Sider

onsdag 2. mai 2012

Litt friskuslanghelg likevel.


Etter ei slapp veke og ein slapp start på langhelga fekk eg meg endeleg ein skikkeleg trimtur søndag. Eg og pappa lufta terrengsyklane våre til Nos ein tur. Det er ikkje lange turen, men ganske bra stigning. Av 12 km (til "toppen") er ca. 9,5 km av desse jamn, bratt stigning. Pappa trakka i veg og eg merka fort at forma mi er så dårleg som den aldri har vore før, men det blir iallfall ikkje betre av å ikkje presse seg sjølv. Så sjølv om eg kjende melkesyra i låra og blodsmak i munnen allereie etter få minutt fortsette vi turen i stort sett same tempo og "non-stop" til Nos.


Utsikt frå Nos:)

Nerdefakta:
Lengd: 23,75 km.
Tid: 1 time 33 minutt.
Høgdestigning: 476 meter.
Kaloriar brukt: 953.
Puls: gjennomsnitt 164. Maks 187.

Etter sykkeltur og hestestell vart det ein flott kveldsgåtur saman med Spreking Gausnes:)


Måndag var nok ein dag med strålande sol og medan eg venta på dyrlegen som skulle vaksinere hestane tok eg meg ein luftetur på racersykkelen. Nok ein kort, men knallhard tur i dag opp til Nordfjord fritidssenter. Desverre har mykje av asfalten til fritidssenteret gått tapt som ei fylgje av flaumen i fjor sommar. Heldigvis var grusen tettpakka slik at det gjekk fint å sykle med racer likevel. Men hardt var det! Raceren kan ikkje girast ned like mykje som terrengsykkelen, så det vart ein tung tur.

Hoppbakkane på fritidssenteret.

Haha, skulle ta bilde som bevis på at eg hadde vore der, men som eit resultat av snø bak, sol framme og blitz går eg i eitt med snøen. Måtte berre ha med dette!;)

Dagens turkamerat. Pulsklokka klarte eg utruleg nok å gløyme i dag!


Men verre var det nedatt! Eg har problem med å bremse tilstrekkeleg på raceren når det blir bratt nedover, så eg måtte ha fleire pausar for å "bende" ut fingrane....Siste etappe heimatt gjekk i stigning på grus. Eg har aldri prøvd å sykle på racer opp her før, men tenkte eg skulle no prøve sidan grusen var så tettpakka. Eg trakka i veg og hadde forferdeleg lyst til å gire ned meir, men det gjekk no ikkje...Pulsen steig, pusten gjekk høgt og snart hadde eg berre nokre meter igjen før eg "bikka Høgda". Dei siste metrane klarte eg ikkje å sitje å trakke lenger (for då ville faktisk ikkje sykkelen gå framover), så då var det berre å reise seg, problemet var berre det at då spann bakhjulet mitt. Eg trakka og trakka og spann og spann, men snart var "Høgda" forsert og eg kunne trille pustande og pesande inn på tunet. DONE!

På kvelden etter hestestell vart det igjen gåtur. Denne gongen Markane rundt saman med Spreking Raudi og Spreking Gausnes. Det var ein superflott tur, og neste gong skal pulsklokka vere med!

I går vakna eg igjen opp til sol, og racersykkelen og pappa vart tvinga med på tur. Det vart landevegstur opp Strynebygda denne dagen. Eg kjende allereie når eg sette meg (prøvde å setje meg) på sykkelsetet at det kom til å bli ein krevjande tur. Rumpa var sår etter sykling fleire dagar, og alt av sykkelmuskulatur i rumpe og lår protesterte. Eg ignorerte alt som skreik, og etter nokre kilometer var det meste gløymt (sånn bortsett frå at det var ein tung tur for mine sletne lår). Men eg veit jo eigentleg betre enn å trene dei same muskelgruppene så hardt på same måten fleire dagar etter kvarandre då! Men, sånn er det...Her er ikkje akkurat så mykje flatt sykkelterreng å ta av...

Men turen var kjempeflott!:) (Og så gjorde det godt med litt tempo i flatare terreng i dag).

Nerdefakta:
Lengd: 34,43 km.
Tid: 1 time og 26 minutt ( inkludert pause ved Nasjonalparksenteret).
Snitthastigheit: 23,9 km/t.
Kaloriar brukt: 791.
Puls: gjennomsnitt 164. Maks 187.

Utanom sykling og gåturar har eg brukt "apostlenes hester" til og frå alt denne langhelga (bortsett frå turen til Kroken då;)). Bilen har hatt ferie og eg har gått/jogga til/frå stall o.s.v. Veldig grei måte å snike inn aktivitet på;)

I dag skal kroppen få fri, og i morgon tenkjer eg at det vert litt rockering og styrketrening for overkropp før det fredag vert topptur etter jobb. Eg og Helsguru Unni har tenkt oss opp på den høgste toppen i Vågsøy:)

4 kommentarer:

  1. Shit, du e sprek!! Og litt misunneleg på deg som har hatt langhelg heime i fineveiret, medan eg har trykt innpå kake i konfirmasjon (sjøl om dei va gode dei). Satsar på fellestur att snart!

    SvarSlett
  2. Leikar sprek;) Men har funne ut eg må ta ei skikkeleg opprusting av kosthaldet! Er ikkje flink lenger og er trøtt og slapp. No har eg funne fram boka mi igjen, og skriv ned det eg et...Bevisstgjering!;) Fellestur får vi stase på! Komande helg vert eg her i Måløy (vert ikkje utstilling på meg heller for har ikkje bil denne veka..). Men helga etter er eg klar for fellesleik;)

    SvarSlett
  3. Flinka!! Vert skikkelig motivert av å lese. Ikkje berre av kva du gjer, men også friskusgleda di. You rock friskus Nytun! ( Du og friskus Rand, på tide å blogge att? )

    SvarSlett
  4. Tusen takk! Så kjekt å høyre!:D Eg og syns Friskus Rand skal blogge igjen!;)

    SvarSlett