Sider

onsdag 6. juni 2012

Skremande slapp Friskus!

Denne veka har gått opp i tull reint Friskusmessig. Eg er heiiiiiilt håplaus. Dersom eg let meg sjølv vere slapp, så vert eg til slutt så slapp at eg ikkje klara nokon verdens ting.

Måndag etter jobb gjekk med til rydding av leilegheita, og visning etter det. Etter det igjen kunne eg fint hatt tid til trening, men neidå, eg sovna i staden for!

Tysdag måtte eg jobbe eit par timar på kveldstid (etter at eg hadde sove i fleire timar etter jobb...) = ingen Friskus.

Og i dag skulle eg berre slenge haudet ned på puta i fem minutt etter middag og før litt jobbing, pakking, oppvask, rockering og ei styrkeøkt....Klokka 18-18.30 klarte eg kvalm og trøtt å skrue på dataen å få gjort unna den jobbtingen eg måtte gjere...Men eg har enno ikkje motivert meg til å verken pakke, vaske opp eller trene....

Konklusjonen er: dersom eg let meg sjølv få vere slapp, så blir eg slapp. Eg merkar sååååå stor forskjel på dei vekene eg tvingar meg sjølv til aktivitet (og det er jo alltid kjekt og energifullt, det er berre den dørstokkmila (eller sofamila) som må bekjempast!), og dei vekene eg let meg sjøl daffe. Og eg har det såååååå mykje betre dei vekene eg er aktiv. For det er ikkje det at eg vert meir opplagd av å slappe av heller, nei heller tvert i mot!

 Utsikta mi frå sofaen;)

 Alternative metodar for å få sove når eg faktisk skal...Dette vart ikkje noko suksess for min del...

 Litt jobbing frå sofakroken har det blitt dei to siste kveldane.

Dagens middag: sunt speltbrød, mykje sunn salat og sunne fiskekaker (med ost- og baconbitar). Og så mykje usunn ekte majones på toppen...Ja, eg er svak for det usunne av og til;)


Det er så ubehageleg å vere så sleta i haudet, og ikkje så veldig sleta i kroppen...Så i helga er Friskusaktivitetar allereie planlagde, no skal eg bli sleta i kroppen; hestane fredag (kanskje ein ridetur saman med Spreking Raudi og?), fjelltur til stølen vår Raufjell, med overnatting fredag-laurdag, lang dagstur på sykkel saman med Friskus Rand laurdag og søndag er enno open:) Stay tuned for ei meir frisk oppdatering etter helga!;)

2 kommentarer:

  1. Veit korleis DET kjennast ut... I dag her eg vore skremande slapp... Eg so kom meg avgarde i sopass vetige tid frå jobb at eg burde ha tid til ein soltur sovna frå heile greia;) Men 17 grader og sol laurdag, hepp hepp!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser sååååååå fram til sykkeltur laurdag! Den skal nyyyyytast!:D

      Slett