Sider

tirsdag 13. januar 2015

Helvetesveka dag 2 - modus og fokus

Dagen starta kl. 5, utan slumreknapp! Egentleg var eg berre glad for å få stå opp,for makan til rotete natt altså! Sov, vakna, drøymde, var bekymra. Aaaaaah, det var ein lettelse då klokka ringde!

Rapportert til min "medhelvetesvekar" kl. 05.02.

Så var det jogging igjen då. Supermotivert! Eller ikkje...


Men jogging vart det, og pulsklokka kunne rapportere om forbetra kondis. Huhei!

Så gjekk dagen sin gong med sykling, jobb, ærend (eit stykke i feil retning i høve til treningssenteret og heim, så då vart det ekstra trim) og trening. Treninga var det berre såvidt eg overlevde (er eg overbevist om), sidan det var "mr. eg er så glad i å hoppe" som hadde kettlebellstreninga i dag. Oppvarminga var hopp, hopp, hopp og alle såkalla "pausene" skulle det hoppast i. Var det godt for mine problemleggar med beinhinnebetennelse? Nei! Men ein går ikkje frå ei treningsøkt, så her var det berre å bite tennene saman. Overlevde òg, faktisk... Og kom seint heim... Noko som betyr for sein middag og stress for å kome seg i seng tidleg nok. Men så slo det meg; treninga eg var på i gårkveld og i kveld, er treninger eg alltid går på. Kvifor blir eg då så stressa av å kome så seint heim denne veka, når det til vanleg ikkje er noko problem? Det var noko å tenke på det...

Så til temaet for i dag, som altså er modus og fokus... Modus er "sinnstilstand" og fokus er når ein er i ei sone der alle sansane og all konsentrasjon er retta mot ei oppgåve. Dette er vanskeleg! Å definere kva modus ein til ei kvar tid er i, og lære seg å gå inn og ut av ulike modus er vanskelegare enn ein skulle tru. Kor bevisste er folk på dette? Eg opplever det som noko som går automatisk. Men ei bevisstgjering ville nok ha gjort meg meir effektiv og "til stades" i det eg held på med. På same tid kan ein oppnå meir og få meir suksess i det ein held på med dersom ein klarar å setje seg sjølv i rett modus, t.d. før eit viktig møte.

Eg har iallfall tenkt og kome fram til at eg sjelden er 100 % fokusert. Men eg har klart å definere to situasjonar og modus (eg er alltid i same modus kvar gong eg er i desse situasjonane, trur eg) der eg, omtrent utan unntak, alltid er 100 % fokusert. Kvifor er ein sjelden 100 % fokusert? Kva gjer at eg er 100 % fokusert i dei situasjonane der eg er det? Har det noko med kva modus eg er i? Gjer eg det egentleg, på ein måte, bevisst?

Det viktigaste eg har lært i dag: modus og fokus er vanskeleg. Det må jobbast med! (Og hopping er ikkje bra for beinhinnebetennelse).

God natt, no skal eg etter boka vere sovna for 5 minutt sidan!

1 kommentar: