Sider

lørdag 28. april 2012

Kapitulert?

Ja, eg sa eg skulle sykle uansett vêr. Men her er snø! Og der eg hadde tenkt meg på tur er det iallfall snø! Så vart gåing/jogging til frå roset/stall/nytun o.s.v. i dag. Ikkje akkurat den treninga eg hadde tenkt, men eg har no iallfall vore eindel ute i frisk luft:) Tok ikkje sjansen på å jogge så mykje sidan dei gode joggeskoa er igjen i Måløy, men fekk ei god "motbakkeøkt" på veg heimatt frå stallen:)


I morgon er det meldt strålande sol, så DÅ SKAL det syklast!;)

Treningskamerat:)

Eg har blitt heilt avhengig av min treningskamerat! Eg var så lei av å ikkje vite kor langt eg bevega meg i løpet av ein treningstur, og etter mange timar med avstandsberekning framfor kartet, og sykkelturar med sykkelcomputer for å sjå kor langt eg sprang på mine turar, bestemte eg meg i fjor haust for å kjøpe meg pulsklokke med GPS! Nerden i meg kom fram og valet var lett. Eg fann ut at eg ville satse på Garmin. Dette fordi dei er dei einaste som har GPS integrert i klokka. Vel ein t.d. Polar må ein ha ein ekstra GPS-mottakar i tillegg til klokka. Eg føler og at Garmin er veldig kompetente, gode og har mykje erfaring med GPS. Klokkene til Garmin er vel kanskje litt store og "klumpete", men for meg var dette betre enn å ha ein ekstra "duppeditt" på kroppen under trening. Eg er og litt skeptisk til ting som skal fungere i lag utan å vere fysisk "connecta". Eg har dårleg erfaring med ting som t.d. skal fungere saman gjennom bluetooth, men det kan kanskje skuldast mi manglande tekniske innsikt;)

Eg gjekk iallfall til innkjøp av Garmin forerunner 305.

Garmin Forerunner 305 - 010-00467-01

Klokka er ein eldre modell, men var anbefalt av fleire dersom ein ikkje var så "opphengde" i estetikk. Den var billigare enn dei nyare modellane, og hadde minst like mykje gode eigenskapar som dei nye "fancy" modellane. Denne var min gode turkamerat i ca. 5 månadar. Men etterkvart vart eg lei av kalorimålaren på denne. Den rekna kun kaloriar utfrå kor lang ein hadde bevega seg på så og så lang tid. Dette ga eit veldig feil bilde. På t.d. ein sykkeltur ville du ha brukt mykje kaloriar, medan ein på ein trugetur nesten ikkje hadde brukt noko. Kaloriar har eigentleg ikkje så mykje å seie, men det gjev eit veldig bra bilde på kor god treningsøkt ein har gjennomført. Av den grunn kjøpte min snille pappa klokka av meg sidan han ikkje er så oppteken av dette med kaloriar:)

Men sidan eg eigentleg var ganske så fornøgd med denne klokka undersøkte eg om ein kunne finne same klokka, men med ei anna kaloriutrekning. Og det fann eg! Eg gjekk til innkjøp av Garmin Forerunner 310 XT.


Garmin Forerunner 310XT HR - 010-00741-01

Dette er i prinsippet same klokka som 305, men den nyaste modellen (derav noko utbetra). Denne er den perfekte turkamerat for meg (sånn bortsett frå menneske då;)). Den har alle dei gode eigenskapane som 305 har, men i tillegg har den PULSBASERT KALORIMÅLING. D.v.s. at den måler kaloriane utfrå kva puls ein har, og ikkje utfrå tid/lengd. Dette passa meg mykje betre, og no får eg ei nøyaktig (kan aldri bli heilt nøyaktig, men...) måling av kaloriar same kva friskusaktivitet eg bedriv. På denne måten får eg ei oversikt over kor bra treningsøkt eg har hatt samanlikna med andre treningsøkter. Men kvifor finst det ikkje kalorimåling so måler kaloriforbruk både utfrå puls, tid og avstand? Det ville jo vore perfekt! Eller finst det?

Treningsøktene blir lagt inn på min Garminkonto på internett, og eg får opp fakta om økta og grafar som syner tid, kaloriforbruk o.s.v. I tillegg til at treningsturen kjem opp på kart. Og det er ganske så nøyaktig altså! Det syner til og med kva side av vegen eg har trena på fram og tilbake! Det einaste eg har å utsetje på denne er at den av og til er treig til å finne satelittar. Dette kan vere ganske så irriterande, og det skjer særleg viss eg har trena langt vekke sist eg brukte den (har eg t.d. trena heime i Blakset sist tek det ofte ganske lang tid før den får satelittkontakt ved neste treningsøkt i Måløy).

Eg har som sagt blitt heilt avhengig, og må eg ta ei treningsøkt utan min treningskamerat er det liksom ikkje det same....;) Den gjorde eit stort "innhogg" i budsjettet, men eg har ikkje angra ein dag! Det er utruleg kjekt og motiverande. T.d kan eg på min treningstur sjå korleis eg ligg an i høve til ein "virtuell partner" og "kjøre på" dersom eg er dårlegare enn min "virtuelle partner". Eg kan også analysere turen min når eg kjem heim og sjå om eg gjorde det betre eller dårlegare enn sist. Kjekt, motiverande og inspirerande for slike nerdar som meg! Og det som er bra er at no treng eg heller ikkje sykkelcomputer lenger! Eg har sjekka pulsklokka opp mot andre pulsklokker og opp mot sykkelcomputer, og resultata er overraskande like.

Så for alle "dokke" treningsnerdar der ute; "kjør på"!;)

Klar for ny innsats!

Lappetesten er ferdig! Fekk konstatert at eg er allergisk mot det meste....Bortsett frå alt anna eg allereie visste at eg er allergisk mot viste det seg at eg er allergisk mot eit stoff som ein finn i alt av såper, shampo, balsam, hudkremar, mascara, olje, spylarveske o.s.v..= umogleg å halde seg vekke frå....Men pyttsann, eg har hatt det slik dei siste 28 åra, så det er det einaste eg veit om = eg tek det ikkje så tungt;) Eg feira heile lappetesten med å ta ein dusj og VASKE HÅRET. Har funne kreative løysingar på dusjing denne veka, men håret måtte eg berre gje opp å få vaske sidan lappetesten var plassert heilt oppå skuldrane mine...

No føle eg meg "råta" etter ei veke utan aktivitet, og ser fram til ein god sykkeltur i morgon, same kva vêr det er!

Oppdatering frå morgondagens sykkeltur kjem:)

mandag 23. april 2012

Å Vestland, Vestland...

Fredagen gjekk med til kjempekjekke festlegheiter i Måløy, medan den planlagde sykkelturen laurdag utgjekk grunna den kranglete foten til friskus Rand. Då nytta like gjerne Friskus Nytun sjansen til å ikkje gjere nokon ting;)

Men i går vart det friskus på "Nordfjordtour":) Eg tok med meg far, bror og kjæreste til Sandane for å sykle Sandane - Kandal:)

Det var ein flott tur i nydeleg vêr. Desverre var det ein litt sånn "uflaksdag" der m.a. sykkelen til Pelle takka for seg og han måtte snu før målet var nådd.

Mekking....

Vi andre trakka egoistisk og målbevisst vidare;)



Vi ankom etterkvart Midt-Kandal, og konkluderte med at her var det no nesten brattare enn i Randabygda til og med;)

Veldig dårleg bilde med sola i mot. Men, men...


Vi sykla oss deretter tilbake til utgongspunktet og bila oss heimatt.

Nerdefakta:
Lengd: 3,83 mil.
Tid: 2 timar og 16 minutt (dette er ikkje rein sykkeltid!).
Høgdestigning: 323 meter.
Kaloriar: 860.
Puls: gjennomsnitt 160. Maks 191.

Etter sykkeltur måtte eg berre kome meg i gong med å skifte dekk på "Gullet". Og sidan eg jobbar så seint med dette, og sommarhjula og felgane er så tunge, så fekk eg meg nesten ei treningsøkt her og;) No kryssar eg berre fingrane for at det ikkje kjem meir snø!


 
I dag har eg vore å sjukehuset ein tur for å ta litt allergitestar o.s.v. Eg hadde store planar om å nytte sjansen til å gå på Ossætra når eg likevel var på Eid. Men på sjukehuset fekk eg ein "lappetest" på ryggen, og fekk beskjed om at eg ikkje burde trene, svette eller dusje denne veka:( Skrekk og gru!!! Så då var det berre å kome seg heimatt i sofaen og glede seg til ei friskushelg etter at "lappetesten" er over på fredag i staden for...











torsdag 19. april 2012

Slapp friskus?

I går var det desverre lite som minnte om friskus her...Eg sov middag i heile 3 timar! Etter at eg vakna fekk eg trena 3x20 bicepscurl og 3x20 skulderhev med strikk medan eg såg på "good christian bitches". Bra underhaldning! Men så var det egentleg tid for å legge seg igjen, men sidan eg var ganske sikker på at eg ikkje kom til å få sove sette eg meg i sofaen for å sjå på fjernsyn i staden for, og då SOVNA eg!

Einaste uteaktivitet i går var på jobb:)

Eg veit at dersom eg let meg sjølv få vere så slapp så blir det berre verre. Så i dag var eg og joggeskoa mine komne ut døra kl.05.55!



Det var ein tung joggetur i dag, og sjølv om eg hadde kompresjonsstrømper på var leggane mine stive og vonde. Eg burde ikkje jogge så mykje på asfalt, men det er ganske så uaktuelt å stå opp før fuglane kvitra for å kome seg til ein plass med grus...

Men no har eg iallfall funne fram dei gamle joggeskoa mine, så eg får sjå om det hjelper:) I helga vert det iallfall joggefri. Eg har tenkt å lufte terrengsykkelen og kjære Vibeke laurdag, og raceren og kjære pappa søndag:)

Nerdefakta morgonjogg:
Lengd: 4,45 km.
Tid: 35 minutt.
Høgdestigning: 82 meter.
Kaloriar brukt: 277.
Puls: gjennomsnitt 164. Maks 190.

tirsdag 17. april 2012

SOLdag:)

I dag var det sol, stort sett frå skyfri himmel her! Det må berre nytast! Og må ein på jobb så får ein nytte sjansen til nyting når ein kan = eg starta dagen med ein morgonjoggetur:)

Eg snubla ut døra klokka 05.55 i dag (omtrent på dei tider eg legg meg i helgane - eg er egentleg eit utprega B-menneske!). Og det var KALDT ute! Men det som var bra med kulden var at eg då kunne bruke hue i dag, og det betyr at dei teite øyretelefonane mine for ein gongs skuld heldt seg på plass inni øyra i dag!

Eg hadde ein flott tur som desverre var ferdig før soloppgong.

Hornelen badar seg i sol allereie kl. 06.30:)

Stort sett greit å jogge i dag, men føtene var tunge og det føltest nesten som dei ikkje fekk nok oksygen;) Eg er ikkje akkurat kjend for min gode blodsirkulasjon, men ein ting er sikkert; det blir iallfall ikkje betre av å ikkje trene!

Nerdefakta frå morgonjogg:
Lengd: 4,5 km.
Tid: 34 minutt.
Hødestigning: 115 meter.
Kaloriar brukt: 331.
Puls: gjennomsnitt 169. Maks 191.

Etter joggetur måtte eg til med skikkeleg frukost:

Heimelaga frukostblanding laga av kjære Vibeke! Mandarinjuice, jernekstrakt, tran og vitamintablettar. Klar for ein ny dag!

Etter jobb var det tid for meir solaktivitet, og min kjære kollega og helseguru Unni vart med på tur til det fantastisk flotte Skongenes fyr:) Det var ein super tur, i supert vêr med supert selskap! Vi heldt eit OK tempo slik at den egentleg lette turen vart litt trim:) Eg let stort sett bildene tale for seg sjølv her:








Eg gløymte å sjå på pulsklokka når vi kom fram, så eg veit ikkje kor lang tid vi brukte. Estimert tid kvar veg er 60 minutt. Tilbake brukte vi akkurat 50 minutt:)

Nerdefakta (gløymte å skrue av pulsklokka når vi kom fram, så dette er tal frå absolutt heile turen, inkludert pause, sightseeing og fotosession + at eg ikkje skrudde av klokka før eg hadde køyrt nokre meter med bilen;)):
Lengd: 6,7 km.
Tid: 2 timar 19 minutt.
Høgdestigning: 366 meter.
Puls: gjennomsnitt 127. Maks 176.
Kaloriar brukt: 619.

mandag 16. april 2012

Overinspirert!



I går vart eg angripen av overinspirasjon etter at eg hadde krølla meg saman i sofaen saman med ein kopp tè (tusen takk for kjempegode tè`ar Vibeke og Randi Line!) og nyaste utgåvene av Shape Up og Fjell og vidde.



Søndagskos:)


Eg har ikkje godt av å lese slikt, og får lidelsen overinspirasjon;) I går vart eg så inspirert at eg hadde problem med å få sove.

Desverre kreve det både tid og ikkje minst litt pengar å få gjennomført alt eg vil, men eg får ta litt kvart år. Men eg trur nok lista over ting eg berre må oppleve aldri tek slutt - den vert nok berre lenger og lenger;)

Men i år er det iallfall dette som er planlagt, så får vi sjå kor mykje som vert råd å realisere:

1) Kajakkurs på Værlandet.
2) Sykle over Flofjellet og gå på Hornelen (dette skal vi prøve å få til same helga).
3) Sykle Eidsvoll-Oslo saman med pappa. Dette er nærast blitt ein tradisjon!:)
4) Aktivitetshelg i Lysefjordområdet.
5) Fjellfilmfestival.
6) Topptur i Jotunheimen.
7) Kanskje ein sykkeltur gjennom Grimsdalen eller ein fottur gjennom Aurlandsdalen i lag med Pelle?

Og når alt kjem til alt så er det godt at ein let seg inspirere og begeistre. Og det er iallfall kjekt å ha noko å planlegge mot og sjå fram til - sjølv om det kanskje ikkje blir noko av absolutt alle planane. Halve moroa er jo å planlegge;)

Dytt-oppsummering i tal

Dytt-konkurransen vart avslutta i si heilheit sist fredag. Her kjem litt tal frå konkurransen.

Generelt:

Tal deltakarar: 14 400.
Tal lag: 2182.
Totalt tal steg: 9 992 725 592.
Totalt tal kilometer: 7 863 128.
Rundar rundt jorda: 196,2.

Eg:

Plassering: nr. 4147 av totalt 14 400.
Tal steg: 827 198.
Tal km: 651.
Asluttande stegsnitt på meg: 13 560.

Mitt lag:

Laget vart nr. 1254 av totalt 2182 lag.

Og i tillegg vann alle på laget mitt Dytt-fleecegensarar for nokre veker sidan. Det vart jo litt plaster på såret sidan ingen av oss vann gåvekort på reise no avslutningsvis;)

søndag 15. april 2012

"Halvfriskushelg"

Denne helga har gått med til litt sånn "halvfriskusaktivitetar". D.v.s. at eg har vore i aktivitet, men det har ikkje vore så voldsomt "friskusprega".

Fredag hadde eg gjebusdag så denne dagen gjekk med til middag, kake og fest:)

På veg heimatt frå Måløy denne fredagen var det dette som møtte meg ca. på Bryggja.....Det freista ikkje så veldig med den planlagde friskusaktiviteten denne helga; sykling....



Laurdag måtte eg i stallen ein tur og så vart det gåtur saman med mamma etter det. Hadde tenkt meg på sykkeltur, men etter at det kom ca. 20 cm nysnø natt til laurdag freista det ikkje så mykje....På slutten av denne turen fekk eg jogga litt i hard motbakke og. Litt sånn sjokktrening for rumpe og lår;)

Markert skilje mellom snø/ikkje snø på turen vår laurdag.



Nerdefakta frå turen:
Lengd: 6 km.
Tid: 1 time og 32 minutt.
Høgdestigning: 327 meter.
Kaloriar brukt: 326.
Puls: gjennomsnitt 123. Maks 190.

I dag vart det sykkeltur. Den vart ikkje så lang, men hadde god stigning. Det som er så dumt her på desse kantar er at sykkelturane ofte går rett opp for så å gå rett ned tilbake. Konsekvensen er noko dårleg treningseffekt og at ein vert veldig kalde på veg heimatt...Eg fann iallfall ut at mi sykkeljakke som har vore ein god turkamerat i 5 år er klar for utskifting...Ho kan vel ikkje akkurat kallast vindtett lenger desverre. Men det var ein super tur i sol faktisk! :D


Gode, gamle sykkel klar for tur (med mi nye drikkeflaske med teksten "consultants rock". Tusen takk, Unni;)).





Nerdefakta frå sykkelturen i dag:

Lengd: 2.37 mil.
Tid: 1 time og 57 minutt.
Høgdestigning: 475 meter.
Kaloriar brukt: 619.
Puls: gjennomsnitt 153. Maks 185.


onsdag 11. april 2012

Friskus på middagsjakt vart plutseleg leia ut i freisting;)

Nei, det er ikkje ei dårleg avisoverskrift, det er faktisk heilt sant!

Eg har sjølv vore litt usikker på denne sjølvutnemnde friskustittelen min i det siste. Det har skjedd litt som har krevd litt tankeverksemd utanom det vanlege i det siste, så all energien min har gått med til tenkjing (ja, det er desverre ikkje mykje energi å ta av..). Eg får jo meir energi av å trene, men det var den dørstokkmila då;)

I dag hadde eg tenkt å bedrive litt styrketrening, og så jogge før jobb i morgon. Men så spurde min kjære kollega Unni om eg hadde middagsplanar i kveld, og etter at eit vagt bilde av middagsrestar for forbi i haudet mitt resonnerte eg meg fort fram til at eg egentleg ikkje hadde nokon voldsomme middagsplanar. Kveldsplanane vart endra og eg lurte på om eg kom til å klare å tvinge meg sjølv til trening etter ein god middag = lite truleg;) Så då fann eg ut at eg fekk ta ein omveg på den egentleg korte turen til Unni:)

Opphavlege ca. 700 meter vart til ca. 3-4 km etter ein joggerunde rundt byggjefeltet i staden for ein gåtur gjennom byggjefeltet.

Eg ser "heimatt" til bunkersen i enden av byggjefeltet:)


Utsikt mot Måløybrua.

Svett og forkava ankom eg restauranten der helseguru Unni hadde diska opp med ein utruleg god og utruleg sunn middagsrett!:D Maten var rett og slett femstjerners, og etter mat vart det musserande vin til dessert = friskus leia ut i freisting....Oppvask og klevask som venta heima vart skubba langt bak i hjernen - det er no "lillelørdag";)


Helseguru Unni og pinkflaska som leia meg ut i freisting;)


Men som det står på flaska: "a perfect way to add a little sparkle to any occasion". Så då er det vel greit då;)

Til og med friskusar kan lett leiast på villspor!;)

Ingen nerdefakta i dag sidan pulsklokka mi bestemte seg for å ikkje finne satelittar før turen var godt i gong....Ganske irriterande...I tillegg til at mine håplause "øyretelefonar" som høyrer til telefonen spratt ut av øyra for kvart steg og at kroppen ikkje hadde dagen i dag vart sjølve treningsturen meir ein tortur-tur. Men dagen enda no godt likevel;)

fredag 6. april 2012

Påsketur med påskestemning!

I dag var det tid for litt påskeaktivitet. Sola var framme og det var berre å kome seg til fjells!:D

Truger vart valet i dag og sidan eg og skiskoa mine ikkje er heilt samde om alt...Eg fekk selskap på friskusturen min i dag. Jan-Arild og Pelle vart med på ski, og vi vende snuten mot støylen vår; Raufjell. Raufjell ligg på ca. 750 m.o.h og på vinterstid er det ein del høgdemeter stigning for å kome opp. Eg var litt skeptisk til å gå så langt på truger med turselskap som gjekk på ski, men eg tenkte at det skadar no ikkje å prøve (og var fullt klar over at nedatt måtte eg klare meg sjølv;)).

Vi starta litt nedom Leite i dag (der eg gjekk nedatt frå "rørgateturen" min i går).

Leite i dag. Påskesola som mangla i går var framme i dag:D

Leite. Bilde mot rørgata.

Turfølget mitt klare til å spenne på seg skia på Leite.


Frå Leite bar det vidare oppover mot Raufjell i strålande sol. Til tider var det vankeleg å halde fylgje med dei på ski, men sidan det er ganske mykje stigning oppover gjekk det ganske greit. Det største problemet var vel at eg berre MÅTTE ha fotopauser heile tida. Men sånn er det med så fin natur og så fint vêr. Det MÅ dokumenterast;)


Utsikt nedover mot Leite.

Vinglete trugespor. Det var ikkje promille inne i bildet, men blir litt "fram og tilbake" når ein leitar etter gode motiv;)

Framme på Raufjell!

Obligatorisk "påsketursjokolade":)

Strålande nøgd trugegåar i sol:D


Vi brukte heile 1 time og 52 minutt opp, men det var inkludert fotopauser og "snakkemedkjentfolkpauser". Dette var jo mest å rekne for ein søndagstur:) Nedatt var mine to turkameratar flinke å vente på meg av og til, heilt til eg sa til dei at det var ikkje nødvendig;) Eg storkosa meg i sola og jogga mykje av vegen nedatt. Jogging på truger funkar fint så lenge det er litt underlag ein kan sige ned i (det er ikkje godt å jogge på tettpakka underlag med truger) og litt nedoverbakke. Det følest stødig og godt, og ein kjem seg fort fram. Nedatt brukte eg 57 minutt. Dette var inkludert fotopause og gåing på grusveg uten truger dei siste 15 minutta (måtte gå heilt heimatt sidan turfølget mitt tok bilen. Men dette var planlagt:)).

Nerdefakta

Tid: 2 timar og 49 minutt.
Lengde: 9,16 km.
Kaloriar brukt: 885.
Snittpuls: 158.
Total stigning: 503 høgdemeter.

Ein strålande flott påsketur i strålande sol og med flotte turkameratar! "Alle var enige om at det var ein fin tur";)





torsdag 5. april 2012

Varierande "trugeføre"

I dag var det på tide med litt friskusaktivitet igjen. Påskevêret er ikkje heilt optimalt, men det betyr ikkje at ein kan halde seg inne likevel!

"Klok av skade" leita eg i dag fram trugene mine, og planla ein tur opp "rørgata". Ein veg over røra til eit lokalt vasskraftverk her i bygda. Denne turen byr på voldsom høgdestigning på kort tid, så det er forholdsvis effektiv trim i flott natur:)

Eg starta på grus, utan truger og i grei gangfart, etter ca. 5 minutt kunne eg spenne på meg trugene og tusle avgarde. Men det var sterkt varierande "trugeføre" som møtte meg. Mykje snø ein plass, og så lyng og gras ein annen plass. Men alt i alt var det OK å gå på truger i dag.

Ikkje alltid like optimalt for truger i dag....

Det var godt å kome seg ut i frisk luft igjen i dag. Eg merka at eg hadde eit behov for å kun vere i naturen og slite meg ut. Av og til har eg det slik:)

Snart på toppen av rørgata!

På toppen av rørgata = Leite. Manglar berre litt sol her, så er det full påskestemning:)


Nedatt frå Leite vart det litt jogging på truger. Det funka faktisk fint, men er jo veldig tungt då. Men det er jo litt av vitsen med det og!

Dei siste 10 minutta av turen kom eg innpå grusveg og måtte av med trugene igjen. Dei funkar dårleg på grus;)


Nerdefakta:

Tid: 1 time og 39 minutt.
Lengde: 4,66 km.
Kaloriforbruk: 625 kaloriar.
Gjennomsnittspuls: 167.
Total stigning: 312 høgdemeter.

Og når eg kom heimatt frå trugeturen hadde jammen påskeharen vore på besøk og! Og det påskeegget innehelde vel alle kaloriane eg har klart å gå av meg opp rørgata;)

søndag 1. april 2012

Friskus i snøvêr = "bomjoggetur"

Fredag planla eg friskusaktivitet for laurdagen. Eg bestemte meg for å jogge rundt Ulvedalstjønna, og såg for meg kvitrande fugleidyll, solidyll, tørre skogsvegar utan snø o.s.v. Optimistisk? JA - iallfall med tanke på at det var snø ute og at sola sjeldan er tilstades uansett kva årstid det er....

Men, men, laurdag tok eg iallfall beina fatt. Det at det snøva så tett at eg nesten ikkje klarte å sjå noko tok eg tydelegvis ikkje som noko hint...

Etterkvart tok eg av frå hovedvegen (og ja; det snøva framleis tett), og det bar vidare oppover skogsvegen mot Tjønna. Til høgare eg kom, til vanskelegare vart det å springe, og når eg kom opp til Tjønna gjekk eg gjennom snøen for annakvart steg og kunne berre gje opp å jogge meir.

Vår?

Og ikkje lenge etter måtte eg gje opp å gå og;) Det vart mest kryping i fleire km, og eg såg draumen om vinden i håret og tørr skogsveg under joggeskoa forsvinne langt i det fjerne...Her var det berre å bite tennene saman og krype seg heimatt (veldig dramatisk;)).

Joggevenleg? Hadde nok vore meir lurt med truger i dag...

Omsider kom eg meg til sivilisasjon igjen og eg kunne til og med jogge dei siste kilometrane. Ikkje akkurat den turen eg hadde planlagt, men fekk likevel god trim. Og ikkje minst; FRISKUSPOENG TIL MEG;)


Nerdefakta om turen:

Lengde: 6.91 km
Tid: 1 time og 18 minutt
Høgdestigning: 212 meter
Kaloriar brukt: 631 kaloriar
Puls: snittpuls 170 - makspuls 197