Sider

lørdag 28. april 2012

Treningskamerat:)

Eg har blitt heilt avhengig av min treningskamerat! Eg var så lei av å ikkje vite kor langt eg bevega meg i løpet av ein treningstur, og etter mange timar med avstandsberekning framfor kartet, og sykkelturar med sykkelcomputer for å sjå kor langt eg sprang på mine turar, bestemte eg meg i fjor haust for å kjøpe meg pulsklokke med GPS! Nerden i meg kom fram og valet var lett. Eg fann ut at eg ville satse på Garmin. Dette fordi dei er dei einaste som har GPS integrert i klokka. Vel ein t.d. Polar må ein ha ein ekstra GPS-mottakar i tillegg til klokka. Eg føler og at Garmin er veldig kompetente, gode og har mykje erfaring med GPS. Klokkene til Garmin er vel kanskje litt store og "klumpete", men for meg var dette betre enn å ha ein ekstra "duppeditt" på kroppen under trening. Eg er og litt skeptisk til ting som skal fungere i lag utan å vere fysisk "connecta". Eg har dårleg erfaring med ting som t.d. skal fungere saman gjennom bluetooth, men det kan kanskje skuldast mi manglande tekniske innsikt;)

Eg gjekk iallfall til innkjøp av Garmin forerunner 305.

Garmin Forerunner 305 - 010-00467-01

Klokka er ein eldre modell, men var anbefalt av fleire dersom ein ikkje var så "opphengde" i estetikk. Den var billigare enn dei nyare modellane, og hadde minst like mykje gode eigenskapar som dei nye "fancy" modellane. Denne var min gode turkamerat i ca. 5 månadar. Men etterkvart vart eg lei av kalorimålaren på denne. Den rekna kun kaloriar utfrå kor lang ein hadde bevega seg på så og så lang tid. Dette ga eit veldig feil bilde. På t.d. ein sykkeltur ville du ha brukt mykje kaloriar, medan ein på ein trugetur nesten ikkje hadde brukt noko. Kaloriar har eigentleg ikkje så mykje å seie, men det gjev eit veldig bra bilde på kor god treningsøkt ein har gjennomført. Av den grunn kjøpte min snille pappa klokka av meg sidan han ikkje er så oppteken av dette med kaloriar:)

Men sidan eg eigentleg var ganske så fornøgd med denne klokka undersøkte eg om ein kunne finne same klokka, men med ei anna kaloriutrekning. Og det fann eg! Eg gjekk til innkjøp av Garmin Forerunner 310 XT.


Garmin Forerunner 310XT HR - 010-00741-01

Dette er i prinsippet same klokka som 305, men den nyaste modellen (derav noko utbetra). Denne er den perfekte turkamerat for meg (sånn bortsett frå menneske då;)). Den har alle dei gode eigenskapane som 305 har, men i tillegg har den PULSBASERT KALORIMÅLING. D.v.s. at den måler kaloriane utfrå kva puls ein har, og ikkje utfrå tid/lengd. Dette passa meg mykje betre, og no får eg ei nøyaktig (kan aldri bli heilt nøyaktig, men...) måling av kaloriar same kva friskusaktivitet eg bedriv. På denne måten får eg ei oversikt over kor bra treningsøkt eg har hatt samanlikna med andre treningsøkter. Men kvifor finst det ikkje kalorimåling so måler kaloriforbruk både utfrå puls, tid og avstand? Det ville jo vore perfekt! Eller finst det?

Treningsøktene blir lagt inn på min Garminkonto på internett, og eg får opp fakta om økta og grafar som syner tid, kaloriforbruk o.s.v. I tillegg til at treningsturen kjem opp på kart. Og det er ganske så nøyaktig altså! Det syner til og med kva side av vegen eg har trena på fram og tilbake! Det einaste eg har å utsetje på denne er at den av og til er treig til å finne satelittar. Dette kan vere ganske så irriterande, og det skjer særleg viss eg har trena langt vekke sist eg brukte den (har eg t.d. trena heime i Blakset sist tek det ofte ganske lang tid før den får satelittkontakt ved neste treningsøkt i Måløy).

Eg har som sagt blitt heilt avhengig, og må eg ta ei treningsøkt utan min treningskamerat er det liksom ikkje det same....;) Den gjorde eit stort "innhogg" i budsjettet, men eg har ikkje angra ein dag! Det er utruleg kjekt og motiverande. T.d kan eg på min treningstur sjå korleis eg ligg an i høve til ein "virtuell partner" og "kjøre på" dersom eg er dårlegare enn min "virtuelle partner". Eg kan også analysere turen min når eg kjem heim og sjå om eg gjorde det betre eller dårlegare enn sist. Kjekt, motiverande og inspirerande for slike nerdar som meg! Og det som er bra er at no treng eg heller ikkje sykkelcomputer lenger! Eg har sjekka pulsklokka opp mot andre pulsklokker og opp mot sykkelcomputer, og resultata er overraskande like.

Så for alle "dokke" treningsnerdar der ute; "kjør på"!;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar