Sider

lørdag 17. januar 2015

Helvetesveka dag 6 - indre dialog

Dagen starta på slaget 5. På ein laurdag! Gjekk fint det. Laga frukost og så kom smellen frå døgning og 6,5 t søvn. Eg vart så trøtt, og kva skal ein aktivisere seg med når klokka berre har passert 6 på ein laurdag, du ikkje har lov å sjå på fjernsyn, du er for trøtt til å lese og det enno er tre timar til spinningtimen... Jau, som ein god helvetesvekar så burde eg vel ha starta på dagens "to-do-liste". Men i staden fann eg ut at eg skulle praktisere litt effektiv kvile, som det var fokus på i går. Det gjekk bra det. Bortsett frå at det ikkje vart så effektivt. Resultatet vart at eg kvilte ein time for lenge... Strek i rekninga! Men som eg ser det; einaste streken så langt i helvetesveka, så eg syns eg er flink! (Ja, litt av dagens tema er å vere superpositiv og "snakke seg sjølv opp").

Turen gjekk iallfall etterkvart til treningssenteret for spinning, og FOR ein kald og våt sykkeltur det vart for å kome seg til den timen. Men det er jo slikt ein friskus likar!


Så var det tid for å kome seg heim igjen og starte arbeidsdagen. Etter litt sunn snacks...


Dagen i dag gjekk elles med til timevis med husarbeid. Slikt husarbeid som eg har utsett leeeeenge, for det har virka så uoverkomeleg. Som t.d. å rydde klekottet mitt. Klekottet som har vore for fullt over eit år no, og som i førre veke "endeleg" eksploderte. Eg skulle lagt ut eit "før-bilde", men det er så gale at det faktisk er for flaut å legge ut. Eg måtte berre klare å motivere meg til å ta det i dag, og sa til meg sjølv at eg gleda meg til å rydde det, for det kom til å bli så bra etterpå! Og no er altså klekottet rydda, det tok treeeeee timar berre det, og det er så god følelse at eg av og til går ut og opnar døra, berre for å nyte synet.


Det viktigaste eg har lært i dag: det er forskjel på å vere bevisst sine eigne sterke sider, vere trygg og ha sjølvtillit vs. det å vere sjølvgod, forfengeleg og innbilsk.
Og:
det er berre eg som kan bestemme kva eg skal tenkje!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar