Sider

mandag 12. januar 2015

Helvetesveka dag 1 - vanar

Dagen starta kl. 5.00! Klokka ringde og eg hadde bestemt meg for at eg ikkje skal slumre denne veka. Slumring er ein stygg vane, som eg vil ha vekk! Den første, og einaste tanken eg fekk då klokka ringde var; "Åja, det er no eg skal opp ja". Og det gjekk! På slaget 5!

Bilde som vart sendt til min "medhelvetesvekar".

Og snart var eg klar i joggekleda, som eg så fint hadde lagt fram i går.


Klissvått var det ute i dag tidleg. Og sidan gatelysa ikkje fungerte på halve runden min, så sprang eg opp i både den eine og den andre "pytten" eg fann. Jaja, friskt var det! Og eg er jo slik ein friskus! Og så er det jo klare fordelar med å jogge så tidleg då. Ingen ser meg! Og det er bra, sidan eg ser ut som ein kvalross som prøvar å jogge... Ingen gaselle her i garden, altså.

Frukost vart det og. Ein vane eg prøvar å få inn 100 %!

Dagen gjekk slag i slag med sykkeltur til jobb, jobb (utan å sjekke privatmail, sende sms'ar o.s.v.), nokre ærend og trening, før det vart sykkeltur heim igjen. Og tyyyypisk at det kom ein supersprek joggar ned ein sideveg akkurat i det eg sykla forbi på heimvegen min. Han kom joggande etter meg, og er det noko som er flaut, ja så er det å bli jogga forbi når ein syklar. Så eg måtte jo berre trø til eg, same kor sleta eg var. Han kunne jo ikkje vite at eg har både jogga og vore på intervallspinning i dag! Men han hang på altså... Etter ei (alt for lang) stund høyrde eg ikkje trampinga lenger, så då konkluderte eg med at eg anten hadde sykla frå han, eller han hadde teke ein annen veg. Eg vel å tru det første, men realiteten er nok det andre. 

Iallfall så dumpa eg inn døra heime kl. 20 (sikkert eit par minutt tidlegare enn viss joggaren ikkje hadde kome etter meg). Og då hadde eg planlagt å vaske badet før middag.


Det vart gjort det... Noko som førte til for sein (fy) middag og multitasking (fy) under middagen (eg måtte jo skrive ned alt eg har lært og tenkt i dag!)...


Og det viktigaste eg har lært i dag: eg blir faktisk trøttare av å slumre, for då får eg tid til å tenke på kor trøtt eg faktisk er. Stå opp!

NO må eg legge meg!

Stay tuned i morgon òg!

1 kommentar:

  1. Det står ein notis i Sunnhordaland Avis at ein joggar vart fråsykla idag!

    SvarSlett