Sider

søndag 10. juni 2012

Frisk(us) igjen!

Etter ei heller dårleg Friskusveke vart helga ein god del betre;) Fredag hadde eg ein feriedag. Ikkje det at eg kunne sjå poenget med det når det resulterte i overtid resten av veka, men, men, jammen er det godt med ein heil dag fri og;)

Fredagen kom med sol og skyfri himmel, så her var det berre å snøre på seg joggeskoa og kome seg ut:D Turen gjekk opp til Ulvedalstjønna, og i dag var her ein god del betre "føreforhold" enn sist eg var her - http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/04/friskus-i-snver-bomjoggetur.html

Turen gjekk litt i gåfart og litt i joggefart. Eg fekk jogga mindre enn eg brukar å gjere her p.g.a. at eg (slik som sist helg) vart så kvalm når eg jogga. Eg veit ikkje kva det er, men satsar på det forsvinn like fort som det kom...Eg kan takle melkesyre, gnagsår, haudverk, dehydrering o.s.v., men vert eg først kvalm er det berre å roe ned litt. Etter litt prøving på kor mykje eg kunne jogge, og påfyll av 2 x 0,5 l vatn (eg var såååååå glad for at eg for ein gongs skuld tok med meg ei tom drikkeflaske i handa på joggetur!) løsna det litt, og eg fekk ein ganske OK trimtur likevel. Og det er jo så fint her oppe! Godt for sjela!

 Første del av turen (ca. 2,5 km) går på asfaltveg.

 Opp Kvernhusdalen til Tjønna:)

 Ulvedalstjønna:) Rosetstølen som eg også var innom på turen, ligg sånn ca. under dei fjella ein ser heilt til venstre i bildet.





Super joggeveg! Akkurat slik eg likar det:D

På veg nedatt frå Tjønna tok eg ein avstikkar opp mot hyttefeltet på Roset. Etter hyttefeltet fortsette eg oppover stølsvegen mot Rosetstølen. Her tok eg litt "motbakkeintervall". I dag valde eg å trene kun på puls: 150-185-150-190-150-190-150-185. Dette kunne i prinsippet ha funka bra, men det vart for bratt her. Eg kom fort opp i den makspulsen eg hadde bestemt, men det tok alt for lang tid å roe ned pulsen igjen, så pausene vart lenger enn arbeidsperiodane, og det er jo fy, fy;) Men litt trim fekk eg no:) Vel oppe på Rosetstøylen kunne eg nyte utsikta ned mot Tjønna der eg kom frå, men sidan flugene var så innpåslitne i varmen vende eg fort nasa nedover igjen, og jogga straka vegen frå stølen og heimatt for å slippe unna "udyra";)

 Rosetstølen:)

Utsikt frå Rosetstølen til Tjønna der eg var for ei lita stund sidan:)


Nerdefakta:
Lengd: 12,46 km.
Tid: 2 timar og 24 minutt.
Total høgdestigning: 481 m.
Kaloriar brukt: 977.
Puls: gjennomsnitt 166. Maks 192.

På kveldstid fredag tok eg, Pelle og Jan-Arild turen til stølen vår Raufjell. Eg skulle eigentleg gå heilt opp, men fann ut at etter å ha teke 2 ibux for å døyve haudverken eg hadde trena på meg i varmen, kunne eg like godt sitje på med ATV til parkeringsplassen på Timehaug eg og;)


Turen frå Timehaug til Raufjell tek til vanleg omlag 15 minutt, men her var myyyykje snø, og høg vassføring (det var ikkje mykje hjelp i med nyimpregnerte fjellsko når vatnet gjekk midt opp på leggen;)), så vi brukte vel cirka det dobbelte tippar eg.

 "Brevandring";)

Raufjell 8. juni 2012.

Som vanleg var det heilt supert å kome seg opp på Raufjell. Her er det verken straum, mobildekning eller innlagt vatn, så dette er skikkeleg avkopling:) Vi kom opp i strålande sol og temperaturen var mellom 18-19 grader i 19.30-tida. Det er jammen bra med tanke på at Raufjell ligg på ca. 750 m.o.h.!

 Solnedgong frå hytteglaset:)

 Dynetørking. Alt er litt rått etter ein lang vinter som enno ikkje har gitt opp heilt her oppe...

 Hyttekos...:)

Laurdagsmorgonen sto vi opp ganske tidleg, og rydda oss berre ut av hytta før turen gjekk heimatt. Eg hadde ein "date" med Friskus Rand kl. 11.00;)

 Super "morgontannpussutsikt" frå hytteglaset!

 "Tommel opp!"

 Og så litt morgongymnastikk før ein vender nasa heimover;)



 Ein prins?

Vinteren må snart gje tapt;)


Klokka 11.05 var eg koma til Rand der Friskusen sto klar med sykkelvesker og friskt mot! I dag skulle vi til Kandalen! Turen gjekk frå Rand-Lote-ferje til Anda-Sandane-Kandalen og så retur. Ein tur på 10 mil. Temperaturen var OK, og sola var framme...ei stund...Men vi slapp unna regn!:D

Sykkeltur til Kandalen har eg prøvd før, men då berre frå Sandane: http://www.friskusnytun.blogspot.no/2012/04/vestland-vestland.html

Etter ei heller traumatisk hending ned "Kvalen", som såg ut som den skulle skade Friskus Rand stygt, men som i staden for enda med å skade Friksus Nytun mildt (mest i sjela, og eit delvis avhoppa sykkelkjede som vart tvinga på plass igjen i rein frustrasjon) ankom vi Lote kai etter ca. 50 minutt.

 Etter 1,5 mil møtte vi på ferjekaia på Lote...


 ...her måtte vi vente 10 minutt på ferja...Og underhalde oss sjølve;)

 Og på ferja måtte vi vente 30 minutt til...Dei skulle visst ha matpause dei. Jaja...:)
 Men, plutseleg var vi jammen i Kandalen! (Ikkje så veldig plutseleg kanskje då men...;))
 5 mil tilbakelagt!

 Her vart det tid til leiking...

 ...Litt meir leiking...

 ...og mat!

Når vi kom tilbake til Sandane hadde vi lagt bak oss 7 mil. Då vart det cola og båtis for min del. Cola fordi det gjev eit lite energiboost (og er GODT) og Båtis fordi det er den sunnaste isen i sin kategori (og er GODT);)

På veg heimatt tok vi turen om Nordfjord folkehøgskule på Vereide der mamma "studerte" i "gamle dagar";)

På heimturen slapp vi å vente på ferja, og eg såg med skrekk og gru på at eg måtte sykle fortare enn eg likte på grusvegen (grunna vegarbeid) ned mot ferja på same tid som køen ut av ferja kom mot:s Men vel nede møtte vi to koslege, pratsame og humoristiske ferjebilletørar, og vi kunne sykle rett på ferja utan noko "døtid":) Friskus Rand fôra (i fylgje seg sjølv) seg sjølv med ein noko hard kost (iskaffi og skulebolle) på den korte overfarten, men imponerte likevel med dei uovervinnelege motbakkekunnskapane sine på slutten av turen!

 Godt 9 mil tilbakelagt. Vi har kledd oss for den skumle tunnelen som tek oss til Hennebygda.

Den siste kneika på turen er opp den berykta "Kvalen". Ein saftig motbakke som i dag heldt på å knekke Friskus Nytun psykisk under nedstiginga 8 timar før;) Etter 9,5 mil møtte ein lang og bratt motbakke oss. Men bakken gjekk forundrande greitt unna med tanke på at beina allereie hadde 9,5 mil bak seg. Friskus Rand briljerte som vanleg med sine uovervinnelege bein, og ankom toppen eit minutt eller så før Friskus Nytun....Jaja, noko må ein ha å strekkje seg etter;) Friskus Nytun forserte "Kvalen" på 22 minutt i dag. Noko eg ser meg greit nøgd med etter 9,5 mil. Men ein kan alltid bli betre;)


Kun sjarmøretappen igjen;)

Etter "Kvalen" var det kun sjarmøretappen igjen, og kort tid etter kunne vi nærast dette av syklane på tunet til Friskus Rand;) Ganske så slitne i kroppen, men du og du for ein luksus det er å kunne bruke ein heil dag på noko slikt!

Vi var vekke i nesten 8 timar og 30 minutt. Denne turen kunne vore unnagjort på så mykje mindre tid, men knall, fall kjedeavhopping, 40 minutt ferjeventing og generell kos med lang pause i Kandalen og "cola-is-skulebolle-iskaffi-pit-stopp"på Sandane i tillegg til eindel fotosessions førte til at vi plutseleg hadde vore vekke ein heil arbeidsdag og vel så det. Men det var det som var meininga; kos, trim, godt selskap og gode naturopplevingar i fin symbiose (eller noko slikt)!;)

Nerdefakta:
Lengd: 10 mil.
Tid (inkludert ALT): 8 timar og 25 minutt.
Høgdestigning (her trur eg klokka har vore ute og "sykla" litt på ferja - vi har ikkje dykka ned til - 37 meter nei;). Men det gjev iallfall ein indikasjon): 1375 meter.
Kaloriar brukt: 2000.
Puls: gjennomsnitt 136. Maks 186.

I dag har kroppen fått fri. Litt gangsperre i skuldrar/overarmar og muskelen mellom lår og rumpe. Var ned til hestane ein tur i dag og fekk ordna litt diverse der (og så kosa litt då:)).

No skal eg skrue av dataen, roe ned og lade opp til ei ny hektisk veke...








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar