Sider

søndag 13. mai 2012

Motbakkeritthelg ;)

Jaja, så voldsomt var det vel ikkje, men meir om det lenger nede;)

Helga starta med ein flott gåtur i skodde og litt regn saman med Spreking Raudi og Spreking Gausnes. Det vart skogstur denne dagen og turen gjekk rundt omkring på Roset.




Nerdefakta:
Lengd: 5,25 km.
Tid: 1 time og 32 minutt.
Høgdestigning: 271.
Kaloriar brukt: 430.
Puls: gjennomsnitt 134. Maks 177.

Laurdag vart det "motbakkeritt" på terrengsykkel saman med Friskus Rand opp Randabygda til Nosatunnelen. Dette er nesten heile "Kleiva opp", men den siste kilometeren (cirka) mangla grunna snø ( http://hardbagg.no/index.php?f=08050120&sid=2&eid=621&spid=268&mid=0103&id=5922&mid=010304 ).

Eg grua meg skikkeleg til denne turen, og under nedstiginga frå Rand til startpunktet for "motbakken" vart eg meir og meir kvalm...Dette tykkjer eg er langt og bratt!

Klar for start!

Heldigvis var vêret på vår side, og vi sykla stort sett i sol sjølv om resten av dagen bar preg av regn og snø.

Nerdefakta syner heile turen inkl. nedstiginga og min sykkeltur heimatt. Opp sjølve "motbakken" som er ca. 6 km med ei stigning på ca. 8% brukte vi 50 minutt. Den alt for spreke Friskus Rand viste krefter og eg sakka lenger og lenger bak den siste tida. Likevel kom vi i mål innanfor same minuttet;) Men det er jammen godt Friskus Rand kan pushe meg litt. Eg merkar godt at kroppen no ber preg av lite sykling i høve til før. Tidlegare vart det på ei veke eit snitt på 3 spinningtimar + sykling til/frå skule + sykling til/frå jobb (ca. 2 mil) 2 dagar i veka + langturar på 3-6 mil i helgane (dette i tillegg til anna trening)...No syklar eg eit par turar i veka (i tillegg til anna trening)...Denne forskjelen merkast! Men det er berre å stå på!;)

Det var iallfall ein super tur, og det er godt at ein kjenne musklane slite litt og! Eg merkar det best i rumpemuskulatur og lengst oppe på bakside lår...Det er vel desse som er vanskelegast å få tak i på anna måte enn ved sykling.

Vel...Vi hadde visst eindel krefter igjen på toppen og;)

Friskus Rand sjekka resultata for sykkelklassane i "Kleiva opp" etter turen og vi fann ut at det aldri er damer som har stillt opp i sykkelklassen i "Kleiva opp". Kanskje må Friskus Nytun og Friskus Rand bli dei første?;) Vi har fram til september å trene på! Med farten denne gongen hadde vi vore heilt oppe på Kleiva ca. etter 1 time. Det ville ha vore mellom 15-25 min etter mannfolka (utfrå reslutata dei siste åra). Greit resultat, men betre skal det bli!;)

Nerdefakta (heile turen min. Inkludert nedstiging, pause ved Nosatunnelen (etter "motbakken") og turen min heimatt):
Lengd: 21,39 km. ("Kleiva opp" ca. 6 km).
Tid: 1 time og 53 minutt. ("Kleiva opp" 50 minutt).
Total høgdestigning: 556.
Kaloriar brukt: 672 (ikkje meir!!!?).
Puls: snitt 156. Maks 193.

I dag vart det kun ein kort sykkeltur ned til hestane som går på beite ned med sjøen. Vart litt motbakketrening heimatt etterpå. Med ei stigning på ca. 219 høgdemeter på 19,5 minutt.

Nerdefakta (inkludert hestesjekk o.s.v.):
Lengd: 6,28 km.
Tid: 54 minutt.
Total høgdestigning: 247.
Kaloriar brukt: 345.
Puls: snitt 143. Maks: 190.

No går helga mot slutten og eg har flata ut på sofaen. Komande veke er det mykje på "tapeten", men eg får no prøve å få til litt trening likevel:)

2 kommentarer:

  1. Bra friskushelg detta! Pelle

    SvarSlett
  2. Finfin tur! Har ikkje hatt på meg sko sidan, men reknar med eg er friskmeldt til imorgon. ;-)
    Du er flink! Fattar ikkje kor du får all energien din ifrå.
    God tur, hels enkvan.

    SvarSlett