Sider

torsdag 29. august 2013

Med samanbitne tenner og knytte leggar...

...opp ein av dei lengste motbakkane ein kan oppdrive - SKÅLA!

Sist laurdag kom med sol og sommartemperatur, så eg drog på meg tightsen og surra sportstape rundt hælane - Skåla, here I come!

Skåla med sine 1848 meter er vel mest kjend som endepunktet for den lengste samanhengande motbakken i Noreg (og Nord-Europa?) og motbakkeløpet "La Sportiva Skåla 1848 meter rett opp". Fjellet er rekna for å vere den høgste fjelltoppen i Noreg med foten i sjøen, og det er sjeldan ein går turar der høgdemeter og total stigning er om lag det same.

 På toppen!

 Hoppande glad!

 Energien tek ikkje slutt...

 Med meg på turen hadde eg pappa, broder`n og kjæreste :) Og så Kvikklunsj då!

 Jaja, meir hopp på topp. Dei andre på toppen meinte nok eg var sprø...

 Skålatårnet

På veg ned igjen. Det syne ikkje så godt, men her er det bratt!

 Utsikt mot Loen

 Det er laga ei flott rås heile vegen til toppen (ikkje akkurat slik heile vegen då)





 Litt bratt på slutten og (evt. i starten)
 
 
Nerdefakta:
 
Lengd: 17,82 km (mi pulsklokke og pappa si var ikkje samde her, så mogleg dette er litt feil. Men trur dette er ganske nær realiteten)
 
Tid i alt: 7 timar og 53 minutt - 3 t og 28 min gangtid til toppen. Ikkje akkurat ny rekord (og ca. 30 min seinare enn sist eg var her), men kva gjer vel det!
 
Høgdestigning: 1963 (faktisk!)
 
Kaloriar brukt: 3543
 
Puls: snitt 147. Maks 193
 
 
 Turen på kartet. Gjekk rett på, altså "snarvegen",  opp og omvegen om skogsvegen ned att (sånn for dei som er lokalkjende ;) )

 Rett og slett vakkert!


Ser godt dei ulike delane av turen på pulsgrafen! Knallhard start i skogen, pause ved Skålavatnet, litt mindre knallhardt, med mange småpauser opp ura og til slutt turen ned igjen. Ser ut som eg fungerar, og godt er det ;)


Takk for turen!

onsdag 14. august 2013

I sommar har eg...



Vore på hyttetur...

 

 

 

 
 
 
 
 

 

 

 
 

 
 
Sykla både her og der...

 

 

 

 
 
 

 

 

 

 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
Fått kledeleg sykkelskille...
 
Hatt kvalitetstid med hestane...

 
 
Surfa! Eller rettare sagt; vore på surfekurs...

 

 

 
 
Leika med fine folk på fjelltur... Både med og utan sko...

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
 
Leika turist i eigen "bakgard"...
 
 

 

 

 

 

 
 
Leika i Sogn...
 

 
(Og fått ein ny venn)

 

 

 

 

 

 

 
 
Jobba pittelitt...
 
Slappa av litt...
 
Ete sommardessert...
 
Vore lite motivert...
 
Slappa av litt meir...
 
Lese litt kvalitetsblad...
 
Ete litt kvalitetssnop...
 
Møtt på ein hare...
 
Hatt ein pitteliten dugnadsinnsats for Panoramamarsjen...
 
OG gått ein flott Panoramamarsj i skodde og regn...
 
 

 
 
 
Og no? Velkomen til hausten :)