Sider

tirsdag 14. mai 2013

Friskusar med våtkort :)

ENDELEG var helga her, og FOR ei helg! Kajakkurs med "Padleåro" på Fitjar, sto for tur! Eg har hatt lyst til dette lenge, men vissheita om at eg må pushe nokre grenser på eit slikt kurs har vel gjort sitt til at eg ikkje har vore så aktiv med å få det til. Men no var tida inne. Av og til (ofte) må ein la vere å høyre på uroa si, og "just do it"! Heldigvis kom tre gode veninner heile vegen frå Måløy/Eid/Leikanger for å vere med på galskapen ;) Og etter mykje "om og men" klarte vi og å utstyre oss med våtdrakter og diverse, sidan våren har lete vente på seg.... Av den grunn var det heller ikkje så enkelt å oppdrive våtdrakter..Europris hadde enno ikkje bytt ut termodressane med våtdrakter;) Men friskusar let seg faktisk ikkje stoppe av litt vinter i lufta, og etter heroisk innsats frå fleire plassar var våtdrakter, jenter og anna på plass på "Stord resort" (ikkje mitt påfunn, det namnet der ;) ).

Etter litt innkvartering, mat og (forhåpentlegvis) litt vin valde vi å prøve ut klesdrakta for morgondagen... Saman med Veneziamasker som jentene hadde fått i turgåve med verten. Vel.....Vi såg vel mest ut som vi heldt på å planlegge noko suspekt og mislukka, men morsomt var det!

 
 
Kvelden gjekk, og dagen etter var det opp og hoppe kl. 7. Ei litt trykka og spent stemning breidde seg i heimen. Etter litt kom vi oss i bilen og fann (etter litt sightseeing) fram til rette plassen.
 
Kurset starta med at eg følte for å vere open og ærleg om skepsisen min, men eg må seie instruktøren fort beroliga dei som hadde behov for det :)
 
Etter å ha overvunne ein skepsis til å byte til bikini og våtdrakt midt på parkeringsplassen vart kajakkar lempa, vi fekk på oss vest og spruttrekk og basickunnskap om kajakken og "kome-seg-oppi-metodar" vart gjennomgått.
 
Helseguru/Friskus (fekk velfortent ekstranamn i løpet av kurset) Unni og Friskus Rand trygge på land.


Friskus Nytun ved godt mot... På land ;)
 
"Plutseleg" vart vi skubba til havs, og eg klamra meg usikker til bryggekanten medan eg venta på dei andre.
 
 
Etter litt rask opplæring i enkel padleteknikk bar det på tur rundt Eldøya. Eg kjende eg padla seint fordi eg ikkje våga å bevege meg så mykje i kajakken, og eg innsåg vel fort at eg er den største landkrabba av oss alle ;) Jaja, større utfordringar i møte då, og det er bra!
 
 Matpauseidyll:)
 




 Helseguru/Friskus Unni

 Friskus Rand ;)



 Friskus Melheim:)

Turen rundt Eldøya vart avslutta med sol tilbake til Grønavikjo der vi hadde starta.



Ahhhh:)
 
 Ca. 5 km på tur første dag.
 
 
Stemninga var på topp, men ein ting "gnog" i meg; NO skulle det "badast", som instruktøren så fint kalla det....
 
"Badinga" starta med at vi skulle ut av sittebrønnen (utan å "velte" i vatnet), kome oss opp på kajakken og "åle" oss framover til vi kunne kysse lengst framme på kajakken. Målet her var vel egentleg å få eit heller ufrivillig møte med vatnet ein eller annen gong, for å venne seg til vatnet før vi skulle til på den obligatoriske "velten". Alle gjekk i vatnet ( på noko varierande tidspunkt ;) ), og fy for eit sjokk. Det var iskaldt!
 
Så var tida koma for den "frivillige, men obligatoriske, velten". For min del var kulden gløymt, kvalmen steig og munnen vart tørr. Noko så unaturleg å skulle gjere noko sånt, frivillig! Eg må seie dei andre friskusane var tøffe her, men eg for min del tenkte ei lita stundt at "eg får ikkje våtkort, for aldri i verda om eg gjer det der"! Men så bestemte eg meg, vippa under, fann handtaket til spruttrekket, og vips var eg oppe. For ein lettelse! No var kameratredning og cowboyredning (redde seg sjølv) null problem. Ei av mine eigne barrierar var "beseira" ;) Var dette verkeleg noko å grue seg for i fleire år? Eg brukar altså så mykje unødvendig tid på å grue meg!
 
 Friskus Melheim vert instruert i cowboyredning:)

Friskus Melheim sanka ekstra friskuspoeng då ho kasta våtdrakta og bada!
 
Dagen etter kom med meir regn og meir vind ;) Jaja, stemninga var likevel litt betre. Den gamle "Rema-1000-sangen" var sungen forbi Remabutikken, og stemninga var rett og slett ganske så god. Kan det ha med at det obligatoriske skumle var over?
 




 
 
 
 
 
Vel... Eg vart fort stille igjen... For kajakk og vind var eg ikkje førebudd på! Etter første "strekket" med vind tenkte eg at denne dagen kunne ikkje ende godt, og når eg då innsåg at vi skulle over det andre "sundet" der det, etter mi dialekt, "kvita på", vart eg nesten like bekymra som før "velten" dagen før... Eg sleit på og prøvde å halde meg nær dei andre.. Men det er ikkje berre, berre å halde ein forhaldsvis stor kajakk på rett kjøl når vinden og straumen ruskar i den. Når vi endeleg skulle i frå motvind til medvind tenkte eg at eg kunne puste letta ut, men før eg fekk tenkt tanken innsåg eg at eg hadde mista kontrollen på kajakken! Og raskt, veldig raskt forsvann eg utover med bølgene, frå dei andre. Eg kjende at kajakken ikkje lystra, at knepa eg akkurat hadde lært ikkje funka og at panikken kom sigande. Panisk såg eg på instruktøren og syns ho brukte aaaaalt for lang tid på å kome og redde meg (noko som sannsynlegvis ikkje stemmer), og når ho endeleg kom hadde ho visst ikkje tenkt å slepe meg... Neivel.... Eg brukte alle mine krefter på å få kajakken på rett kjøl medan instruktøren ropte meir eller mindre oppmuntrande, og medan eg sjølv prøvde å balansere skrekken for bårene (bølgene) med det eg faktisk måtte fokusere på. Når kajakken nesten var på plass forsvann den igjen... Gong på gong. Men endeleg fekk eit krafttak den på rett veg, og eg jobba konsentrert om å halde den akkurat der den skulle vere. Full "kustus" på kajakken no. Litt betutta og lei stilde eg spørsmålet til instruktøren; "kvifor akkurat min kajakk?".....
 
Når vi rett etter skulle stoppe for lunsj høyrde eg kor det "skvulpa" i kajakken når eg drog den på land. Det viste seg at det framre pakkburet var fullt av vatn.... Aha, endeleg noko (som iallfall ganske mykje) kunne forklare den "løpske" kajakken , og ikkje minst problemet med å ta den inn igjen (vel, litt manglande kunnskap og erfaring var nok heller ikkje til hjelp då ;) ). Den var jo veldig framtung! Ah, der fekk eg eit litt betre syn på meg sjølv, og kom litt ut av holet eg halvvegs hadde greve meg ned i;)
 
 Lunsj på Ivarsøy:)

 "Kvar er vi? Kvar skal vi?"
 

 Friskus Melheim:)

 Friskus Melheim og Frikus Rand:)



 Vått!

Etter lunsj vart verda lysare (for underteikna sin del, iallfall). Vi kom inn i litt meir ly og eg fekk endeleg tida å sjå meg litt rundt :) Det var framleis tungt å padle og halde kajakken på rett "kjøl", men eg merka at så lenge eg ikkje er redd kan både regnet piske og musklane skrike. Det er berre flott :D

Vi gjekk ein svipptur i land på vakre Langøya. Det er fantastisk å kunne drage kajakken på land i ei "ur" og "sprade" på land i neoprensokkar, puste inn frisk luft og kjenne at ein verkeleg leve!

 "Der ingen skulle tur at nokon kunne bu". Friskus Rand har funne sin plass...På Langøya:)




 Meir vått, like blid ;)
 
Når vi hadde runda Ivarsøy i nord, og var på veg sørover igjen merka eg at skrekken verkeleg hadde løsna, og at teknikken vart betre. Eg turde no å bruke kroppen meir, og det viste seg på farten. Deileg å kjenne at det funkar!
 








VÅTKORT I BOKS!
 
 

Dag 2: tur ca. 15 km:)
 
4 slitne, våte, kalde men blide jenter takka kajakkdame Nesse begeistra for kurset og turane, og våtdrakter vart bytte med tørre kle, utan så mykje "blygheit" denne gongen ;)
 

Sjølvsagt klarte eg å gløyme pulsklokka! Veldig irriterande, for eg trur det kunne vore veldig interessant... Men kurset var jo bra utan og ;)
 
 
*Bildene er tekne med iphone gjennom eit sånt vasstett-etui, så kvaliteten er "så som så".
 

Ei flott friskushelg vart avslutta med ein tur i eventyrskogen i Landåsen:
 
 "Stirande-augeskogen" ;)

Hahahaha, heilt uplanlagd foto, men FOR eit blinkskot! Stirande auger som luskar rundt i skogen fekk ein heilt ny dimensjon! ;)
 




 
 






 Familieportrett 1.
 
 Familieportrett 2.









 Verdig avslutning på friskushelg1!

 Verdig avslutning på friskushelg 2! :)





Takk for turen, friskusar!