Sider

søndag 18. januar 2015

Helvetesveka dag 7 - set livet i perspektiv

Eg er nok ikkje så stolt av meg sjølv som eg burde vere i dag. Den siste dagen i helvetesveka starta med slumring! Og eg kom meg ikkje opp før nærare 10 over 5. 


Småtteri og bagatellar, men åååå så surt på siste dagen... I tillegg så vart eg såååå trøtte etter at frukosten var innteken. Joggeturen ville eg spare til litt dagslys, og elles sto det i boka at ein i dag skulle ha fri, så då valde eg å lese. Det var ikkje så greitt for eit trøytt vesen. Augene datt igjen og bokstavane flaut i kvarandre. Så frå kl. 6 til kl. 8.30 kjempa eg ein knallhard kamp med meg sjølv. Dette b-mennesket her kan gjerne stå opp kl. 5 for å jobbe eller trene e.l., men å stå opp kl. 5 for å kose seg med ei bok? Nei... Dette har jo vist seg denne veka óg. Det har ikkje vore noke nemneverdig problem å stå opp kl. 5 og  kome seg fint i gang med dagen då. Men eg har erfart at både laurdag og søndag, når eg ikkje måtte kome meg på trening og jobb med ein gong eg sto opp, ja så vart det eit problem å rett og slett halde seg vaken... Moralen er vel; skal eg opp før fuglane fise, berre for moro skuld, ein annen gong, så skal eg starte dagen med ei treningsøkt!

Etter dette nederlaget kom eg meg iallfall ut!



Og i løpet av joggeturen praktiserte eg noko av temaet frå i går, indre dialog! "Eg er supersprek, det MÅ eg vere eg som trenar så mykje" (sjølv om eg egentleg ikkje gjekk på den...), "dette har eg gjort maaange gongar før" og "det blir så bra å kome heim igjen med forbetra tid, og kanskje forbetra kondis óg", sa eg til meg sjølv heile joggeturen. Og det gjekk faktisk litt betre. 1 minutt raskare på joggerunden i dag, og klokka kunne fortelje meg at kondisen var forbetra. Yes!

Utanom dette har dagen gått med til tenking, samling av tankar og notatar, og faktisk litt kjeding (!). Det er faktisk ikkje så spennande med fri når ein er åleine, ein ikkje kan sjå på fjernsyn, ein er lei av radio og bok etter ei heil veke med det og ein ikkje får lov å sove. Jamnlege oppdateringar om sol og puddersnø heime var heller ikkje til hjelp (takk for den, Vibeke!).

Det viktigaste eg har lært i dag: skal eit b-menneske (iallfall eg) stå opp kl. 5, må dette mennesket ha noko å sysselsetje seg med frå første sekund.

Så til temaet i dag, og ei slags oppsummering av veka. Var det så gale som eg hadde frykta? Nei, slett ikkje. Verken litt ekstra jobbing eller litt ekstra trening gjorde meg noko, heller ikkje eit døgn utan søvn var spesielt gale. Det som vart utfordrande var det som var heilt nytt. Og t.d. noko så banalt som at eg ikkje fekk sjå på fjernsyn, eller eg SER jo ikkje så mykje på det men eg likar å ha det i bakgrunnen, vart faktisk noko eg merka (sjølv om det er litt flaut å seie). Min teori er at:
det å stå opp litt tidlegare ikkje er så gale, for eg er jo oppe tidleg til vanleg óg (måndag-fredag vel å merke)
det å trene litt meir ikkje er så gale, for eg trenar jo allereie mykje
det å jobbe litt meir ikkje er så gale, for eg jobbar jo allereie mykje, særleg i periodar

Dei verkeleg utfordringane kjem altså når ein skal gjere noko som er heilt annleis enn det ein brukar å gjere.

Det viktigaste eg har lært denne veka (som eg kjem på no):
- ein kan motivere seg til omtrent kva som helst, berre ein tenker rett
- ein klarar myyyyyyykje meir enn ein trur, og ein har eit stort u-utnytta potensial
- gode vanar og rett tankegong gjer at ein kan nå langt. Det er berre eg som kan bestemme kva eg skal tenkje
- det å gjere noko perfekt når det egentleg berre skal vere godt nok, er å vere dårleg
- forandring er ofte den beste kvile
- eg klara meg ei veke utan fjernsynet, sjølv om det står der og det berre er å trykke på knappen
- eg blir trøttare av å slumre. Stå opp!
- eg er ein racer på tidsstyring
- eg er egentleg heldig og har eit veldig fint liv. Ein må prøve å la vere å grave seg ned i problem. Løft blikket!

Konklusjon: vi er nok alle superflinke, men vi har berre varierande grad av kor flinke vi gidde å vere til ei kvar tid. Alle KAN. 

Og NO er det tid for belønning. Det står faktisk i boka! Belønninga mi blir "Tjukken og Lillemor" på fjernsynet og ein liten sjokolade til ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar