Sider

søndag 23. september 2012

Søndagstur i Hystadmarkjo naturreservat:)











 
 

















Utsira!:)

Nyyyyyyydeleg vêr for tida, så i går vart det tur til Utsira og Utsira fyr. Først i underkant av ein time i bil, så 1t og 10 min i båt. Måtte opp kl. 7 på ein laurdag, det er ikkje akkurat daglegdags for meg, men absolutt verd det når ein skal noko moro!;)

Her kjem eit bildedryss:

 Vêret sett frå kjøkenglaset lovar bra for resten av dagen:)

 Utsira:)

















 Utsira fyr:)

 Gamletårnet.
 








 Utsira fyr, og kjend som vêrstasjon.











Hehe. Informasjon på ferja;)

onsdag 19. september 2012

Flotte haustdagar!

Ei stund sidan sist no. Eg har vore vekke på "austlandsturnè" og diverse i over ei veke. Litt fritid og litt jobb, men fellesnemnaren er kjekt:) Eg let stort sett bildene tale for seg denne gongen;)

 Ladar opp til ei veke med mykje variert innhald.

 Denne bagen romma så mangt (ala "Brødrene-Dal-telt?), og vart ganske så tung! Slapp på hengande håret unna overlast på flyet to gongar;)  *smile,smile*
 
 Friskus Rand og Friskus Lind-Jenssen såååååå klare for fjellturhelg!:D

 Tua:)

Lasta ned appen "i sikte"....Trur kanskje den fungerar betre i mindre "grisgrendte" strøk...Ikkje heeeeiiiiilt korrekt...Men kjekt for nerdefriskusen då!;)

 Høgefjellsvatnet og Høgefjellshytta. Vår heim for natta:)

 Sol i eine sekundet...

 ...Og snøstorm det neste.
 
 Så sol igjen, og etter ein rast på hytta gjekk turen vidare:)

Holmøyskaret:)
 

Tja, usikker på kva topp dette er....For dei lokalkjende er dette toppen ein ser mot (mot Glitteregga) når ein står på Blaksetbygda si Holmøyskaregge. Denne toppen har på "Hoplandsk" namnet Blåeggja...Ikkje veit eg, det er iallfall ikkje "vår" Blåegge;) Vi ser iallfall mot Glitteregga, vårt neste mål på turen:)



 Snø og sol på veg på Glitteregga. Reine påskestemninga!

 MAGISK!

 På Glitteregga med snø i skoa;) (Og apropo sko; sålane funka ikkje! Kasta dei ut av skoa før halve turen var gått...Og konkluderte med at skoa passar ikkje til min fot! Synd sidan eg berre må slite dei ut...)

Magisk kveldsstemning på Fagredalsegga:)

Dagen etter vart det tid til "hestesanking". Goooooode hesten min Nytunblakka var tydelegvis glad for å sjå meg:)

 Vakraste Logna:)

 Idyll!

 Så vart det kurs i Tigerstaden. Kompetansepillen kan vere grei å ha;)

Prøvde kokosvatn til treninga i hovedstaden. Har lese at det skal vere ekstra godt når ein slit med å få i seg nok mineral osv under trening. Ikkje veit eg. Det vart iallfall litt kvalmande. Og det funka iallfall ikkje på kompartmentsyndromet;) Skulle sykle, men den einaste sykkelen i treningsrommet var oppteken, så det vart mølla....Og det var mildt sagt UBEHAGELEG...Men godt eg prøvde, for eg innsåg eg måtte endre KK-mil-påmeldinga mi frå 10 km til 5 km...NEDTUR, men sånn er det...
 
Besøkte så Anne-Katrine og Junisol (som eg eig ein halvpart av) på Lillehammer:)
 
 Så bar det til Oslo...IGJEN...Haha:) Iskremmocha på Aker brygge i STRÅLANDE sol:)

Eg vart innlosjert på Fornebu med snille Friskus Handeland:)
 
 Kosefrukost:)

Så var tida koma for KK-mila (eller rettare sagt 5 km for meg...). Vakna opp til strålande sol og 18 grader:D
 
Friskus Nytun og Friskus Handeland klar for løp! Spreke Friskus Handeland sprang 10 km på ei flott tid! Eg hangla meg gjennom 5 km på tida 32 minutt (30 min og 5 km på pulsklokka):) Flott oppleving, om noko ubehageleg...Og først i dag var føtene nokelunde normale igjen...Håpar eg får orden på dette snart...
 
 Champagne på Aker brygge etter målgang:)

 Avslutta "austlandsturnèen" med kaffe mocha og is på Ben & Jerrys;)

Litt "vakuum" å kome heimatt etter ein slik turnè. Kveikte alle lys eg fann, og kosa meg med ein kopp kakao;)

 Og såg på mine spesialbestilde Selbu-/Dalavottar som Friskus Handeland har strikka til meg! Unike!:D

 Og inni tomlane står dette!:D Eg har allereie brukt dei til og frå jobb kvar dag sidan eg kom heimatt;)

Og frå flotte Friskus Lind-Jenssen fekk eg desse med heimatt. Supre no om hausten! Og så passa dei såååå godt inn i leilegheita mi:)

I går måtte eg gjere realitet av noko eg har tenkt på ca. eit år...Kjøpe ny sykkel! Eg har liksom aldri hatt rom til det i budsjettet. Men no gjekk eg vinteren i møte med kun raceren sidan den tapre terrengsykkelen min er heeeeiiiiilt utsleten...Ikkje er det bra for raceren å fungere som jobbsykkel heller...Så no gjekk eg på butikken og kjøpte denne. Eg har sett på denne lenge, og visste akkurat kva eg skulle ha når eg kom inn dørene. Det er ein Nakamura Nitro 3.0. Hybridsykkel.

Deore-gir, låsbar dempegaffel og mekaniske skivebremser. Ikkje altfor dyr, men likevel bra nok utstyrt til å kunne fungere både som jobbsykkel og treningssykkel overalt i (forhåpentlegvis) mange, mange år;)

I dag var eg ein rask tur innom treningssenteret på veg heimatt frå jobb. Tok mi første økt på romaskin (skal prøve å få inn tre økter * 30 minutt i veka). Vart 32 min og 6000 meter. Betre skal det bli;) På veg heimatt vart eg og nyesykkelen overraska av DEN regnbyga. Det enda med at eg egentleg ikkje såg noko, men kom meg no heimatt;) No har eg tørka opp og håpar vêret vert pittelitt betre til eg på ny skal ut på tur med min nye kvardagshelt - Nitroen;)