Sider

søndag 28. oktober 2012

Eit solgløtt:)

Det har vel ikkje akkurat skjedd så mykje spennande friskusaktivitet i det siste, men her er nokre bilder:

 På veg heimatt frå feltarbeid møtte vi på dette rare dyret;)

 "Innekaffisøndagskos" ein haustkveld:)

 Feltarbeid:)





 Feltarbeid - kjekt å leike med filter og rammer når ein kjem heimatt:)

 Hihi, glede og galskap på jobb:)

 Konsentrert:)

 Laurdagstur i sol og snø:)

 På Kattnakken:)

 Med kaffi og karamell i sekken:)

 
 Dekkskiftdag...Sykkelen er klar for jobbsykling i all slags vêr:)

 Frisk søndagstur!



søndag 14. oktober 2012

"Duatlon" i haustsol:)

Oioioi, alt for lenge sidan sist no! Siste tida har ikkje innehelde noko spennande friskusaktivitetar. Tida har forsvunne i jobbreiser, jobbsykling og besøk (og KOSELEG er det!:)).

Litt bilder frå siste tida:

 Godt med skikkeleg, og inspirerande lesestoff når uvêret ruskar ute:)

 Feltarbeid på ein uframkomeleg fjelltopp i regn og snø;)

 Stopp opp og sjå på fargane! Idyll:)

 Dommarfullmektigsamling på Radøy. Heilt OK;)

 Radøy:)

 Ei stripe med sol i eit bleikt ansikt:)

Godt synleg jobbsyklist ein tidleg morgon:) Og attpåtil regna det ikkje denne dagen!
 
Så over til dagen i dag;
 
Vakna til soooooool og heiv på meg sykkelkleda, og oppdaga når eg kom ut at det kaaaaanskje var litt vel optimistisk med halvlang sykkelbukse i midten av oktober....Men, men, er ein friskus, så er ein friskus;) Hadde allereie i går planlagt ruta for dagen (det MÅ eg gjere, viss ikkje så får eg som regel ei litt slapp treningsøkt. Eg må ha eit MÅL). Planen var å sykle frå her eg bur, og opp til parkeringsplassen til fjellet "Kattnakken" (og diverse andre toppar). Her har eg vore før, men då køyrde eg bil til parkeringsplassen ( http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/08/kattnakken.html ).
 
Eg sette i gong med syklinga, og du og du for nokre bakkar! Kan vel seie at det var så og seie jamn, gooood stigning det meste av vegen (omtrent som å vere heime i Blaksetbygda på sykkeltur gitt;)). Brukte 32 minutt til Fjellstova (Pelle, her brukar jo du å snu;)), og etter i alt ca. 9 km og 56 minutt hadde eg trakka meg opp til parkeringsplassen under fjellet. Smilte, song og var ved godt mot...ei stund på turen opp....Men dei siste bakkane opp var "drepen" og det hjalp ikkje akkurat at det var utruleg mykje trafikk og ganske så smal veg der eg vingla og sleit;) Parkerte sykkelen saman med ALLE bilane. Det var tydelegvis ikkje så mange andre friskusar der i dag;)
 
 Bil, bil, bil...

Bil, bil, bil, bil, bil, bil...
 
Tok så beina fatt, og etter nye ca. 2,5 km og 32-33 min var eg på toppen:)
 
 
Turen nedatt til sykkelen var unnagjort på 16 minutt fordi eg jogga....Jaja, eg veit; fy meg! Men det var sååååå fristande.....Og turen vidare på sykkelen vart gjort på 25 minutt (+ 10 minutt "bildetaking";)).
 


 Godt synleg midt på dagen;) Her skal ingen oversjå meg!;)

Nede ved sjøen igjen:) m.o.h. ca. 5;)
 
Nerdefakta:
Tid: 2 timar 20 minutt (10 min fotosession;)).
Lengd: 23,24 km.
Total høgdestigning: 789 m.
Kaloria brukt: 842.
Puls: gjennomsnitt 164, maks 189.
 
No har eg DEN følelsen! Hatt ei goood trenngsøkt, vore ute i friluft og har no heile kvelden på sofaen framfor meg:) Deileg!