Sider

tirsdag 14. august 2012

Stovegolvet og Landåsen.

Dei siste dagane har det vore strålande sommarvêr her på Stord!:) Eg har fått vore mykje ute, både på jobb og elles. Som vanleg syklar eg til og frå jobb, så det blir ca. 11 km og 300 kaloriar brukt "gratis" kvar dag;)

Og så er det så fiiiiiint å sykle til jobb!:)


An apple a day keeps the doctor away;) Vi får gratis frukt på jobben. Dei kjem med ei stor korg måndagane som vi kan forsyne oss av så mykje vi vil resten av veka!:)


I går var eg på rettsmøte heile dagen, og stort sett heile møtet vart nytta til synfaring ute. Kjempekjekt!:) (Bortsett frå alle myggstikka eg fekk då...)

Etter jobb i går vart det ein tur på fjellet "Stovegolvet" saman med Pelle. Eg hadde vel mine tvil om vi var på rett veg; for det første var det dårleg merka og for det andre var det ingenting i nærleiken som vitna om noko stovegolv! Etter ei "sniktitt" på turen som var lagt inn på telefonen kunne eg bekrefta at vi nok var på rett veg, og eg konkluderte med at det iallfall såg ut som vi var på veg på ein eller annen topp, Stovegolv eller ikkje...Vi kom oss opp, og ikkje før vi kom heilt opp til eit hus som står der skjønte vi at det muligens kunne vere Stovegolvet likevel - for akkurat der attmed hytta var det eit heilt flatt, stort fjellparti. Okay då, ja vi var nok på rett plass:)







Nerdefakta Stovegolvet (eg klarte å gløyme min treningskamerat pulsklokka heime! Så her er det Endomondoen på telefonen som har gjort jobben):
Lengd: 5,11 km.
Tid: 1 time 41 minutt (54 minutt opp).
Total høgdestigning: 323 meter.
Kaloriar brukt: 746.

I dag var det innedag på kontoret, og eg har sete og svetta over ei rettsbok i heile dag (men egentleg var det no ganske så kjekt då;)). Etter jobb og sykling heimatt heiv eg i meg eit glas juice og eit eple før eg og Pelle køyrde til Landåsen for å prøve ut løypene der: http://www.visitsunnhordland.no/no/Produkt/?TLp=322707

Berre så synd at dette ikkje ligg nærare der eg bur. Det freistar lite å først sykle heimatt etter jobb, for så å sykle tilbake same vegen for å jogge. Men løypene var så kanonbra at eg trur nok det blir slik at eg tek med meg joggekle på jobb ein gong i veka, og reiser i Landåsen og joggar etter jobb før eg syklar heimatt:)

Eg jogga raud løype beskriven i linken lenger oppe, medan Pelle gjekk grøn løype (eller rettare sagt så rota han seg vekk, og enda opp med å traske 6,6 km i staden for;). Det var tungt å jogge i dag, kroppen var tung, beina var tunge og "magevondten" som eg har slite med sidan søndag kjende eg godt siste halvdelen av turen....Men løypa var kjempebra og det er godt tilrettelagt med gode grusvegar alle plassar. Merkinga derimot var meir begredeleg...Ganske lik merkinga i fjellet her;)

Men fy så dårleg joggeforma er for tida! 7,14 km på 50 minutt! Det vitnar ikkje akkurat om nokon rekord under KK-mila....Men til mitt forsvar var dette ei kupert løype då;) Jaja, unnskyldningar, unnskyldningar...;) Men eg har iallfall lova meg sjølv at ein gong i veka skal denne løypa i Landåsen joggast! Så får vi sjå om forma kjem seg noko til KK-mila som er om kun ein månad:s

Nerdefakta raud løype Landåsen:
Lengd: 7,14 km.
Tid: 50 minutt.
Gj.sn.tempo: 7 min/km.
Høgdestigning: 104 meter (så det så!;))
Puls: snitt 178. Maks 197.
Kaloriar brukt: 449.

I tillegg har eg kjøpt meg skikkelege øyretelefonar til den nye telefonen. Og når eg no òg har offline-liste på Wimp kan eg endeleg nyte litt musikk under treninga igjen:D

Vasstette, og så kan dei tilpassast mine små øyrer. Perfekt!

1 kommentar:

  1. Litt knotete å finne vegen opp ja, men det gikk no bra!

    SvarSlett