Sider

mandag 28. januar 2013

Hallo!

Ja, eg er her! Bloggen og datamaskina har ikkje vore samarbeidsvillige i det siste, og det fører til null innlegg... Det har vore mykje aktivitet i det siste, men lite revolusjonerande.... Her er iallfall nokre bilder:)

 Juletrehenting:)
 
Første trugetur denne sesongen.... Får håpe det blir fleire... Ser ikkje akkurat lovande ut no, men må no bli råd å få det til i påska vel..?:)

 Fjelltur og kakao i romjula:)

 Mamma og pappa er med på tur:)

"Fjellgardsrunden" på Stord. Denne har eg gått ein gong i veka sidan nyttår. 11 km og ca. 1 time og 45 minutt:)

Jobbsykling.... Ah, flott!

 Søndagstur:)

 Søndagstur:)
 
 Friskus Lind-Jenssen på besøk:D



 Soooooool;)
 
 Dagens visdomsord...

 Lite sol på søndagsturen denne helga, men likevel flott:) Friskt!

Nytt år, nye vanar. Eg er jo ein skikkeleg treningsnerd og er over snittet glad i å studere, og halde styr på, treningsøktene mine. No er dei komne opp på kjøleskåpa til inspirasjon og motivasjon! Saman med "motivasjonsplakaten" som eg etter inspirasjon frå helseguru Unni klistra godt synleg opp på kjøleskåpdøra  i haust;)
 
Trening ført opp, dag for dag. Og i slutten av månaden skal alt "finskrivast" på dataen;) Gledar meg til oppsummeringa i desember;) Haha, sa du nerd?;) (Og så langt i januar har eg kun hatt 2 treningsfrie dagar. Det hadde eg aldri tenkt på om det ikkje hang "svart på kvitt" på kjøleskåpa...). Og sidan målet denne månaden var å GÅ meir har eg det passande ordtaket "å gå tur er menneskets beste medisin" av Hippokrates som undertekst på planen;) Kva blir motivasjonsorda neste månad skal tru?
 
Denne månaden har eg og vore på "Nordsjørittspinningtime" med Stig Idsal. Det vart vist video frå løypa undervegs. Veldig inspirerande! Ein trakka på ekstra og la seg i svingane. Haha;) Timen var lagt opp som "ekstrem-høg-puls-intervalltime". Det starta med ei ganske lang, men hard oppvarming før ein gjekk inn i sjølve økta med 10 intervall på 1 minutt kvar, og 2 min mellom. Pulsen i intervalla skulle vere ca. 95% av maks, medan det i "pausane" kunne kome ned på 70% av maks. Så langt ned kom eg aldri;) Sjølve syklinga varte kun 39 minutt, men på den tida klarte eg å bruke heile 501 kaloriar! Effektivt med andre ord;) Alt i alt veldig kjekt og inspirerande!:)
 
Ikkje ein perfekt inetrvallpulsgraf, men OK syns eg:)
 
2 dagar etter denne økta var eg klar for min første crossfitnesstime. Ååååååå det var så kjekt! 330 kaloriar brukt på 22 minutt! Godkjent det og syns eg;) Men knallhardt for desse stakkars leggane mine då.... Men eg går fast på det og kettlebells kvar veke, så får vi sjå kor det går etterkvart...

Jamnt høg puls denne timen;)
 
Jaja, det var ei lita oppdatering. Eg kjem snart "nerdande" tilbake;)