa til fjellet med jamne mellomrom, og denne kabelen er di sikkerheit der du dinglar fleire hundre meter over avgrunnen. Kor tilrettelagt sjølve klatreruta er, varierar frå via ferrata til via ferrata. Eg hadde sett bilder frå Tysso via ferrata i Odda, der det såg ut som det var lagt ganske greitt til rette med "stegjern" å klatre på. Det var det ikkje så mykje av i Loen... (No har eg heller ikkje gått Tysso via ferrata, så mogleg det er eindel klatring der og altså). 

Via ferrata Loen går oppover mot fjelltoppen Hoven, 1010 m.o.h. Turen startar i området rundt hotel Alexandra og det er bratt stigning opp mot innsteget for via ferrataen. Sjølve via ferrataen startar 440 m.o.h., så ein får gått seg heite før ein tek til på klatringa (og ein slik pulstopp er slett ikkje dumt for å roe nervane heller!)

Følelsen eg hadde før start!

Advarsel, danger! Følte det var eit passande skilt i starten av turen. No skal det seiast at dette ikkje hadde noko med via ferrata å gjere då...

Ved "prøve-via-ferrataen" som ein møter på eit stykke før innsteget på 440 m.o.h.


Så var vi der, ved innsteget 440 m.o.h. Klar?!


Så var vi i gang!


Og høgdeskrekken ville ikkje fram...

... Takk og pris! Men utfordringa var jo heilt klart at eg absolutt ikkje kan å klatre. Heldigvis er eg utstyrt med ekstrem staheit, så der eg ikkje klarte å gjere det på skikkeleg måte lempa eg rett og slett meg sjølv opp etter hendene. Sikkert ikkje eit vakkert syn og sannsynlegvis til skrekk og gru for mine "med-via-ferratarar", men det funka!


Her og der kunne vi ta oss ein pust i bakken, kople oss ut og skryte av oss sjølve og kvarandre! (Og sleppe andre med høgare marsjfart forbi ;) )


Loen blir mindre og mindre! Humøret større og større!


Ingenting å seie på utsikta!




Gjølmunnebrua. Mange sin store skrekk.

Så var vi komne til Gjølmunnebrua. 750 m.o.h., ca. 120 meter lang, 35 cm brei og 170 meter over gjølet den går over. Denne hengebrua skal visst vere den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er nyare enn den opphavlege via ferrataen, og i dag kan ein velge å fullføre via ferrataen anten rett opp, eller på den andre sida av brua.







Vi tok like godt og gjekk brua to gongar, slik at vi kom inn på den "originale" via ferrataen siste stykket og. Vi hadde fått beskjed om at den nye traseen ikkje var like utfordrande, så då måtte vi jo sjølvsagt gå tilbake og ta det mest avanserte alternativet. Så har vi iallfall meir å skryte av! Vi er ikkje så gode på dette med å innsjå eigne begrensingar... På dette tidspunktet var eg blitt ganske sleta, banneorda sat dessverre laust og klatringa var plutseleg meir vanskeleg enn før. Men med hjelp av min geniale (?) teknikk (og "heiarop", eller iallfall oppmuntring frå dei andre) kom eg meg opp og 880 m.o.h. kopla vi oss av sikringa. No var det kun fjelltur igjen opp på Hoven og nedatt til Oppheim. Litt letta, litt euforisk og ganske så deileg sleta!

Det var visst framleis litt energi igjen.



Flott utsikt mot Lodalen!

Dette bildet fann eg på Loen active sine sider. Her ser ein turen og dei to alternativa ein kan ta når ein kjem til brua.

Og sånn ser leggar og kne ut no etter turen!

Så då må eg berre seie at dette var FANTASTISK! Tuuuuuuuusen takk til friskus Rand og bror Rand for ei fantastisk oppleving for meg og friskus Lind-Jenssen!

(Dei fleste bilda er tekne av bror Rand :) )

mandag 16. juni 2014

Kvar går grensa

for kva kroppen kan tåle? Det har eg ikkje funne ut og har heller ingen planar om å finne det ut. Men, det er særleg to gongar eg føler at eg har vore nærare eit svar på det. Nemleg under Marka24 2013 og Marka24 2014! Slitet i fjor skremde meg tydelegvis ikkje, og faktisk så hadde vi lagt opp til ein meir ambisiøs tur (for oss) i år enn i fjor. Sjølv om eg og min medfriskus i år var på sjølvstyr.

Sekken vart iallfall pakka i år og. Så vart den pakka ut igjen og pakka eit par gongar til. Her skulle kvart gram som skulle bærast med, ha ein funksjon! 

 

Med friskt mot og (kanskje) overdriven tru på oss sjølve, la vi i veg frå Sognsvann, med sola steikande i nakken og svetten allereie piplande. Bakkane ville ingen ende ta og vi starta saftig med 469 meter total stigning til første post ved Skjennungstua. Marka er ikkje flat! Sjølv om vi vestlendingar likar å tru det.


 
Post 1: Skjennungstua.
 
Kilometer etter kilometer vart tilbakelagt og timane og postane hagla. Huhei, dette gjekk bra!
 
 
Post 2: Studenterhytta.

Post 3: Kobberhaughytta.
 
Studerar vegen vidare frå Kobberhaughytta, og luftar sure tær og gnagsårsokk. Dette er ein gnagsårsokk som faktisk fungerar! Eg fekk berre gnagsår der eg ikkje hadde slik sokk.
 
 
Post 4: Bjørnholt.

 
 
Post 5: Middagskollen.

Ved Langlia og Sandungen gjekk entusiasmen noko meir i bølgedalar og kart og realitet stemde plutseleg ikkje heilt overeins... Eller kanskje var det eg og min medfriskus som ikkje var heilt på nett på dette tidspunktet... Uansett vart postane oppspora.
 
Post 6: Langlia.
 
Kveldssol ved Langlia.
 
Sein kveld ved Vesle Sandungen.
 
Post 7: Sandungen.
 
Sein kveld ved Store Sandungen.
 
Store Sandungen.
 
Det var no på høg tid med middag, men det freista ikkje med middag med knott på, så vi valde å rusle gjennom skogen i retning Hakkloa. Vi hadde tenkt å kome inn på ein veg etterkvart, men råsa langs Store Sandungen ville ingen ende ta. Ut av skogen kom vi iallfall og bestemte oss for å "campe" akkurat der, i suset frå elva, etter 12,5 time og 4 mil.
 
Måneskin over "rasteplassen". Kl. 00.30. (desse nattlege bilda vart ganske dårlege med iPhone)

Tommel opp og klar for resten av turen. Kl. 02.30.
 
 

Ikkje akkurat utkvilde, men iallfall framleis blide!

Turen gjekk vidare mot Gørja, etter at vi heldigvis vart losa i rett retning av nokre veldig snille medkonkurrentar! Vi ser heilt klart fordelen dei som er kjende i marka har, men å ikkje vere kjende gjer det jo berre meir utfordrande, og det er jo spennande. Det er vel litt på grunn av utfordringa ein er med på dette og vel..? (Men neste år blir det vel kanskje ein GPS med på tur...)

Det var iallfall god stemning på veg mot Gørja. Vi var blide, fuglane sang og morgonen venta rett rundt hjørnet.
 
Snart morgon ved Helgeren.
 
Helgeren.
 
Kilometerane rasa avgarde og vips så var mila til Gørja tilbakelagt.
 
Post 8: Gørja.

Morgonsol.

Sånn cirka rundt Tømtehyttene vart humøret noko svingande igjen. Kartet synte at vi hadde laaang veg igjen enno og vi hadde ikkje heilt klart føre oss kvar vegen skulle gå vidare.
 
Post 9: Tømtehyttene.
 
Eit dumt vegval, og ynskje om å gå på veg tilbake til mål, førte oss heilt til Skar. Vår siste post, Fagervann, måtte vike for å nå målstreken i tide.

Siste del av turen gjekk mellom anna eit stykke på asfalt og markaopplevinga vart ei lita stund bytt ut med følelsen av å vere med på sykkelritt. I det fjerne kunne vi skimte eit mål, ikkje eit Marka24-mål, men eit sykkelritt-mål. Då vi nærma oss vart vi bedne om å anten gå ein pittepitteliten omveg rundt målområdet, eller eventuelt vente 5 minutt til syklistane hadde passert. Etter rask reklame for Marka24 og forklaring om at vi sjølve var med i ein viktig konkurranse og slett ikkje hadde tida å vente, traska vi oss rundt målområdet. Eg såg på mål og ynskte i mitt stille sinn at Marka24 hadde hatt sitt mål i Maridalen i år...

Vi gjekk og vi gjekk. Tomme for vatn, meir og meir haltande og i ein kamp mot klokka. Eller, det var ingen kamp, for klokka hadde allereie vunne. Kilometerane passerte og då vi endeleg gjekk, solbrende, svette og dehydrerte, i sikksakk mellom bikinikledde og frisbeekastande Osloborgarar ved Sognsvann, kunne vi høyre at speakeren i målområdet annonserte vinnarane og takka for årets Marka24. Haltande kom vi, etter cirka 7,5 mil, i mål då andre var på god veg heim. 54 minutt etter 24-timers-fristen. Eit saftig poengtrekk på 117 poeng vart det. Surt, ja! Men vi fekk applaus over målstreken og vår ambisiøse plan vart gjennomført. Og neste år, Marka, då er vi kanskje væpna med GPS! Snakkast ;)