Sider

torsdag 10. mai 2012

Brurahornet og Gottrøysa

I dag tok Friskus Nytun og Helseguru Unni turen til fjelltoppane Brurahornet og Gottrøysa etter jobb. Vi hadde litt anna vêr i dag enn sist vi var på tur, for i dag var det faktisk sol frå nesten skyfri himmel:) Turen starta for min del nede i gate 2/3, medan helseguruen kom på ikkje så mykje lenger oppe i gatene:)

Etter at ein kjem seg frå asfaltveg til rås startar turen med middels til kraftig stigning før det flatar ut på eit platå der råsa deler seg i to - anten kan ein gå til Veten, eller så kan ein gå til Brurahornet og Gottrøysa slik vi gjorde. Turen vidare for vår del gjekk i ei gammal oppstøypt vassrenne. Her er turen lett og fin eit godt stykke. Når ein kjem til det gamle vassreservoaret går det rett opp igjen eit stykke før det igjen flatar ut litt mot toppen.





Vi kom først til Brurahornet og "dagens sekretær" Helseguru Unni skreiv oss inn i bøkene, medan eg myste mot sola:) Det er fantastisk å kunne sjå utover havet frå ein fjelltopp! Frå Brurahornet kunne vi sjå m.a. Kvalheim, Oppedal, Kråkenesfjellet, Selje, øya Barmen o.s.v.

Sjekk havet ut i der!


Etter ein kort pit-stop her gjekk turen vidare til Gottrøysa. Det er ein forhaldsvis "flat" tur frå Brurahornet til Gottrøysa, og frå Gottrøysa har ein ei flott utsikt til Måløy!

Vi var der...

...og vi skal bort der:)

Utsikt mot Måløy:)



Etter ein rask fotosession påGottrøysa vende vi snuten heimover til dusj, middag og husarbeid...Turen nedatt gjekk stort sett smertefritt sånn bortsett frå at Friskus Nytun snakka seg vekk frå den rette råsa, og måtte ta ein omveg over lyng og busker for å kome inn att på;) Etter påfyll med godt fjellvatn var omvegen gløymt, og vi klarte å fylgje rett rås resten av vegen;)

Vassrenna ein går i/ved store delar av turen.


Nerdefakta (litt misvisande nerdefakta i dag; fekk satelittsignal seint så klokka vart starta litt seint. Klokka har og vore på under heile turen inkludert pause på toppane, fotopauser og vekkroting frå opprinneleg rås heimatt;)):
Lengd: 8,34 km.
Tid: 3 timar og 40 minutt.
Høgdestigning: 585 meter.
Kaloriar brukt: 967.
Puls: gjennomsnitt 130. Maks 181.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar