Sider

lørdag 7. juli 2012

Internettmangel og travle tider....

Ja, lenge sidan sist no. Men det er fordi eg p.g.a. flytting har sagt opp internettet mitt i "nyebunkersen". Og no når eg endeleg er heime i Blakset har eg gløymt ledningen til fotoapparatet mitt! Tyyyypisk....Så, ingen god blogg utan bilder seier no eg....Då vert det altså kun ei kort statusoppdatering no, så får de vente i spenning til eg er inne i mi nye leilegheit på Stord i august. Då vert det eit laaaangt blogginnlegg med mange bilder frå mykje kjekk, spennande og minnerik aktivitet:D

Einaste friskusaktige eg har bedrive i det siste er ein joggetur i sidelengs pøsregn forrige laurdag - som substitutt for ein tur på Hornelen...Litt nedtur det ja...Litt.... Men oppdaga at KK-forma er grei nok med litt meir trening. Med farten eg hadde for ei veke sidan hadde eg klart 10 km på 60 minutt, utan problem. Men betre skal det bli;).

Søndagen vart det fyrsafari saman med mine usedvanleg kjekke foreldre;) Middag på Ulvesund fyr og tur til Skongenes fyr. Flott søndag!

I dag var eg, mamma og pappa (hmmmm, ja eg er visst mykje saman med mine foreldre;)) til Vassenden for å gå Jølstramila (mamma) og sykle Jølstravatnet rundt (eg og pappa). Ein kjempefin dag med ca. 25 grader og tidvis sol:D Sykkelturen vart unnagjort på 1 time og 44 minutt. Distansen er ca. 5 mil og vi hadde ein snittfart på 28 km/t. Ei stund låg vi med ein fart på 38 km/t på flate vegen. Kjekt med racer!!!:D

Utanom dette har eg vore flink med 30-minuttsøkter med rockering nokre gongar i veka + styrkeøkter for overkropp med strikk.