Sider

onsdag 14. januar 2015

Helvetesveka dag 3 - tidsstyring

Dagen starta klokka 5! Eller, nei. Eg trykte på slumreknappen. Og akkurat i det eg trykte tenkte eg at "hmmm, då terpa eg ikkje nok på "ikkje slumre" då eg la meg i går". Eg føler meg litt bevisst og flink no då, når det er slike tankar som dett inn i haudet når eg gjer noko feil. Heldigvis kom eg på, innanfor "rimelighetens grenser" at eg måtte sende obligatorisk "eg-er-oppe-bilde" til min "medhelvetesvekar", så då kom eg meg på føtene kl. 5.05!


I dag vart det verken joggetur eller sykkeltur til jobb, men gåtur tur/retur til kontoret. Og heimturen i dagslys (!) vart fin!





Ei haglbyge... Sjølvsagt...



Så restitusjonstreninga i dag vart 11 km gåtur og 200 høgdemeter, fordelt på 2 timar.

Over til temaet i dag, som altså er tidsstyring. Oppgåvene var m.a. å lage "to-do-liste", årsplan, månedsplan, vekeplan og dagsplan, og så lære seg å flytte ting frå lister og planar inn i kalendaren. Dette er lister/planar og vanar eg allereie har. Eg set av tid, både på jobb og heime, til å planlegge. Så dagen i dag gjekk, reint temamessig, ut på å konkludere med at eg skal fortsetje som eg gjer. Fleire har kommentert at kalendaren min er "stressande full", men realiteten er heilt motsett. Det er jo akkurat i denne kalendaren eg finn ro. Alt er nedskrive, det er sett av tid til nok førebuing og etterarbeid, og eg blir minna på kva eg skal gjere. DÅ kan ein stresse ned, med vissheit om at ein har kontroll. Blir eg stressa, så set eg meg ned, får oversikt og lagar ein plan. Stress = mangel på oversikt. For meg er det å vite når eg skal gjere ting, og at eg har sett av nok tid til det, avstressande. Har ein oversikt og ein plan, kan ein takle høgt arbeidspress.


Det viktigaste eg lærte i dag: eg er ganske god på tidsstyring.

1 kommentar: