Sider

onsdag 27. juni 2012

KK-mila og lure kjøp

Mykje jobb og mykje å gjere elles for tida, så treninga får lide for det...I helga vart det kun ein gå-/joggetur på Timehaug fredag og ein fjelltur på Blåeggja laurdag (dette er ein av yndlingstoppane mine, og det var såååå kjekt å få kome opp der igjen for første gong i år:)).

Nerdefakta Timehaug:
Lengd: 8,13 km.
Tid: 1 time 23 minutt.
Høgdestigning: 445 meter.
Kaloriar brukt: 642.
Puls: gjennomsnitt 173. Maks 191.

Nerdefakta Blåeggja:
Lengd: 5,6 km.
Tid: 1 time og 35 minutt.
Høgdestigning: 406 meter.
Kaloriar brukt: 404.
Puls: gjennomsnitt 145. Maks 183.

I helga fekk eg i tillegg til litt trening og gjort nokre gode kupp på treningsklefronten:

 Sykkeljakke frå Oslo sportslager (og ja, den har refleks ja;)).

 "Superundertøy-t-skjorte" frå G-sport og teknisk skibukse frå Oslo sportslager.

 Seamless superundertøytrøye frå G-sport og halvlang tights frå Pierre Robert (salg på Bunnpris;)).

Drikkepose frå G-sport. Denne er genial! Er kun ein pose som ein kan henge på sekken, så kan ein fylle den opp i ei elv - og vips så har ein med seg ei flaske. Og så kan den brukast igjen, og igjen, og igjen...Og vaskast i oppvaskmaskin, brettast o.s.v.

Og grunnen til at dette over var kupp var fordi tilsaman kosta det meg kun 1166 kr! Og det er ting som eg veit kjem til å bli brukt i årevis:)

I dag vart det enno meir pengar ut av konto når eg melde meg på KK-mila!



Løpet er ikkje før 15. september, men vi var med i fjor og prøvar å få til ein tradisjon på dette:) Og så er det jo godt med alt som er betalt då;)

I fjor sprang vi kun 5 km, men i år skal vi prøve oss på 10 km. Skrekk og gru! Eg melde meg på i klassen 60-75 minutt, men trur kanskje det er for optimistisk...Jaja, her må det iallfall joggast meir! Og så er det jo greit med eit mål;)

Nokre få bilder frå i fjor:

Felles oppvarming på Aker brygge. Til tider kanskje litt flaut? Men egentleg berre skikkeleg morsomt:)

Champagne på Aker brygge etter målgong - inkludert i prisen;) (Høg rosafaktor ein slik dag ja;)).

Så i kveld er det berre å starte treninga. Får bli litt styrketrening med strikk og rockering i kveld;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar