Sider

onsdag 16. mai 2012

Diffusintervall til Ossætra

Diffusintervall...Ja, kva er det...Hmm, det er vel henta mest rett ut av Åse-Berit si ordbok (stayed tuned for meir frå dette forlaget, t.d. "Nytuns revolusjonering av fysikken" og "Spørsmål og svar - alt kan besvarast med ei logisk løysing (dog ikkje alltid forankra i verklegheita)";). Helseguru Unni kan utdjupe dette meir etter ynskje. Men la oss berre seie at konsulenttittelen min kan nyttast til så mangt av konsulenttenester...

Men denne forma for trening er vel iallfall diffus ja. "Min bedre halvdel" (kan vel diskutere det til vi blir gamle og grå) likar best denne forma for trening. Diffusintervall består av rask gange til ein er så slitne at ein berre MÅ ha ei pause, så pause til ein stivnar (meinar iallfall Friskus Nytun) for så å utføre rask gange til det kjem blodsmak i munnen igjen....Friskus Nytun meinar dette kun fører til mange utmattelsar og mange "starte på ny med stive musklar" i løpet av ein tur..Men, men...Er halvdelen med på tur får eg enten innfinne meg med diffusintervall eller køyre mitt eige løp;)

Turen i dag gjekk til Ossætra på Eid. Turen startar ved badeplassen i Osvika og går deretter i kraftig stigning opp Osberget. Etter å ha vore med på diffusintervall i 30 minutt ga eg opp og la opp til mitt eige tempo = jamn fart og null stopp.





Etter 44 minutt ankom eg Ossætra. Kven som kom først opp av "Friskus-non-stop-Nytun" og "Halvdel-full fart-full stopp-Roset" kan dokke no tippe på;)










 Opp brukte eg 44 minutt på 1,75 km. Det vil seie 356 kaloriar (liiiiite..Jaja...). Heftig høgdestigning på 410 meter (460 total stigning) gjev ei høgdestigning på 23 % (mogleg eg har rekna litt feil her, men trur ikkje det skal vere så langt frå sanninga). Dette gjev ei stigning på ca. 9 høgdemeter i minuttet.



Etter ein rask pit-stop og fotosession på toppen gjekk turen nedatt. Litt kjedeleg nedover syns eg, men ein må liksom nedatt og;)

Bratt...


Etter 36 minutt var vi nede ved utgongspunktet igjen. Dette er ein supertur som eg likar veldig godt! Det som er så supert er at ein får god trening på kort tid i tillegg til å få ei flott naturoppleving og ei "gulrot" med støylshusa på toppen. Råsa er og godt merka og lett å gå. Det einaste minuset no er at Osberget ber preg av "Dagmar" som var på besøk i jula, men dei har gjort ein flott oppryddingsjobb så råsa er så og seie like bra som før.

Nerdefakta:
Tid: 1 time og 20 minutt.
Avstand: 3,4 km.
Kaloriar brukt: 411.
Total stigning: 460.
Snittpuls: 149

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar