Sider

tirsdag 19. juni 2012

Nordfjordhelg 2012

Sist helg var tida inne for "Nordfjordhelg 2012" i Friskuspikenes friskuslag:) Torsdag ankom Friskus Melheim Blaksetbygda, og ein heller stressa Friskus Nytun kunne puste ut etter ei aktiv veke på jobb, planlegging på kveldstid og kamp mot klokka torsdagen:) Etter litt taco som kjære mor Nytun hadde laga til oss kunne vi sige ned i kvar vår stol og ladde opp til sykkeltur over Flofjellet fredag, og jammen kom Friskus Lind-Jenssen innom for overnatting og:D

Fredag vakna vi til SOL og bra temperatur. Her var det berre å hive på seg sykkelkleda og kome seg ut døra! Kjære far Nytun var vår privatsjåfør for dagen, og etter ein pitstop i Stryn gjekk ferda vidare til Hellesylt. Her startar turen over Flofjellet ( http://www.nordfjord.no/no/Produkt/?TLp=413798 ).


Ca. første 1,2 mila av turen går i litt stigning på asfalt frå Hellesylt til Vollset. Frå Vollset startar den eigentlege "Flofjellsvegen".



 Happy Friskus Nytun:)


Flofjellsvegen er ein grusveg som går innover ein dal (frå Hellesylt i Møre og Romsdal til Flo og Stryn i Sogn og Fjordane) med mektige fjellsider på kvar side. Vegen var tidlegare nytta av dei som budde lengst oppe i dalen på "Hellesylt-sida". Dei sokna til kyrkje i Oppstryn, og brukte vegen over fjellet som kyrkjeveg....Tenk kor mykje enklare alt er no til dags!



Starten på Flofjellsvegen var noko skuffande då det var bratt og steinete/laust her. Eg reknar med det stort sett skuldast mykje vatn/flaum i fjor. Men det tok ikkje lang tid før også grusvegen flata ut, og her var dekket upåklageleg:)









Rasteplassen vår på høgste punktet på Flofjellsvegen:)


Etter matpausa var det tid for nedstiginga til Flo. Og her var det bratt og mykje stein/grus. Til tider mykje laust opp på hardpakka underlag. Det enda med andre ord med at eg bremsa så mykje at eg heller gjekk av sykkelen og leida den heile vegen ned. For det første gjekk det fortare og for det andre var det mykje meir behageleg;) Etter vel 30 minutt var vi framme ved Flo.

 Ei lita sandstrand på Flofjellet:)

 Flo:)



Etter Flo gjekk turen vidare langs Oppstrynsvatnet, og etter kvart langsmed Stryneelva til Stryn sentrum. Turen frå Flo til Stryn inneber nokre tunnelar og ein trafikkert veg. Men tunnelane har lite trafikk, og er heilt OK å sykle gjennom og den trafikkerte vegen er brei og oversiktleg, så dette er ikkje noko problem.

Ein kjempeflott tur i strålande vêr. Vi hadde litt problem med ein tung sykkel som hadde litt "kjedeavhoppingsproblem", men bortsett frå dette gjekk det smertefritt:)

Nerdefakta (inkludert alt; kjedeavhoppingar, matpause, fotopauser...):
Lengd: 4,27 mil
Tid: 5 timar og 39 minutt.
Total stigning: 918 meter.
Kaloriar brukt: 1889.
Puls: snitt 147. Maks 189.

Fredagskvelden flata vi ut etter friskluftssjokket, og kosa oss med reker før vi stupte i seng tidlegare enn eg har gjort på lenge!

"Rekekveldskos" i gamlehuset på garden = idyll:)


Laurdag gjekk turen til Lote og Sagetindane. Vêret var OK i dag, men ikkje fullt så bra som dagen før. Likevel godkjent;)

 Lotsstølen:)

 Dårleg "bildetakingslys" i dag...

...såååå....då vart det bilde frå ein tur eg hadde opp her i fjor...

 ...og sommar 2010;)

Men dette er "dagens";)

Nerdefakta:
Lengd: 8,4 km.
Tid: 2 timar og 10 minutt (gåtid).
Total høgdestigning: 565 meter.
Kaloriar brukt: 805.
Puls: snitt 139. Maks 185.

Laurdagskvelden vart brukt til mat og drikke, og ein "utekveld" i god "Greaseånd" i Måløy. Takk til Helseguru Unni som tok godt imot kjende og ukjende til eit koseleg vorspiel!:)

Søndag vart det "Fyrsafari" i Vågsøy. Eigentleg skulle det vere "Vågsøysightseeing", men tida gjekk heilt frå oss...:)

Først gjekk turen til Skongenes fyr. Etter ca. 45 minutt trakking frå parkeringsplassen på Halsør var vi framme ved yndlingsfyret mitt. For å lese meir om denne plassen, sjå her:



 Sjokolade på trappa ved Skongenes fyr. Det er jo søndag;)


Akrobatikk;)

Gåturen til Skongenes vart einaste trimmen i dag grunna stramt tidsskjema. Etter Skongenes gjekk turen vidare i bil via Refvika, der Refviksanden vart studert i fart, så over Kvalheimsfjellet, opp Kråkenesfjellet der skodda gjorde det umogleg å sjå dei kjempestore vindmøllene som står rett attmed vegen....Vidare ned til Kråkenes og Kråkenes fyr:)


Kråkenes fyr:)

Resten av Vågsøysightseeinga måtte desverre vike for heimreise, men litt inntrykk av Vågsøy vart det vel...:)

SUPERHELG!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar