Sider

lørdag 17. november 2012

Stoltzen!

Når regnet hamrar på ruta og skodda ligg lav, då tek ein seg ein tur opp Stoltzekleiven i Bergen;) Supertur i supervêr. Og eg tullar ikkje! Her er 3 gode grunnar for å gå Stoltzen ein slik dag i november:
  • Det er mindre folk i løypa enn på ein vanleg dag (og for meg som DEFINITIVT ikkje likar å gå fjelltur/trimtur i kø er dette ganske så viktig).
  • Ein får naturleg kjøling på ein ganske så kort, men likevel ganske så heftig tur.
  • Det er FRISKT!
Skal ein vente på vêret før ein gjer noko i dette landet, så får ein rett og slett ikkje gjort noko....Og eg syns det er heilt topp eg, med regn og friskt vêr:D

Sidan ingen av oss hadde vore på Stoltzen før vart det køyring fram og tilbake (på noko eg trur kanskje, muligens er ein gang- og sykkelveg;)) for å finne ut kvar det var meininga ein skal parkere. Men bilen vart no parkert, og etter ein 5 minutts gåtur på den flate, sannsynlegvis, gang- og sykkelvegen starta stigninga opp Stoltzen.

 Start ved Fjellveien 15:)






 


Stoltzenfakta (funne på internett, så går ikkje god for at dette er "100 % fakta"):
Lengd: 0,9 km.
Tal trappetrin: ca. 800.
Gjennomsnittleg stigning: 35 grader.
Total stigning: 299 m.

 Halvvegs etter 11 minutt!

 "Melkesyren"? Her? Har hatt melkesyre i 15 minutt allereie!;) Men skuffande nok var det ikkje bakside lår og rumpemusklar eg merka det i, men framside lår...

 Tretrappene - snart oppe! Og det var deileg å kome opp i desse. Myyyyykje lettare å gå i enn (til tider) høge steintrappetrin for mine noko stutte bein;)

"MÅL";)
 
KJEKT!:D
 
Sidan Stoltzekleiven er einvegskøyrt må ein kome seg nedatt ein annen plass. Heldigvis kom eg i prat med ei sprek dame (som fliste forbi meg i siste tretrappa;)) som kunne fortelje meg korleis vi skulle gå fram for å kome nedatt rett veg:)
 
 
 Grusveg og asfaltert veg nedatt:)

Flotte hausten!
 
Hehe, den var fin:) Måtte berre ta den med;)
 
Pulsklokka var på berre opp sjølve Stoltzekleiven, men før det gjekk vi 5 minutt, og etter "målgong" oppe ved pila vart det i overkant av 1 time vandring nedatt:)
 
 
 
Nerdefakta Stoltzen:
Lengd: 0,78 km.
Tid. 24 minutt.
Høgdestigning: 288 meter.
Kaloriar brukt: 209.
Puls: gjennomsnitt 182. Maks 192.
 



torsdag 15. november 2012

Kvardagsterapi - eit friskustips;)

Etter ein dag full med "non-stop" korrekturlesing av rettsbøker, kjeldelister og dommar var eg sååååå utsleta i haudet (sjølv om det eigentleg var veldig interessant, men utsletne i haudet kan ein jo fort bli av så "skjerpa" lesing i timesvis) at eg trudde eg var skikkeleg sleta i heile kroppen på sykkelturen heimatt. Trudde eg nesten ikkje skulle kome meg heim. Hehe;) Men det er jo berre tull. Haudet overstyrer ofte kroppen gitt...



Treninga i dag var som vanleg planlagt i går, meeeeeeen, det freista så utruleg lite å skulle ha kun 2 små timar heime før eg skulle sykle tilbake same vegen for å ha ei knallhard økt med Kettlebells.......Blæh! Senga freista definitivt mest, MEN noko av det verste eg veit er å legge meg med utslete haud og opplagde kropp....Så kva gjer ein? Fyller telefonen med julemusikk, kler på seg  tørre sykkelkle (sidan dei andre sjølvsagt var våte etter turen heimatt frå jobb...Det er jo Vestlandet dette;)) og vender snuten mot treningssenteret! Frisk luft og julesangar gjer underverk, og før eg var koma til treningssenteret var eg klar for trim! No skulle kroppen bli like sleten som haudet (MINST). Og sykkelturen heimatt gjekk som ein leik! Litt meir sleta i kroppen - litt mindre sleta i haudet.



Er du sleta i haudet - slit ut kroppen minst like mykje. Balanse er viktig;)

tirsdag 13. november 2012

Ein frisk(us) måte å gjere ting på;)

Kva gjer ein når det bles, regnar, er mørkt og er sendt ut flaumvarsel OG du skal nå ein båt 6 km vekke? Tek bilen? Tek bussen? Sykkelen? Nei, då puttar ein god tè i reisekoppen, kler seg for kvardagsekspedisjon (i dette tilfellet gode støvlettar, god ny jakke som eg hadde behov for å teste ut, andre gode kle og ein nokelunde vasstett ryggsekkbag) og tek beina fatt;)


Friskt, flott og godt for kropp og sjel! Og jammen sneik eg inn litt trim denne dagen og;)

 Og ekstra stas med kvardagskos på båten:)

Kvardagsekspedisjonar er gull!:)

Og så litt meir kvardagskos - det blir ein del av det no om hausten:

 

 

 

lørdag 3. november 2012

I mål med DYTT for andre gong i år!

Jepp, eg har DYTTa meg i mål nok ein gong;) Førre gong var i mars, sjå her: http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/03/i-mal.html

Sist var vi eit stort lag frå Vågsøy kommune som deltok, no var det kun eg og Helseguru Unni. Og det er no visst like bra det:) Helsegururen tok kontakt tidleg i haust og lurte på om ikkje vi to sprekingane (sjølvutnemnde vel å merke;)) skulle melde oss på som eit lag. Og sånn vart det! Eit lag frå Vågsøy kommune/Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett. Kanskje eit litt utradisjonelt "arbeidsplasslag", men kva gjer vel det;)

Konkurransen er denne gongen å gå frå Senja til Stetind (450 km) på 60 dagar (på kartet...Sjølv om det hadde vore flott å faktisk gjort det "live" og!). Konkurransen starta 20. september, og har sin slutt 18. november. Kjem ein i mål 18. november betyr det at ein har hatt eit stegsnitt på 10 000 steg for dag, noko som er den anbefalte "minimumsdosen" med aktivitet kvar dag.

Eg kom i mål NUH, og tenkte eg skulle ta ei samanlikning frå sist eg deltok.

 
 
 

 


Stegsnitt: no 13 642. Mars 13 497 (ein dag før målgong).
Totalt tal steg ved målgong: no 600 279. Mars 611 247.
Tal km ved målgong: no 450 km. Mars 481 km.
Dagar brukt ved målgong: no 45 dagar. Mars 46 dagar.

Målet på konkurransen i mars var å gå 480 km på 60 dagar. Med andre ord var dette rekna for å vere ein "lettare" tur sidan ein den gong skulle gå 480 km, og no 450 km på like mange dagar. Så det blir no litt vanskeleg å samanlikne då, men eg kan vel konkludere med at eg er omlag like aktiv;)

Stordø kisgruber

Det har gått mykje i det vanlege i det siste. Litt bilder frå jobb:



 

 
I dag vakna eg opp litt "stiv og støl" etter først Kettlebells torsdag, og så spinning + Kettlebells i går.
 
Nerdefakta sykkelexpress/Kettlebells express:
Tid: 1 time 3 minutt.
Kaloriar brukt: 432.
Puls: gjennomsnitt 162. Maks 189.
 
I dag vart det difor gåtur for å mjuke opp kroppen litt. Turen gjekk til Stordø kisgruber på Litlabø. Gruvene vart nedlagt på slutten av 70-talet,og før den tid hadde gruvene både hatt tysk eigar, blitt sprengd sund av britiske og norske kommandosoldatar for at tyskarane ikkje skulle få nytte svovelkisen i krigsproduksjonen sin, og teken som krigsbyte.
 
 


Arbeidarbustad med heistårnet i bakgrunnen. Gruvesjakta er omlag 750 m loddrett ned. Desverre er det ikkje sikra slik at ein kan gå inn i gruva.
 
 
 
 Vi ser ned på kontorbygninga frå ca. midt på heistårnet.

Heistårnet. Her går heisen som frakta folk og materiell opp og ned den ca. 750 m djupe gruvesjakta. For kvar 50 m nedover er det kilometervis med gruvegangar innover i fjellet.
 
 Svovelkisen vart frakta ut med elektrisk tog.

 
Frå sjølve gruveområdet kan ein gå tur. Her er turar av ulik lengd.
 
Turen går forbi tårnet, og fortset inn på ei rås innover skogen.
 
 På ein topp ovanfor tårnet finn ein digre hol i bakken. Dette er såkalla "synkar" som fungerte som luftehol for gruvene. Desse synkane er heldigvis forsvarleg inngjerda i dag;).





 Felås? Spesielt, og sikkert ein av dei eldste typane i såfall?;)

 

På tide å ause?

Friskus i rett element:)
 
Dagens tur:)
 
Nerdefakta roleg laurdagstur i gruveområdet:
Tid:1 time 26 minutt.
Lengd: 5,23 km.
Total stigning: 170 meter.
Puls: gjennomsnitt 125. Maks 168.
Kaloriar brukt: 312.