Sider

søndag 11. januar 2015

Klar og motivert - mi "helvetesveke"!

Eg kjøpte boka "helvetesuka" for snart eit år sidan, trur eg... Eller kanskje det var i haust... Jaja, lesinga har iallfall gått litt seint. Men så fekk eg spørsmål om å vere med på ei slik veke, og svaret mitt var; "ja sjølvsagt, må berre lese ferdig boka først!". Det skjedde aldri... Det er noko med å motivere seg til å lese noko som krev hjernekapasitet når ein har brukt hjernen sin heile dagen på, til tider, veldig krevjande jobb. Så litt før jul fann eg ut at her måtte vi berre setje av ei veke på nyåret, så eg fekk press på meg. Press funkar som regel bra, og no set eg her, motivert og klar for mi helvetesveke. Startskotet går i morgon kl. 5.00!

Helvetesveka er kort fortalt ei veke der du skal vere ekstra disiplinert, hardtarbeidande, fokusert, bevisst og pliktoppfyllande. Ein skal fylgje planane ein har laga seg, trene mykje, leve sunt, vere i seng kl. 22, oppe kl. 5, ikkje sjå på fjernsyn m.m.

Fleire har stilt spørsmål om eg i det heile teke treng ei slik veke. Og eg kan vere samd i at mi helvetesveke nok ikkje kjem til å ha hovudfokus på å innarbeide struktur eller planar, for det er ting eg føler eg allereie har grei kontroll på. Men det handler meir om å sjå at eg klarar å gjennomføre, og kanskje lærer eg noko nytt om meg sjølv i prosessen. På same tid har eg fleire småting eg vil jobbe med, som t.d. venne meg av med å trykke på slumreknappen, om og om igjen, kvaaaar morgon. 

Eg trur alle har godt av ei helvetesveke, for sjølv om vi er forskjellige, så har vi alle utfordringar, ting vi slit med og forbetringspotensiale. No er eg iallfall ferdige med førebuingane og har planane klare. I morgon skjer det!

Stormen "Nina" tok i går straumen frå meg. Eg lot meg ikkje stoppe, og nokre av dei siste førebuingane til helvetesveka vart gjorde med haudelykt!

Boka er lesa, eg har tenkt og planane er klare. Eg har laga meg eigne lister med reglar, ting som skal gjerast ("to-do-liste"), treningsplan, overordna plan for veka og dagsplan.

Joggekle og "sykle-til-jobb-kle" er lagt fram, og bagen er pakka med arbeidskle og treningskle. Dette føler eg var ein mjuk start på helvetesveka, då dette er ein vane eg allereie har innarbeidd. Det er godt ein er gode på noko!

No skal eg ete chips, is og sjokolade! Må no ha eit lager å tære på gjennom helvetesveka. Haha.

Stay tuned!

1 kommentar: