Sider

fredag 16. januar 2015

Helvetesveka dag 4 - ut av komfortsona

Dagen starta kl 5. Ingen slumring! 


Eg fekk tid til ein god frukost før det vart sykling og jobb. Og fekk ordna nokre ærend, skrive eit par privatmailar og teke nokre telefonar eg har utsett og utsett (prøv å ringe til svensk kundeservice med ein telefon med om lag "ikkje-eksisterande" høgtalar, seier eg berre) mellom jobb og trening. 

Sykkel intervall (dårleg bilde grunna snikfotografering. Eg blir flau av å fotografere på slike plassar!)

Har du sett så fin intervallpulsgraf?!

Kettlebells

På grunn av overdriven trening, igjen, var eg ikkje heime før nærare ni. B-mennesket i meg jubla over at eg i dag ikkje skulle vere i seng til 22, MEN døgne og jobbe heile natta!

Heimekoseleg på heimekontor

Still going strong

Planen var klar, tida fauk og ting vart kryssa av lista. Eg er i mitt ess nattestid!


"Helvetesvekeoppgåvene" denne dagen var, i tillegg til dei vanlege reglane for veka:
- jobbe i eit døgn utan søvn
- ikkje utsetje
- ingen bruk av sosiale medier
- kun gå, springe, sykle (denne regelen har eg valt å sette opp som ein regel for heile veka, sidan eg til vanleg ikkje brukar bilen eller offentleg transportmiddel likevel, kvifor skal eg starte med det denne veka liksom)
- arbeidsoppgåvene dette døgnet: alt du tidlegare har utsett
- konfronter noko av det du fryktar mest

Eg er jamnleg utanfor komfortsona mi, både privat (Marka24 er verdt å nemne her...) og andre plassar, og meinar ein blir sterkare av slikt. Eg var tidlegare ei pingle, er det vel enno, men no gjer eg skumle ting likevel. Eg overser rett og slett at eg er pingle. Det kan vel diskuterast kor bra det er... Men eg fann iallfall nokre "utanforkomfortsonating" å gjere i dag óg.

Det viktigaste eg har lært i dag: det blir bevist gong på gong; ein klare meir enn ein trur, og ting er ikkje så farleg som ein ofte vil ha det til.

NO er det snart klart for ny dag her. Blir spennande å sjå når jobbdøgnet utan søvn sler inn...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar