Sider

søndag 5. august 2012

Daffesøndag...Og litt sommarfuglar i magen...

I dag har det vore lite friskus her...Starta dagen med å lage knekkebrød, og oppdaga til min store forferdelse at det ikkje var varmluftsfunksjon på den fancy steikjeomnen i leilegheita...Sukk...Så det vart litt blaute knekkebrød:(....

Etter husmorarbeid vart det ein kort sykkeltur for å prøve ut sykkelvegen til min nye jobb. Eg brukte 25 minutt i dag, inkludert eindel knoting, så eg reknar med eg etterkvart kjem til å bruke ca. 20 minutt kvar veg. Akkurat passeleg:) Men eg MÅ kjøpe meg hybridsykkel no! Eg har sett igjen den gamle terrengsykkelen min heime i Blakset av to grunnar; 1. Den er så utsliten at eg likevel må kjøpe meg ny sykkel no. Særleg når eg no skal sykle 1 mil kvar dag til og frå jobb. 2. Eg vil gjerne ha ein sykkel å bruke når eg er heime i Blakset. Så no brukar eg raceren, og det kan funke ei stund, men dersom eg skal bruke den lenge til dette så trur eg den fort vert utslitt. Det er mykje holer, skarpe kantar og laus grus på den gang- og sykkelvegen. Eg ser at Intersport er den dominerande sportsbutikkjeden her, så eg har sett litt på hybridsyklar frå Intersport, og reknar med eg enda opp med denne:

http://www.intersport.no/product/413107(BC_4)/nakamura-nitro-30--hybridsykkel-dame/

Den har scora bra på testar, har godt gir, låsbar dempegaffel og skivebremser, og så er det ein nokelunde overkomeleg pris og då;)

No har eg flata ut på sofaen, og kjenner sommarfuglane sakte men sikkert kome fram i magen når eg tenkjer på min første dag i min nye jobb i morgon. Dette blir spennande!

Kosar meg på sofaen ikledd mine flotte heimelaga tøfler laga av kjære Friskus Handeland!

No skal eg nyte ein kopp god kaffi og ladde opp til morgondagen:) Og takk og pris for at eg skal sykle til jobb, for då får nervane roe seg litt;)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar