Sider

tirsdag 12. august 2014

Råkeneset i Solund

Eg pakka bilen, heiv kajakken på taket og plukka opp friskus Rand. Vi vende nasa utover mot havet og den vestlegaste DNT-hytta. Bilturen var ein smule lang, men med godt selskap, håp om padlero i det fjerne og "der kjem dampen" ljomande ut av glaset på ein bil i ferjekøen akkurat i det ferja kom glidende til kai, vart turen ei oppleving i seg sjølv.

Heimelaga stropper frå Roset mekaniske!

Dag 1: 
Logistikketappe

Nedkjøling ved ferjekaia

På rett plass!

Har vi nok mat? Første tur ut til Råkeneset. Til fots med mat og bagasje. Urutinert pakking...

Friskus Rand fekk dessverre ikkje ta med sin grøne sjøfugl. Men ho fekk låne kajakk. At det skulle by på logistikkproblem var vi ikkje heilt førebudde på, men alt ordnar seg med litt tålmod!

Kajakkane er sjøsette i Råkevågen

Endeleg i kajakkane! Kun ca. 1 km å padle ut til Råkeneset

Friskus Rand fann seg parykk



Plutseleg dukkar husmannsplassen Råkeneset i Råkenesvika opp. Gøymt der inne

Ein fredeleg plass...

...utan straum og innlagt vatn, men det var nesten fullt hus begge dagane vi var der. Den folkeskye nordfjordingen i meg vart ganske skuffa då eg innsåg at eg måtte dele denne perla med ukjende folk, men du og du så koselege folk på tur er! Opplevinga hadde ikkje vore det same utan dette mangfaldet!

Kveldssteming... Idyll, hadde det ikkje vore for all knotten!


Dag 2: 
Padletur og topptur; Råkeneset-Hågøyna-Marlaukholmen-Hågøykalven-Hågøyna topptur-Råkeneset.

Frukostutsikt

Ser vi dagens rute?


Klar for padledag!


Vel ute på havet kom eg på at eg hadde gløymt å sjekke kajakken for eventuelle dyr, som t.d. hoggorm...

...spruttrekket vart raskt letta på og bilde vart teke for å sjå om det var noko fram i der (for eg ser ikkje heilt fram når eg set i kajakken). Hahahaha!

Turen gjekk sør om Langøyna, gjennom Resesundet og vidare opp langs vestsida av Hågøyna mellom Lågøyna og Hågøyna

Lågøyna



Vidare gjekk turen opp mellom Vardeholmen og Marlaukholmen.

Eg fann eit fyr! På Marlaukholmen

Her ute vart bølgene bytt ut med lange, runde dønningar frå lenger ut i havet. Ganske så skummelt for ein landkrabbefriskus. Men på Kuntelholmen fekk vi sjå havørn og skrekken for havet vart ei lita stund bytt ut med nysgjerrigheit. Dessverre vart det ikkje bra bilder av havørnen, sidan vi fann ut det var lurast å ikkje padle for nær.

Vi sette kursen sørover igjen


Og etter ein tur rundt Hågøykalven drog vi kajakkane på land på Hågøyna...

...våtdrakter vart kjempa av og barfotsko vart kjempa på. Så bar det rett til fjells!


Og vi gjekk nok ikkje der vi skulle, for her vart det både klatring og sutring (EG sutra...). Men opp kom vi!



Foto: friskus Rand


Lunsj...

Dessert...



Vel nede i kajakkane igjen var det klart for sjarmøretappen; Hågøyna-Råkeneset
Foto: friskus Rand

Fakta Hågøyna rundt +++:
Lengd: 15,52 km
Tid: 5t 39 min
Total høgdestigning: 238 m


Etter padlinga måtte det "dusjast". D.v.s. ta ein dukkert!


Friskus Rand briljerte med kreativiteten sin. Ei gåve til alle som tek turen til Råkeneset og les i hytteboka!


Upåklageleg kveldsstemning etter ein vellukka aktivitetsdag. Som seg hør og bør med Sognepils her heilt ytterst i Sogn


Dag 3:
Kort padletur, Råkeneset-Høgeholmen-Råkevågen, og logistikketappe

Klar for ny tur. Litt dårleg vêr denne dagen

Og oppskrifta for å få denne landkrabbefriskusen på land?...

...styrtregn, vind, bølger og generelt tungt vêr. Dagens etappe vart kortare enn tenkt. Ein tur sørover, aust for Hogneskjela, rundt Høgeholmen og tilbake til Råkevågen. Ca. 3 km.



Kajakkane kom på land og turen gjekk ut att til Råkeneset til fots for å hente resten av bagasjen.

Hytta var tom, DNT-låsen vart klappa igjen... Takk for no!

Så var det tid for logistikk igjen. Kajakkar vart lempa på og av, kilometer vart køyrt att og fram, is vart kjøpt. Det siste der førte til at vi vart 1 minutt for seine til ferja. Men kva gjer vel det når det berre er to timar til neste? ;)