Sider

mandag 16. juni 2014

Kvar går grensa

for kva kroppen kan tåle? Det har eg ikkje funne ut og har heller ingen planar om å finne det ut. Men, det er særleg to gongar eg føler at eg har vore nærare eit svar på det. Nemleg under Marka24 2013 og Marka24 2014! Slitet i fjor skremde meg tydelegvis ikkje, og faktisk så hadde vi lagt opp til ein meir ambisiøs tur (for oss) i år enn i fjor. Sjølv om eg og min medfriskus i år var på sjølvstyr.

Sekken vart iallfall pakka i år og. Så vart den pakka ut igjen og pakka eit par gongar til. Her skulle kvart gram som skulle bærast med, ha ein funksjon! 

 

Med friskt mot og (kanskje) overdriven tru på oss sjølve, la vi i veg frå Sognsvann, med sola steikande i nakken og svetten allereie piplande. Bakkane ville ingen ende ta og vi starta saftig med 469 meter total stigning til første post ved Skjennungstua. Marka er ikkje flat! Sjølv om vi vestlendingar likar å tru det.


 
Post 1: Skjennungstua.
 
Kilometer etter kilometer vart tilbakelagt og timane og postane hagla. Huhei, dette gjekk bra!
 
 
Post 2: Studenterhytta.

Post 3: Kobberhaughytta.
 
Studerar vegen vidare frå Kobberhaughytta, og luftar sure tær og gnagsårsokk. Dette er ein gnagsårsokk som faktisk fungerar! Eg fekk berre gnagsår der eg ikkje hadde slik sokk.
 
 
Post 4: Bjørnholt.

 
 
Post 5: Middagskollen.

Ved Langlia og Sandungen gjekk entusiasmen noko meir i bølgedalar og kart og realitet stemde plutseleg ikkje heilt overeins... Eller kanskje var det eg og min medfriskus som ikkje var heilt på nett på dette tidspunktet... Uansett vart postane oppspora.
 
Post 6: Langlia.
 
Kveldssol ved Langlia.
 
Sein kveld ved Vesle Sandungen.
 
Post 7: Sandungen.
 
Sein kveld ved Store Sandungen.
 
Store Sandungen.
 
Det var no på høg tid med middag, men det freista ikkje med middag med knott på, så vi valde å rusle gjennom skogen i retning Hakkloa. Vi hadde tenkt å kome inn på ein veg etterkvart, men råsa langs Store Sandungen ville ingen ende ta. Ut av skogen kom vi iallfall og bestemte oss for å "campe" akkurat der, i suset frå elva, etter 12,5 time og 4 mil.
 
Måneskin over "rasteplassen". Kl. 00.30. (desse nattlege bilda vart ganske dårlege med iPhone)

Tommel opp og klar for resten av turen. Kl. 02.30.
 
 

Ikkje akkurat utkvilde, men iallfall framleis blide!

Turen gjekk vidare mot Gørja, etter at vi heldigvis vart losa i rett retning av nokre veldig snille medkonkurrentar! Vi ser heilt klart fordelen dei som er kjende i marka har, men å ikkje vere kjende gjer det jo berre meir utfordrande, og det er jo spennande. Det er vel litt på grunn av utfordringa ein er med på dette og vel..? (Men neste år blir det vel kanskje ein GPS med på tur...)

Det var iallfall god stemning på veg mot Gørja. Vi var blide, fuglane sang og morgonen venta rett rundt hjørnet.
 
Snart morgon ved Helgeren.
 
Helgeren.
 
Kilometerane rasa avgarde og vips så var mila til Gørja tilbakelagt.
 
Post 8: Gørja.

Morgonsol.

Sånn cirka rundt Tømtehyttene vart humøret noko svingande igjen. Kartet synte at vi hadde laaang veg igjen enno og vi hadde ikkje heilt klart føre oss kvar vegen skulle gå vidare.
 
Post 9: Tømtehyttene.
 
Eit dumt vegval, og ynskje om å gå på veg tilbake til mål, førte oss heilt til Skar. Vår siste post, Fagervann, måtte vike for å nå målstreken i tide.

Siste del av turen gjekk mellom anna eit stykke på asfalt og markaopplevinga vart ei lita stund bytt ut med følelsen av å vere med på sykkelritt. I det fjerne kunne vi skimte eit mål, ikkje eit Marka24-mål, men eit sykkelritt-mål. Då vi nærma oss vart vi bedne om å anten gå ein pittepitteliten omveg rundt målområdet, eller eventuelt vente 5 minutt til syklistane hadde passert. Etter rask reklame for Marka24 og forklaring om at vi sjølve var med i ein viktig konkurranse og slett ikkje hadde tida å vente, traska vi oss rundt målområdet. Eg såg på mål og ynskte i mitt stille sinn at Marka24 hadde hatt sitt mål i Maridalen i år...

Vi gjekk og vi gjekk. Tomme for vatn, meir og meir haltande og i ein kamp mot klokka. Eller, det var ingen kamp, for klokka hadde allereie vunne. Kilometerane passerte og då vi endeleg gjekk, solbrende, svette og dehydrerte, i sikksakk mellom bikinikledde og frisbeekastande Osloborgarar ved Sognsvann, kunne vi høyre at speakeren i målområdet annonserte vinnarane og takka for årets Marka24. Haltande kom vi, etter cirka 7,5 mil, i mål då andre var på god veg heim. 54 minutt etter 24-timers-fristen. Eit saftig poengtrekk på 117 poeng vart det. Surt, ja! Men vi fekk applaus over målstreken og vår ambisiøse plan vart gjennomført. Og neste år, Marka, då er vi kanskje væpna med GPS! Snakkast ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar