Sider

tirsdag 17. april 2012

SOLdag:)

I dag var det sol, stort sett frå skyfri himmel her! Det må berre nytast! Og må ein på jobb så får ein nytte sjansen til nyting når ein kan = eg starta dagen med ein morgonjoggetur:)

Eg snubla ut døra klokka 05.55 i dag (omtrent på dei tider eg legg meg i helgane - eg er egentleg eit utprega B-menneske!). Og det var KALDT ute! Men det som var bra med kulden var at eg då kunne bruke hue i dag, og det betyr at dei teite øyretelefonane mine for ein gongs skuld heldt seg på plass inni øyra i dag!

Eg hadde ein flott tur som desverre var ferdig før soloppgong.

Hornelen badar seg i sol allereie kl. 06.30:)

Stort sett greit å jogge i dag, men føtene var tunge og det føltest nesten som dei ikkje fekk nok oksygen;) Eg er ikkje akkurat kjend for min gode blodsirkulasjon, men ein ting er sikkert; det blir iallfall ikkje betre av å ikkje trene!

Nerdefakta frå morgonjogg:
Lengd: 4,5 km.
Tid: 34 minutt.
Hødestigning: 115 meter.
Kaloriar brukt: 331.
Puls: gjennomsnitt 169. Maks 191.

Etter joggetur måtte eg til med skikkeleg frukost:

Heimelaga frukostblanding laga av kjære Vibeke! Mandarinjuice, jernekstrakt, tran og vitamintablettar. Klar for ein ny dag!

Etter jobb var det tid for meir solaktivitet, og min kjære kollega og helseguru Unni vart med på tur til det fantastisk flotte Skongenes fyr:) Det var ein super tur, i supert vêr med supert selskap! Vi heldt eit OK tempo slik at den egentleg lette turen vart litt trim:) Eg let stort sett bildene tale for seg sjølv her:








Eg gløymte å sjå på pulsklokka når vi kom fram, så eg veit ikkje kor lang tid vi brukte. Estimert tid kvar veg er 60 minutt. Tilbake brukte vi akkurat 50 minutt:)

Nerdefakta (gløymte å skrue av pulsklokka når vi kom fram, så dette er tal frå absolutt heile turen, inkludert pause, sightseeing og fotosession + at eg ikkje skrudde av klokka før eg hadde køyrt nokre meter med bilen;)):
Lengd: 6,7 km.
Tid: 2 timar 19 minutt.
Høgdestigning: 366 meter.
Puls: gjennomsnitt 127. Maks 176.
Kaloriar brukt: 619.

2 kommentarer:

  1. Herleg tur! Ein utilsikta biverknad er at eg er so stappa full av energi at eg ikkje veit kor eg skal gjere av meg.. "Sove godt i natt" du liksom..
    Hendanes fyr neste? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hendanes fyr neste veke! Men då kan ikkje vi køyre heilt til parkeringsplassen for då er det kun 5-10 min å gå:p DET går ikkje ;)

      Slett