Sider

mandag 28. mai 2012

Fjelltur, terrengsykling, flåttsamling, sol og to nye "dagens - friskus - titlar" utdelt:)

Ei langhelg er over, og den har vore innhaldsrik. Eg har fyllt helga med gode folk og fine turar:)

Fredag:

Friskus Rand kom ut til Vågsøy ein tur etter jobb, og turen gjekk til Sunnivahornet:D Turen er før skildra her http://www.friskusnytun.blogspot.com/2012/05/sunnivahornet-friskus-og-helseguru-pa.html så eg let stort sett bildene tale for seg sjølv:)







 Armehvingar? Kaltring? Generell galskap?

 Friskus Rand fann seg ein prins.....

...Trudde ho...Jaja;)

 Vi brukte omlag 1 time og 30 minutt opp (rettare sagt 1t og 33 min inkludert fotosession og telefonsamtale) og omlag det same nedatt. Vel oppe hadde vi ei lang og god pause. Det var jo snøstorm sist eg var her saman med Helseguru Unni, så det var godt å kunne nyte utsikta litt denne gongen:)

Nerdefakta:
Lengd: 8,45 km.
Tid: 3 timar og 53 minutt.
Høgdestigning: 646.
Kaloriar brukt: 934.
Puls: gjennomsnitt 140. Maks 186.

Ein super start på ei super helg!:D

Laurdag:

Denne dagen tok eg og pappa oss ein trimtur på racersyklane frå Scania til Hjelle i Oppstryn. Strålande vêr, men mykje trafikk på vegen. Likevel ein kjempeflott tur!

 Utsikt nedover Oppstrynsvatnet frå Hjelle:)

 Hjelle:)




Nerdefakta:
Lengd: 4,6 mil.
Tid: 1 time og 45 minutt.
Gjennomsnittsfart: 26,4 km/t.
Klaoriar brukt: 698.
Puls: gjennomsnitt 172. Maks 187.

Søndag:

Søndag vart det to turar:D

Dagen starta med at eg, Pelle og Jan-Arild tok turen inn Erdalen i Oppstryn og til Vetledalsetra:) Ein utruleg flott tur! Dette er verkeleg ein tur som høyrer heime på topplista! Lett terreng og utruleg fin natur. Og så DET målet då; Vetledalsetra!

 Utsikt mot Erdal:)





 Vetledalseter ligg rett under det spisse fjellet i midten av bildet:)

 Ankomst Storsetra (Erdalssetra?) etter 30 minutt.

 Variert natur:)

 Fjellet kjem nærare:)

 Litt snø møtte vi på og.

 Ankomst Vetledalseter etter 1 time og 15 minutt:)





 DNT-hytta på Vetledalsetra:)



Utsikt ned i Erdal.


Nerdefakta (vi gjekk frå parkeringsplassen lengst oppe ved starten av råsa):
Lengd: 7,67 km.
Tid: 2 timar og 16 minutt.
Høgdestigning: 347 m.
Kaloriar brukt: 614.
Puls: gjennomsnitt 134. Maks 175.

Tur nr. 2 denne dagen vart ein kveldstur saman med Spreking Raudi og Spreking Gausnes:) Vi køyrde til Ullsheim i Markane. Her er det skistadion og flotte skiløyper vinterstid, og fine turløyper sommarstid. Einaste minuset var at eg som "kom utanfrå" og ikkje er kjend i området syns det var dårleg merka. Etter litt "om og men" kom vi oss inn på "råsa" (meir autostrada) til Holesetra. Dette er ein tur på 3,5 km kvar veg. Det var utruleg fint å gå her!


Men etter ei stund vart det litt vått og litt snø...

Holesetra innan rekkevidde:) Må berre gjennom ei elv;)

 
Våte, oppskrapa på leggane og alt for tynnkledde hadde vi etterkvart målet innan rekkevidde...Trudde vi...Vi måtte berre forsere ei elv som hadde gått over styr i snøsmeltinga først. Og jammen vassa Spreking Raudi og Spreking Gausnes rett gjennom det kalde vatnet mellom snøflekkane. Definitivt dagens Friskusar!

Etter ein kort stopp på setra vende vi nasa heimover. Og no var det jo ikkje så nøye med å passe seg verken for vatn eller snø, så no gjekk det så og seie smertefritt heimatt;) Men jammen var det godt å kome inn att i ein nokelunde lunka bil og få på varmeapparatet;)

Men du og du for ei kjekk og frisk kveldstur!

Nerdefakta:

Lengd: 8,97 km.
Tid: 2 timar og 23 minutt.
Høgdestigning: 298 meter.
Kaloriar brukt: 377.
Puls: gjennomsnitt 113. Maks 160.

Måndag:

I dag var dagen for ekspedisjon i "Kvalen-distriktet" saman med Friskus Rand komen. Og jøje meg for ein ekspedisjon det vart! Eg hadde smågrua meg til utfordrande terrengsykling sidan eg er ei utprega "landevegsrotte" som av og til kan driste meg innpå ein grusveg med sykkel;) Det bar oppover bakkane, og pulsen steig fort. Etterkvart kom vi innpå skogsvegen som skulle utforskast. Til tider var pulsen høg av skrekkblanda fryd, og heile tida var den høg av slit. Eg fann etterkvart ut at for å takle terrengsykling må ein stole på seg sjølv, ikkje nøle og ta sjansen på å ha ein viss fart over hindringane. Lenge gjekk det OK, men tilslutt nølte eg, sykla for seint, og enda med sykkelen flat på bakken, rumpa mi på sida av sykkelen og ein fot i eit flott gjrømehol;)


Heldigvis var det ingen skade skjedd og eg sykla målbevisst vidare. Litt lenger framme tok etterkvart vegen tilsynelatande slutt. Men det nekta Friskusane å godta, og vi venta at vegen skulle kome igjen ein plass og ta oss heilt til Hennjane.

 Hmmm....Kvar er vegen skal tru..?


Vi innsåg vel etterkvart at her kun var hjortereser og null veg eller mennesketrakka reser....Men pyttsann, det må no vel vere framkomeleg likevel!? Tja, det skulle seinare vise seg at det var lite framkomeleg...Og iallfall ikkje med kvar sin sykkel på slep;) Det vart iallfall lite sykling, men det er likevel bra vi var på sykkeltur for då hadde vi på oss hjelmar, og det kunne no kome godt med der vi trakka rundt i skog som var prega av "Dagmar" og som sikkert ikkje har sett eit menneske på hundrevis av år (om her nokonsinne har vore folk her i det heile...;)). Eg let bilda tale for "uframkomlegheita".

 Very advanced cross country cycling course....Noko for turismen i området skal tru?

 Tja, ingen veg oppover der vi kom frå = ingen vits å snu no..;)

Meeeeen, heller ikkje heilt framkomeleg nedover;)

Malplassert syklist? In the middle of nowhere. Faktisk....

Etterkvart såg vi Hennebygda..Laaaaangt uti der! Så kvar i alle dagar har vi vore hen! Det er det ingen som veit...Men etter mykje heftig nedstigning såg vi tilslutt hovedvegen over Kvalen! Spørsmålet var berre korleis ein skulle kome seg ned;)

Ser dokke vegen?

Vi klarte etterkvart å "bakse" oss nedpå noko som vi trudde var ein skogsvgen rett over hovedvegen...

Sykkelvenleg;) ????

Sokalla terrengsykling......Advanced nivå kan du sei.....

På denne innbilte skogsvegen sette vi oss ned, åt, lo og snakka om den utrulege ekspedisjonen vi hadde hatt. Lite visste vi om at flåttane var på "angrepsstien" rundt oss, og at vi slett ikkje var på nokon skogsveg som skulle føre oss til hovedvegen;)

Medan Friskus Nytun plukka flått etter flått frå sine blodete og oppskrapa leggar pønska Friskus Rand ut korleis vi skulle kome oss dei siste (høge) metra ned på hovedvegen.

Etter mykje flåttplukking, haudekløing og sykkellemping var vegen innan rekkevidde og vi kunne endeleg feire (og plukke fleire flåttar;)).

 HER kom vi ned!

 JA!


No kunne vi endeleg ta i bruk syklane igjen, sykle oss opp Kvalen og kome oss heimatt til meir flåttplukking...

No er kroppen dusja, men eg er sikker på at nokre "standhaftige" flåttar ligg på lur enno....Så før dei vel å vise seg slappar eg av med siste Shape Up som kom dumpande gratis ned i postkassa mi takka vere Friskus Rand;)

Nerdefakta:
Lengd: 10,77 km.
Tid: 2 timar og 51 minutt.
Høgdestigning 455 m.
Kaloriar brukt: 598.
Puls: gjennomsnitt 131. Maks 192.

torsdag 24. mai 2012

Børahornet

Sol, sol, sol! Ny tur i dag. Denne dagen vart det ein tur på Børahornet saman med Helseguru Unni:)

Turen starta frå byggjefeltet Øvre Leite på Raudeberg.


Vi traska i shorts, singlet og i strålande, steikande sol gjennom skogen (der Friskus Nytun klarte å gå seg vekk, og enda opp med å måtte vere litt streng med eit par innpåslitne trè. Helseguru plukka hjelpsomt delar av det nedkjempa treet ut av eit heller bustete blondinehår etterpå;)).


Etter at vi kom oss på rett veg igjen var vi snart ute av skogen, og etter 27 minutt nådde vi "Barnas turlag" sin topp; Ørna. Herfrå gjekk det ein flott rås i fin stigning heile vegen til Børahornet. Etter 57 minutt såg vi horisonten i det fjerne og varden på toppen litt til venstre:)






Turen nedatt var lett og fin, og med ei fantastisk utsikt:)

 Utsikt mot Røysavatnet.

Raudeberg i det fjerne:)


Nerdefakta:
Lengd: 5 km.
Tid: 1 time og 49 minutt.
Høgdestigning: 327 meter.
Kaloriar brukt: 418.
Puls: gjennomsnitt 134. Maks 178.

onsdag 23. mai 2012

Skongsneshellaren og andre oppdagingar i strålande sol!

Strålande sol i dag! Og etter å ha brukt 3 soldagar inne var det på høg tid for kropp og sjel å kome seg ut! Turen gjekk nok ein gong til ein av mine yndlingsplassar, Skongenes fyr i Vågsøy:) Helseguru Unni vart med på tur i dag, og ho viste seg å ta friskustittelen frå meg for denne dagen iallfall;)

Vi gjekk den vanlege råsa ut til Skongsneset. Her ute flata vi ut på ein stor stein, og lada batteria i 20 minutt.

Solterapi:)

Etter litt solterapi gjekk turen vidare tilbake til utgongspunktet via fjæra. Vi har høyrt at det skal vere råd å gå her, men at det kun er anbefalt når det er tørt og fjære sjø. Konklusjonen var at dette var rett dag å prøve det på.

 Skongenes fyr:)

 Helseguru Unni:)

Fyret i det fjerne:)

Turen langsmed fjæra ga oss litt utfordringar, både i vegval og gjennom klatring. Denne turen hadde eg aldri gått dersom det regna nei. Her var det mykje stein og svaberg som vil vere såpeglatte i regn.

 Bratt klatring!

 Spøkelse;) Men, ja det var litt skummelt langt ned i steinura av og til...

Kunstnerisk ja...Men glatt!

Etter ca. 20 minutt (1 km) kom vi til Skongsneshellaren. Ein spennande plass!

Ein hellar er:

overheng under bergvegg, eller liten hule hvor åpningen er større enn, eller omtrent lik, dybden og hvor dagslyset normalt vil kunne trenge helt inn til bunnen. I motsatt fall vil den kalles en hule eller grotte. Hellere kan være dannet igjennom karstprosesser (se karst), men oftest er de dannet igjennom frostforvitring der grunnvann pipler ut langs svakhetssoner i berget, eller ved brenningers arbeid (se brenningshule). Hellere har i stor grad vært brukt som boplasser og som læger under fangst og fiske. Av denne grunn er sedimentavleiringer i hellere viktige datakilder for arkeologi og faunahistorie. I sedimentologisk sammenheng representerer sedimenter i hellere såkalt inngangsfacies (se grottestratigrafi).





Til slutt kom vi til Sætrasanden (eller noko anna. Dei lærde stridast om namnet;)). Her nytta vi sjansen til å lufte føtene og bedrive sand og vassterapi på svette og hovne føter i det forfriskande vatnet. Og her var det Helseguru Unni overgjekk Friskus Nytun i friskusaktivitet i dag. Jau Helseguru Unni BADA! All ære til deg Helseguru;)

 Eit hjarte i fjæra...







 Ei heilt OK avslutning på ein flott tur;)





Pangavslutning!



Som vanleg ein flott tur med strålande godt selskap, og denne gongen også strålande vêr;)

Nerdefakta (inklusiv alt av solterapi, vassing, besøk i hellar m.m):
Lengd: 7,47 km (3 km den "ordinære" råsa ut til Skongenes fyr).
Tid: 3 timar og 44 minutt (50 minutt ut til Skongenes fyr).
Total høgdestigning: 420 meter.
Kaloriar brukt: 674.
Puls: gjennomsnitt 116. Maks 175.