Sider

fredag 16. januar 2015

Helvetesveka dag 5 - kvile og restitusjon

"De som er helt rå, hviler mer enn de som ønsker å være det" (frå "Helvetesuka"). Kvifor må eg då stå opp klokka 5?! Jaja, dagen starta ikkje med at eg spratt på føtene kl. 5, for eg var jo allereie oppe etter "døgninga". Så dagen starta med 30 min rockeringtrening. Ganske sært og ganske seigt, men ganske OK trening for kjernemuskulaturen. Iallfall når rockeringen har ekstra vekt.

"Rockeringselfie" kl. 5.08. Fantastisk bra bilde! Sant?

Så det vanlege; sykkel, jobb...


På sykkelturen lurte eg på om det egentleg var smart å la meg ferdast i trafikken i min tilstand. Og då eg kom på jobb fekk eg bekrefta at eg ikkje var heeeeeilt med. Eg prøvde nemleg å starte ein pc som ikkje var der, men i bagen eg nettopp hadde sykla 6 km med...


Så frå ca. 7 til ca. 9 gjekk eg i slow motion og følte meg generelt klønete. Men det kom seg fort etterkvart, og energinivået steig drastisk. Eg har ein teori om kvifor. Stay tuned!

Etter jobb sneik eg meg til ei treningsøkt til. Fredag er jo rodag, så den kan eg ikkje gå glipp av. Kajakksesongen 2015 er rett rundt hjørnet!


Og etter å ha trampa daglegvarer ned i ein litt for liten bag, til underhaldning for alle som var utanfor butikken, kom eg meg heim i dag óg. Då kom eg plutseleg på; kva var det eg skulle fokusere på i dag? Jaudå, energinivået var der, men eg lurer på om det gjekk nokre hjerneceller tapt med nattejobbinga mi.

Så etter obligatorisk husarbeid og mat (og stiring på eit svart fjernsyn over ein kopp té)...


... måtte eg setje meg ned med boka og notatane mine. Og vips så fann eg ut at eg både har lært noko i dag og faktisk gjort noko av det eg skulle.

Det viktigaste eg har lært i dag, eller iallfall ein tanke eg likar godt og som eg føler "treff meg": "Forandring er ofte den beste hvile"-byt aktivitet! Det gjorde eg under heile døgninga og dagen i dag. Det trur eg kan vere forklaringa på at eg no kan sitje her, utan å sovne og med vissheit om at eg har hatt ein normal dag i dag, både på jobb (unnteke eit par timar der eg nok gjorde for mykje av det same) og treningsmessig, sjølv etter eit døgn med "non-stop-arbeid".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar