Sider

lørdag 5. mai 2012

Sunnivahornet - Friskus og Helseguru på tur!

I går gjekk ferden til Vågsøy sitt høgaste fjell - Sunnivahornet, etter jobb. Det var meldt sånn OK vêr, og til tider var det både blå himmel og sol i løpet av arbeidsdagen. Men sjølvsagt kom det vind og regn akkurat når vi skulle til å reise på Almenningsfjellet (vi parkerte her), og der oppe var det til og med snø! Men, men tøffingar som vi er så gjekk vi fryktlaust på! Haglet piska i fjeset, og eg som den sjølvutnemnde friskusen eg er kjende at humøret steig meir og meir for kvar høgdemeter:D Snålt at eg kan bli i godt humør av slik vêr....;)

Turen gjekk i "trappetrin" oppover - bratt eit lite stykkje, så flatt, så litt bratt o.s.v. Det var innslag av all slags natur, og til og med to stølar passerte vi på vår veg. Det var jo supert for meg som er over middels begeistra for stølar, og som ser heller lite til det no ut med havet. Den siste stølen vi passerte hadde også mange fine sel oppmura i stein:) Kjempefint!

 Helseguru Unni på ein fin støl. Kva heiter den skal tru? (PS: sjekk haglet som har plassert seg ca. midt på bildet;)).

Kor mange sel ser du?

Etter stølen steig det igjen opp gjennom ein OPPMURA "veg" og eg lot meg nok ein gong fascinere. At haglet framleis piska i ansiktet såg eg berre på som ein bonus, og tenkte at no fekk "kjakane" fin farge, og vi fekk ekstra friskuspoeng;)

Etterkvart kom vi opp i parti med snø på bakken og ynskjet om å vere "fjærlett" så ein slapp å trakke gjennom snøen raste forbi i hjernen.

 Ein fugl peika oss på rett spor;)

Med toppen i sikte:)

Etter 1 time og 45 minutt (eit kvarter før estimert tid frå turlaget) ankom vi Sunnivahornet i hagl og vind. Men FOR ei naturoppleving! Fingrane vart stivfrosne av obligatorisk fotografering på toppen, men bildebevis må ein ha:)




Det ser nesten ut som eg har letta der eg står, og det stemmer nesten, for sterk vind var det! Men sidan eg ikkje er så lett som eg ynskte tidlegare på turen, så stemmer det nok ikkje heilt;)





Etter ein heller kjapp visitt på toppen labba vi oss litt frosne, blide og energifulle nedatt. Og jaudå, DÅ letta vêret!






Heile nedstigninga var prega av energi, glede og "eufori"! FOR ein tur:D Når vi kom oss nedatt til bilen var det til og med blå himmel og sol;)

Dette ga verkeleg "mat" til ei Friskus-sjel!;)

Nerdefakta:
Lengd: 8,33 km.
Tid: 3 timar og 38 minutt (inkludert alt).
Total høgdestigning: 714 meter.
Kaloriar brukt: 1307 (;)).
Puls: gjennomsnitt: 143. Maks: 180.

Men eg trur vi tok med oss vêret nedatt (sjølv om det ikkje såg sånn ut), for i dag vakna eg opp til dette:

Måløy 5. mai...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar