Sider

søndag 26. august 2012

Søndagstur til Fitjar:)

Det var meldt strålande vêr i dag, og det kombinert med at Pelle uansett skulle reise vart avgjerande for at eg bestemte meg for å ta ein lang og god tur på raceren:) Eg har heller ikkje trena sidan tysdag, så eg følte at det absolutt var på tide!

Turen gjekk til Fitjar. Eg har aldri vore her, men det var enkelt å finne vegen. Kupert tur i dag, og lår og leggar fekk verkeleg slite (leggane meir enn dei burde sjølvsagt, jamfør forrige blogg...). Bortsett frå motvind og bein som "sov" heile turen (og måtte ristast til liv i nedorverbakkane av og til) var det ein super tur! Skikkeleg fint (men ikkje sol slik som meldt;)). Det var skikkeleg godt å få ein langtur igjen:).



Vel framme i Fitjar tok eg ein omveg på veg heim, og sykla på andre sida av eit vatn den første mila av tilbaketuren, og dette var faktisk den mest idylliske delen av turen og:).

Turen i dag:)

Nerdefakta:
Lengd: 62,93 km.
Tid: 3 t og 2 min.
Snittfart: 20,6 km/t.
Høgdestigning 547 meter.
Puls: snitt 166. Maks 186.




Slenger og med nokre bilder frå utflukter i går; då leika vi turistar på Haugalandet;)

 Tittei frå Tittelsnes fort;)

Haugesund.
 
Så gjekk turen til Ryvarden fyr. Her var det eit stykke å gå frå parkeringsplass (ein kunne visst køyre opp denne dagen, men eg var glad vi brukte "Apostlenes hester";)
 
Langs vegen opp og ut til fyret sto det med jamne mellomrom "skilt" med flotte bilder og dikt laga av Tove Viranta Bråthen og Ida Kristin Vollum. Stemningsfullt og flott - passande for eit kulturfyr!
 



















Slik såg det ut i naturen:)













 Koseleg utedo;)

Og så møtte vi på ein nysgjerrig svanefamilie:)



 

























torsdag 23. august 2012

Friskus ikkje fullt så frisk?

Ja, av og til går det ikkje som tenkt...Eg har heile tida sagt at eg er heldig som har ein kropp eg kan presse og presse utan at den seier noko på det...Der tok eg feil. Realiteten er at den har sagt frå, i fleire år sannsynlegvis...Men eg trudde det skulle vere slik eg.

Har lenge (så lenge eg kan huske. Iallfall sidan eg byrja å trene litt meir aktivt i 2005) hatt problem med slitne bein. Får lett mjølkesyre, stivnar, føler beina er tunge, gangsperre, beina "sovnar" (når eg syklar, joggar, rockar med rockering...) o.s.v.

Utdrag frå blogg 17. april i år:
"Stort sett greit å jogge i dag, men føtene var tunge og det føltest nesten som dei ikkje fekk nok oksygen;) Eg er ikkje akkurat kjend for min gode blodsirkulasjon, men ein ting er sikkert; det blir iallfall ikkje betre av å ikkje trene!"
 
19. april i år:
"Det var ein tung joggetur i dag, og sjølv om eg hadde kompresjonsstrømper på var leggane mine stive og vonde. Eg burde ikkje jogge så mykje på asfalt, men det er ganske så uaktuelt å stå opp før fuglane kvitra for å kome seg til ein plass med grus..."

Så feil kan ein ta....Ein lære så lenge ein leve;)

Eg trudde eg hadde dårleg blodsirkulasjon, og vart "avfeia" med min eigen konklusjon under eit legebesøk i 2006-2007. Då fekk eg beskjeden; "det er slik du er, det er ingenting å gjere. Hold deg i aktivitet". Og det har eg gjort, både før og etter, men eg kjem liksom aldri "over kneika". Og ikkje kunne eg forstå at eg aldri skulle klare å byggje tilstrekkeleg med musklar i legg til å sleppe å bli så fort sleta....No er eg lei, og innsåg at mine beinproblem sette ein stoppar for treninga.

I dag vart det tur til doktor, og etter mykje om og men konkluderte han med at eg sannsynlegvis har "Kompartmentsyndrom". Kort fortalt; det er rask auke i muskelvolum i leggen og muskelhinna rundt musklane klarar ikkje å strekke seg tilsvarande mykje. Det vert følgjeleg trykk i muskelen og det vert danna mjølkesyre. Lekkasje pga mjølkesyra fører til opphovning som aukar trykket i muskelen. Dette igjen fører til redusert blodsirkulasjon. Med andre ord trenar eg så og seie heile tida anaerobt (utan tilstrekkeleg oksygen) når det kjem til musklane i leggane.

No står eg på vent til sjukehus....Så får vi sjå. Eg prøvar å kome på litt meir "snille" treningsformer. Ein ting er iallfall sikkert; eg skal desverre ikkje jogge på ei stund....

Men, men, stay tuned - Friskus har ikkje lagt skoa på hylla enno;)

tirsdag 21. august 2012

"KK-mil-trening-oppdatering"

Var ein tur i Landåsen rett etter jobb i dag (og det er eg glad for, for då var det sol og no høljar det ned! Eg likar å trene i regn, men dette hadde nok vore litt i overkant;)).

Nok ein gong vart det raud løype på ca. 7 km (eg syns dette er meir enn nok når det er såpass kupert (egentleg nok på flatmark og dette;)) ( http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/08/stovegolvet-og-landasen.html ). Men eg merka at beina var heilt stive allereie frå første meter, og etter ca. 10 meter ville dei "sovne"...Jogga med andre ord 7 km med bein "på randen til søvn".....Vart av den grunn sjølvsagt enno meir stiv!

Eg sleit meg gjennom løypa på 7 km på rein vilje, og trudde faktisk når eg kom i mål at eg i dag hadde betre resultat enn sist...Men, neidå...Omtrent likt som sist gitt....Og eg har trena med lavare puls i dag enn sist...Sånn er det når beina er teite - då vert det dårlegare tider sjølv om ein trur ein har gjort det nokelunde bra, og slite mykje....


Oppsummering og samanlikning av "KK-miltrening i Landåsen 2012". Ikkje akkurat noko å skryte av så langt...


Men, men, betre tider vil kanskje kome...Får sjå kva doktor seier torsdag:)

MEN, noko kjekkare; intervallspinntimen eg var på sist torsdag var jo som nemnt i tidlegare blogg ikkje så vellukka grunna desse beina mine ( http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/08/nye-joggesko-siggjo-og-lite.html ). Men når eg i dag overførte aktivitetane frå klokka mi til dataen såg eg dette:




 Eg seier meg ganske fornøgd med denne pulsgrafen! Ikkje heilt jamn, men absolutt "innanfor" syns eg! Så då har eg iallfall trena rett, om enn på noko lavt nivå;)

søndag 19. august 2012

Nye joggesko, Siggjo og lite samarbeidsvillig kropp...

Ja, det var vel stikkordet for dei siste dagane. Har egentleg alltid slite med bein som "sovnar", blir slitne, stive og får mjølkesyre, men no i det siste har det vore ekstra gale...Eg får vurdere kva eg skal gjere med det.

Torsdag vart det ein tur på spinning. Der venta 45 minutt med intervallspinn. Men pga stive og slitne bein klarte eg å kome meg opp i den pulsen eg skulle på kun eitt intervall...Jaja, sånn er det av og til..




Før spinning vart det ein tur på MX-sport for å kjøpe nye joggesko. Dette har eg skulla gjort lenge, men det har aldri blitt. No hadde MX-sport tilbod på joggesko som skal passe til min fot (underpronasjon), og når eg då i tillegg hadde eit gåvekort liggande frå mine kjære, tidlegare kollegaer var det berre å slå til!





Fredag og laurdag vart det treningsfri for mine slitne bein, og i dag vart det ein tur på Siggjo, det høgste fjellet på Bømlo:) http://www.visitsunnhordland.no/no/Produkt/?TLp=108746

Ein flott tur, men nok ein dag med tunge/slitne bein, enorme mengder knott og skodde på toppen gjorde vel sitt til at det ikkje vart turen som har vore finast i år kanskje;) Men ein flott tur, som er akkurat passe for ein kort trimtur:) Minuset er at det er bomveg for å kome frå Stord til Bømlo, og det kosta heile 85 kr kvar veg oppdaga eg! Med andre ord er ikkje dette ein tur eg kjem til å gå så ofte;)


















tirsdag 14. august 2012

Stovegolvet og Landåsen.

Dei siste dagane har det vore strålande sommarvêr her på Stord!:) Eg har fått vore mykje ute, både på jobb og elles. Som vanleg syklar eg til og frå jobb, så det blir ca. 11 km og 300 kaloriar brukt "gratis" kvar dag;)

Og så er det så fiiiiiint å sykle til jobb!:)


An apple a day keeps the doctor away;) Vi får gratis frukt på jobben. Dei kjem med ei stor korg måndagane som vi kan forsyne oss av så mykje vi vil resten av veka!:)


I går var eg på rettsmøte heile dagen, og stort sett heile møtet vart nytta til synfaring ute. Kjempekjekt!:) (Bortsett frå alle myggstikka eg fekk då...)

Etter jobb i går vart det ein tur på fjellet "Stovegolvet" saman med Pelle. Eg hadde vel mine tvil om vi var på rett veg; for det første var det dårleg merka og for det andre var det ingenting i nærleiken som vitna om noko stovegolv! Etter ei "sniktitt" på turen som var lagt inn på telefonen kunne eg bekrefta at vi nok var på rett veg, og eg konkluderte med at det iallfall såg ut som vi var på veg på ein eller annen topp, Stovegolv eller ikkje...Vi kom oss opp, og ikkje før vi kom heilt opp til eit hus som står der skjønte vi at det muligens kunne vere Stovegolvet likevel - for akkurat der attmed hytta var det eit heilt flatt, stort fjellparti. Okay då, ja vi var nok på rett plass:)







Nerdefakta Stovegolvet (eg klarte å gløyme min treningskamerat pulsklokka heime! Så her er det Endomondoen på telefonen som har gjort jobben):
Lengd: 5,11 km.
Tid: 1 time 41 minutt (54 minutt opp).
Total høgdestigning: 323 meter.
Kaloriar brukt: 746.

I dag var det innedag på kontoret, og eg har sete og svetta over ei rettsbok i heile dag (men egentleg var det no ganske så kjekt då;)). Etter jobb og sykling heimatt heiv eg i meg eit glas juice og eit eple før eg og Pelle køyrde til Landåsen for å prøve ut løypene der: http://www.visitsunnhordland.no/no/Produkt/?TLp=322707

Berre så synd at dette ikkje ligg nærare der eg bur. Det freistar lite å først sykle heimatt etter jobb, for så å sykle tilbake same vegen for å jogge. Men løypene var så kanonbra at eg trur nok det blir slik at eg tek med meg joggekle på jobb ein gong i veka, og reiser i Landåsen og joggar etter jobb før eg syklar heimatt:)

Eg jogga raud løype beskriven i linken lenger oppe, medan Pelle gjekk grøn løype (eller rettare sagt så rota han seg vekk, og enda opp med å traske 6,6 km i staden for;). Det var tungt å jogge i dag, kroppen var tung, beina var tunge og "magevondten" som eg har slite med sidan søndag kjende eg godt siste halvdelen av turen....Men løypa var kjempebra og det er godt tilrettelagt med gode grusvegar alle plassar. Merkinga derimot var meir begredeleg...Ganske lik merkinga i fjellet her;)

Men fy så dårleg joggeforma er for tida! 7,14 km på 50 minutt! Det vitnar ikkje akkurat om nokon rekord under KK-mila....Men til mitt forsvar var dette ei kupert løype då;) Jaja, unnskyldningar, unnskyldningar...;) Men eg har iallfall lova meg sjølv at ein gong i veka skal denne løypa i Landåsen joggast! Så får vi sjå om forma kjem seg noko til KK-mila som er om kun ein månad:s

Nerdefakta raud løype Landåsen:
Lengd: 7,14 km.
Tid: 50 minutt.
Gj.sn.tempo: 7 min/km.
Høgdestigning: 104 meter (så det så!;))
Puls: snitt 178. Maks 197.
Kaloriar brukt: 449.

I tillegg har eg kjøpt meg skikkelege øyretelefonar til den nye telefonen. Og når eg no òg har offline-liste på Wimp kan eg endeleg nyte litt musikk under treninga igjen:D

Vasstette, og så kan dei tilpassast mine små øyrer. Perfekt!

lørdag 11. august 2012

Kattnakken:)

Eg har sett på eit fjell frå kjøkenglaset mitt i ei veke no, og etter litt søk på internett og ein prat med dei på jobb har eg i dag vore på Kattnakken ( http://www.visitsunnhordland.no/no/Produkt/?TLp=108680 ).

Eg hadde vel egentleg planar om å ikkje gjere noko fysisk "krevjande"  i dag sidan kroppen har vore veldig sleten dei siste dagane. Men når eg vakna til god temperatur og strålande sol klarte eg berre ikkje å dy meg;)

Kattnakken sett frå kjøkenglaset mitt i dag. Den er markert med raudt på bildet:)


Takke vere min nye telefon med kart og GPS klarte eg fint å finne vegen og parkeringsplassen utan noko problem. Eg hadde tenkt å sykle, men etter å ha søkt litt på internett fann eg ut at det då ville ha blitt ein dagstur, og det hadde ikkje min sletne kropp lyst til;)

 Toppen kjem nærare;)

P.g.a. masta som står på toppen er det veg heilt opp. Men den er no sjølvsagt ikkje open for ålmenta...Heldigvis:)




No ser eg allereie fram til neste tur. Det er så kjekt å oppleve nye plassar! :)

Nerdefakta:
Tid: 1 time (33 minutt opp).
Lengd: 4,61 km.
Høgdestigning: 324.
Kaloriar brukt: 419.
Puls: gjennomsnitt 147. Maks 187.


tirsdag 7. august 2012

Ny kvardag kan faktisk vere berre bra for kropp og sjel!:)

Ja, no har eg byrja i ny jobb, og er så langt vel fornøgd sjølv om eg ikkje akkurat er koma så voldsomt i gong enno. Kontoret er midt inne i ein flytteprosess, men når dette roar seg i slutten av veka blir det nok enklare å kome i gong med noko konkret:)

Jobben ligg 6 km frå der eg bur, og eg har store planar om å sykle dei fleste dagane. Dette er ein super måte å starte dagen på (bortsett frå at ein kjem svett og forkava på jobb;)), ein snik inn trening utan å tenkje på det og så er det jo billigare enn bil og då;)

 På veg til jobb første dag på ny arbeidsplass:)



Syklinga til/frå jobb ser eg ikkje på som "trening", så pulsklokka får ikkje vere med, men i dag prøvde eg Endomondo på telefonen på veg heimatt frå jobb, og resultatet er nok at eg blir hekta på denne appen når eg ikkje har med meg pulsklokka;) Den funkar omtrent på same måten, og ein får ut mykje av dei same "data`ane" som på pulsklokka (ikkje like analysert og presist då men...)

I dag hadde eg og min første time på treningssenteret her. Og FOR ein time! Snittpuls på 171 og makspuls på 201! 490 kaloriar forbrent på 45 minutt. Men det beste er jo at det er så kjekt:) Eg sat og song og trakka på, og når eg då retta eit auge mot pulsklokka såg eg at eg hadde 180 i puls, og eg SONG. Jaja, det hadde ikkje vore det same om eg var ute og jogga med 180 i puls iallfall;) Det er altså så godt å føle at kroppen endeleg er skikkeleg i gong igjen etter 1,5 år med litt lavare treningsintensitet!

I morgon blir det nok spinningfri. Vi skal flytte kontoret, og det blir nok bæring heile dagen og overtid. Så eg prøvar igjen på torsdag:)

No skal eg ha middag nr. 2 for i dag;)

søndag 5. august 2012

Daffesøndag...Og litt sommarfuglar i magen...

I dag har det vore lite friskus her...Starta dagen med å lage knekkebrød, og oppdaga til min store forferdelse at det ikkje var varmluftsfunksjon på den fancy steikjeomnen i leilegheita...Sukk...Så det vart litt blaute knekkebrød:(....

Etter husmorarbeid vart det ein kort sykkeltur for å prøve ut sykkelvegen til min nye jobb. Eg brukte 25 minutt i dag, inkludert eindel knoting, så eg reknar med eg etterkvart kjem til å bruke ca. 20 minutt kvar veg. Akkurat passeleg:) Men eg MÅ kjøpe meg hybridsykkel no! Eg har sett igjen den gamle terrengsykkelen min heime i Blakset av to grunnar; 1. Den er så utsliten at eg likevel må kjøpe meg ny sykkel no. Særleg når eg no skal sykle 1 mil kvar dag til og frå jobb. 2. Eg vil gjerne ha ein sykkel å bruke når eg er heime i Blakset. Så no brukar eg raceren, og det kan funke ei stund, men dersom eg skal bruke den lenge til dette så trur eg den fort vert utslitt. Det er mykje holer, skarpe kantar og laus grus på den gang- og sykkelvegen. Eg ser at Intersport er den dominerande sportsbutikkjeden her, så eg har sett litt på hybridsyklar frå Intersport, og reknar med eg enda opp med denne:

http://www.intersport.no/product/413107(BC_4)/nakamura-nitro-30--hybridsykkel-dame/

Den har scora bra på testar, har godt gir, låsbar dempegaffel og skivebremser, og så er det ein nokelunde overkomeleg pris og då;)

No har eg flata ut på sofaen, og kjenner sommarfuglane sakte men sikkert kome fram i magen når eg tenkjer på min første dag i min nye jobb i morgon. Dette blir spennande!

Kosar meg på sofaen ikledd mine flotte heimelaga tøfler laga av kjære Friskus Handeland!

No skal eg nyte ein kopp god kaffi og ladde opp til morgondagen:) Og takk og pris for at eg skal sykle til jobb, for då får nervane roe seg litt;)






fredag 3. august 2012

Sommaren 2012

Puh! Endeleg på plass på Stord...For eit styr med pakking, sortering og vasking både her og der. Men no er det kun småplukk igjen, og så er eg klar for å ta til i min nye jobb måndag. Skummelt og spennane:)

Sommaren har gått så alt for fort, og eg føle vel egentleg at eg ikkje har gjort nokon ting...Men litt har det vel blitt:)

Eg var pakka og klar til tur, og skulle på Hornelen (den høgste sjøklippa i Nord-Europa) saman med helseguru Unni, men regn og skodde sette ein stoppar for det....Men vi hadde likevel eit flott døgn i Rugsund med Unni sine flotte foreldre!:)


 På jobb vart juni brukt til feltarbeid på øyane i Vågsøy:)






Måløy:) Med fjella Veten til venstre og Gottrøysa til høgre (sjå blogginnlegg http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/05/brurahornet-og-gottrysa.html )


Feltarbeiddoningen vår:)

 Den flotte hesten min nyte dagane ute for tida:)



 Eg klarte å snike inn ein tur på ein av dei lokale fjelltoppane heime saman med Spreking Raudi:D

 Sommarvêret 2012...

Når eg avslutta mi tid i Vågsøy kommune fekk eg m.a. ein flott blomst med sjefen:)

Så vart det ein liten ferietur...

 Hydrering (eller dehydrering) i Kragerø:)

 Langesund:)





 Friskus i ukjende element...(sol, bikini, sjø...)



Tok ein spinningtime på hotellet i Langesund. Og FYAMEG kor eg har sakna det!

 I sommar lagde eg og heimelaga istè:)

Og så var eg på jentetur til Stavanger/Jørpeland. Her er bilde frå Preikestolen fredagen vi var der...FOR ei utsikt:p



 Reinaknuten på Jørpeland vart besøkt.

 Yoga (eller noko sånt) i fin utsikt på Reinaknuten:)

 Blide jenter på tur!

Søndagen gjekk vi på Preikestolen igjen. Gjekk opp på 1 time og 10 minutt denne dagen. Og så var det såååååå fint vêr!







Morgongymnastikk på Preikestolen i sommar:)

 Eg og Friskus Rand tok oss ein tur...

 ...

 ...til vakre Vetvika!:)









 Sommarlunsj...

 ...med rett tilbehør;)





 Friskus Rand fekk friskuspoeng og bada!




 Og Friksus Rand fann seg ein ny plass å bu;)

 I sommar vart det og tid til ein flott "fransk aften" saman med Helseguru Unni og resten av "Vågsøyjentene". Ein super kveld! Unni er ein mesterkokk! Og så fekk eg så fine gåver og;) Meir om kvelden her: http://unnipveitillabellefrance.blogspot.no/2012/07/ok-greit-sa-vart-det-ikkje-meir.html#comment-form )



No er eg koma i hus på Stord (etter myyyyyyykje styr....). Og i går vart det feira med eit glas sprudlevatn (i mine myinnkjøpte raudvinsglas frå Ikea) og fjernsyn;)

Det var nokre "glimt" frå sommaren 2012....Eg har vel gjort meir og, men dette var det eg hadde bilder av;). I tillegg har m.a. eg og pappa sykla det årlege Jølstravatnet rundt i strålande sol:) 5 mil på 1 time og 44 minutt. Ein supertur vart det!

No skal Stord utforskast, og eg reknar med eg startar med ein sykkeltur i morgon før eg melder meg inn på treningssenteret måndag:D