Sider

søndag 3. juni 2012

Sånn cirka halvfriskus

Ikkje så voldsom Friskushelg dette....Men det kan ikkje alltid vere "fullt kjør" heller...Fredagskvelden vart det kun sofasløving, og eg merka at kroppen kjempa mot ein byrjande forkjølelse. Når eg sto opp laurdag var dette gløymt, men etter å ha kome i gong med den planlagde jogginga merka eg fort at dagsforma ikkje var på topp. Eg fekk gjennomført ein av mine kortare turar på nesten same tid som eg brukar, men det var ikkje akkurat nokon nye rekordar i sikte denne dagen;) Men litt eksplosiv styrketrening for rumpe og lår vart det opp i gjennom rørgata likevel. Å jogge i denne stigninga er utruleg tungt, men så utruleg tilfredsstillande og!

I dag tok eg og Spreking Raudi oss ein frisk tur opp rørgata, til Leite, til Timehaug og nedatt den vanlege vegen frå Leite. Sjølv om vêret var ruskete var det utruleg kjekt og forfriskande å få lufta kropp og sjel i flott natur og saman med godt selskap!:)

 Friskt, kaldt fjellvatn er noko av det beste!

På ein måte fargerikt sjølv på ein gråvêrsdag i ei "gråsteinsur".


Nerdefakta søndagstur:
Lengd: 7,43 km.
Tid: 1 time og 55 minutt.
Total høgdestigning: 468 meter.

2 kommentarer:

  1. Takk for turen søte du! Håpar det ikkje blir lenge til neste gang :-)

    SvarSlett
  2. Tja...Ridetur neste ferdag (viss du kan på dagtid då. Vert muligens Raufjell på kvelden (overnatte)). Og litt styrkje søndag t.d.? Og så satsar vi på at det vert fjellturvêr snart!;)

    SvarSlett