Sider

torsdag 23. august 2012

Friskus ikkje fullt så frisk?

Ja, av og til går det ikkje som tenkt...Eg har heile tida sagt at eg er heldig som har ein kropp eg kan presse og presse utan at den seier noko på det...Der tok eg feil. Realiteten er at den har sagt frå, i fleire år sannsynlegvis...Men eg trudde det skulle vere slik eg.

Har lenge (så lenge eg kan huske. Iallfall sidan eg byrja å trene litt meir aktivt i 2005) hatt problem med slitne bein. Får lett mjølkesyre, stivnar, føler beina er tunge, gangsperre, beina "sovnar" (når eg syklar, joggar, rockar med rockering...) o.s.v.

Utdrag frå blogg 17. april i år:
"Stort sett greit å jogge i dag, men føtene var tunge og det føltest nesten som dei ikkje fekk nok oksygen;) Eg er ikkje akkurat kjend for min gode blodsirkulasjon, men ein ting er sikkert; det blir iallfall ikkje betre av å ikkje trene!"
 
19. april i år:
"Det var ein tung joggetur i dag, og sjølv om eg hadde kompresjonsstrømper på var leggane mine stive og vonde. Eg burde ikkje jogge så mykje på asfalt, men det er ganske så uaktuelt å stå opp før fuglane kvitra for å kome seg til ein plass med grus..."

Så feil kan ein ta....Ein lære så lenge ein leve;)

Eg trudde eg hadde dårleg blodsirkulasjon, og vart "avfeia" med min eigen konklusjon under eit legebesøk i 2006-2007. Då fekk eg beskjeden; "det er slik du er, det er ingenting å gjere. Hold deg i aktivitet". Og det har eg gjort, både før og etter, men eg kjem liksom aldri "over kneika". Og ikkje kunne eg forstå at eg aldri skulle klare å byggje tilstrekkeleg med musklar i legg til å sleppe å bli så fort sleta....No er eg lei, og innsåg at mine beinproblem sette ein stoppar for treninga.

I dag vart det tur til doktor, og etter mykje om og men konkluderte han med at eg sannsynlegvis har "Kompartmentsyndrom". Kort fortalt; det er rask auke i muskelvolum i leggen og muskelhinna rundt musklane klarar ikkje å strekke seg tilsvarande mykje. Det vert følgjeleg trykk i muskelen og det vert danna mjølkesyre. Lekkasje pga mjølkesyra fører til opphovning som aukar trykket i muskelen. Dette igjen fører til redusert blodsirkulasjon. Med andre ord trenar eg så og seie heile tida anaerobt (utan tilstrekkeleg oksygen) når det kjem til musklane i leggane.

No står eg på vent til sjukehus....Så får vi sjå. Eg prøvar å kome på litt meir "snille" treningsformer. Ein ting er iallfall sikkert; eg skal desverre ikkje jogge på ei stund....

Men, men, stay tuned - Friskus har ikkje lagt skoa på hylla enno;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar