Sider

torsdag 29. mars 2012

I mål!

Då er eg i mål!




Og så oppdaga eg at eg har jo surra noko enormt i innlegget om Dytt i går. Konkurransen starta jo 13. FEBRUAR, ikkje 13.mars. Det betyr at eg har brukt 46 dagar på turen;) Hehe, det får no vere måte på! Det er ikkje alltid hjernen er med desverre....;)

Men ja, kom altså i mål etter ein dag med 17 373 steg:



Eg har så langt lagt bak meg 481 km og 611 247 steg. Og no er det berre å fortsetje å registrere steg for laget sin del, og fortsetje å bevege seg for sin eigen del:)

Ein uvanleg start på dagen = friskuspoeng til meg!

Eg hadde planlagt det allereie i gårkveld, men det betyr ikkje alltid at det blir noko av likevel....Men klokka 05.45 i dag tidleg sto eg opp, heiv på meg dei allereie framlagde kleda og før klokka var 6 var eg koma ut døra! Joggeskoa var på, pulsklokka leita etter satelittar og eg kjende at eg fekk energipåfyll berre fordi eg visste eg var flink;) Eg skulle på joggetur!

Det var mørkt (eg var ute før gatelysa kom på faktisk...Hmmmm, litt galskap kanskje?) og det REGNA, eller rettare sagt så hadde vel alle slusene opna seg. Men pyttsann - ekstra friskuspoeng til meg;)

Eg labba i veg på min "byggjefeltrunde". Her er beviset:


Jadå, mørkt bilde, men sånn er det faktisk så tidleg;) Måløy "by night".

Etter 35 minutt, 4.38 km, 83 meter høgdestigning og 275 kaloriar (jadå, eg har eit bedageleg joggetempo;)) var eg tilbake ved utgangspunktet. Mykje våtare, svett, meir sleta, men muligens med meir energi, og definitivt i betre humør!:D


Så på jobb vart det påfyll med dette før og etter lunsj:


Juice med eple, bringebær, blåbær og banan. Smaksmesssig kan den definitivt anbefalast. Og så er den jo sunn! Men slett ikkje økonomisk. Blir nok berre eit eingongstilfelle denne juicen her for meg (iallfall inntil eg vert millionær). Tè`en (green tea med intense mint) derimot kan anbefalast på alle måtar. God, frisk og sunn!

onsdag 28. mars 2012

Snart i mål!

Ikkje akkurat i livet, men iallfall i "Dytt-konkurransen". "Dytt" er ei bedrift som tilbyr morsomme og enkle program for å auke den fysiske aktiviteten på arbeidsplassar. Ved hjelp av stegteljarar og registrering over ei internettside er folk over heile landet med på konkurransar arrangerte av "Dytt".

Konkurransen no er å gå over Svalbard på 60 dagar, altså gå tilsvarande 480 km på 60 dagar. Men her er det ikkje kun stegteljaren som gjeld. All aktivitet tel og dei fleste aktivitetar ein kan tenkje seg er lagt inn med "skritt i minuttet" på Dytt sine sider. T.d. fekk eg 36 000 steg for ein tretimers langrennstur. Denne konkurransen går i perioden 13. februar - 13. april. "Herr Gjennomsnitt" har eit stegsnitt på 10 000 steg for dag sidan dette er det stegsnittet som er anbefalt aktivitet for folk flest kvar dag. Dersom ein fylgjer "Her Gjennomsnitt" vil ein vere i mål akkurat til fristen 13. april.

Vi er 8 damer frå sentraladministrasjonen i kommunen som har danna eit lag i konkurransen. At vi er så mange på lag betyr ikkje at vi då kan gå kortare pr. person. Neidå, det er snittet til laget som tel. Laget vårt har eit snitt på 11 637 steg (pr. i dag). Nokre på laget held seg langt over anbefalt snitt på 10 000 steg for dag, medan andre ligg litt under dette snittet. Men alt i alt ligg vi godt an med samla målgang på laget 5. april:)

Friskus Nytun derimot skal visstnok gå i mål individuelt i morgon. Med eit stegsnitt på 13 497 steg for dag (pr. i dag) har eg gått over Svalbard på 46 dagar.



Det betyr ikkje at eg er så aktiv kvar dag altså! Men litt jamn aktivitet kvar dag i tillegg til lange og gode turar på ski/truger/sykkel o.s.v. saman med godt selskap i helgane gjer sitt til at eg er i OK aktivitet i kvardagen:) Men sjølv om målgang er i morgon må eg fortsetje å registrere steg fram til konkurranseslutt slik at snittet på laget mitt held seg ved like:)

Elles i veka har det blitt lite aktivitet....



Lang dag på jobb måndag. Måtte ha eit møte på kveldstid....

Men dagen etter vart det sunn frukost for å klare ein ny dag:



 Juice, jernekstrakt, tran, vitamintablettar og riskaker m/smøreost:)

Og i går vart det styrketrening og ein halvtime med rockering til Frustrerte fruer: