Sider

lørdag 23. februar 2013

Vintertur til Siggjo og Brandasund

I dag har det endeleg vore litt "friskusaktivitet utanom det vanlege" igjen:)

Turen gjekk til Siggjo på Bømlo (Bømlo sin høgste fjelltopp. Tidlegare skildra litt her: http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/08/nye-joggesko-siggjo-og-lite.html ). Flott tur, men i gårkveld låg eg som ein ball på sofaen i tre timar med kvalme og "magevondt". Trudde eg var bra i dag, men "den gang ei"! Kjempa mot kvalmen heilt frå parkeringsplassen og opp! Så i dag var det "halvdelen" som faktisk låg på 1. plass heile turen og kom heile 5 min før meg på toppen (trur han har ein fordel med ein smule lenger bein når ein skal til med "Tarzanfakter" og). I tillegg var det (som mine kollegar egentleg hadde sagt til meg...) myyyykje is. Det vart ein skikkeleg ekspedisjon med klatring, "aking", hopping og generelle "Tarzanfakter" som nemnt over. Det rare var at mange andre og hadde teke turen på glatta... Nei, nordmenn altså! ;)

Ei stund var eg ein smule frustrert over situasjonen oppi bakkane der, men alt i alt har eg sakna "friskusutfordringar" i det siste, så dette var vel kanskje det som måtte til;)



 Eg let bileta tale for seg:






















Etter turen køyrde vi rett og slett i motsett retning av heim, og vende snuten mot Brandasund heilt nord på Bømlo ( http://www.brandasund.com/norskIndex.html ).

Og for ein idyllisk plass! Turen går definitivt ut her igjen til sommaren! I kajakk kanskje;)












 Møtte på ein kjekk kar! :)
 Slåande likheit!




No skal beina opp i sofaen resten av kvelden (skal berre rydde litt... vaske litt kle.... henge opp litt kle...;))