Sider

mandag 23. juni 2014

Historia om pysa og Via ferrata Loen

Bak hotel Alexandra i Loen ruvar ein tilsynelatande uframkomeleg fjellvegg - iallfall for oss "A4-menneske". Nokre lure folk etablerte ein via ferrata her. Noko eg no er veldig glad for at dei gjorde. Via ferrata kan fritt oversetjast til m.a.  "jernveg" eller "klatresti" eller kanskje meir nøyaktig "klatresti med wire". Essensen er iallfall at det er ein stålkabel som går langs ei klatrerute. Stålkabelen er festa til fjellet med jamne mellomrom, og denne kabelen er di sikkerheit der du dinglar fleire hundre meter over avgrunnen. Kor tilrettelagt sjølve klatreruta er, varierar frå via ferrata til via ferrata. Eg hadde sett bilder frå Tysso via ferrata i Odda, der det såg ut som det var lagt ganske greitt til rette med "stegjern" å klatre på. Det var det ikkje så mykje av i Loen... (No har eg heller ikkje gått Tysso via ferrata, så mogleg det er eindel klatring der og altså). 

Via ferrata Loen går oppover mot fjelltoppen Hoven, 1010 m.o.h. Turen startar i området rundt hotel Alexandra og det er bratt stigning opp mot innsteget for via ferrataen. Sjølve via ferrataen startar 440 m.o.h., så ein får gått seg heite før ein tek til på klatringa (og ein slik pulstopp er slett ikkje dumt for å roe nervane heller!)

Følelsen eg hadde før start!

Advarsel, danger! Følte det var eit passande skilt i starten av turen. No skal det seiast at dette ikkje hadde noko med via ferrata å gjere då...

Ved "prøve-via-ferrataen" som ein møter på eit stykke før innsteget på 440 m.o.h.


Så var vi der, ved innsteget 440 m.o.h. Klar?!


Så var vi i gang!


Og høgdeskrekken ville ikkje fram...

... Takk og pris! Men utfordringa var jo heilt klart at eg absolutt ikkje kan å klatre. Heldigvis er eg utstyrt med ekstrem staheit, så der eg ikkje klarte å gjere det på skikkeleg måte lempa eg rett og slett meg sjølv opp etter hendene. Sikkert ikkje eit vakkert syn og sannsynlegvis til skrekk og gru for mine "med-via-ferratarar", men det funka!


Her og der kunne vi ta oss ein pust i bakken, kople oss ut og skryte av oss sjølve og kvarandre! (Og sleppe andre med høgare marsjfart forbi ;) )


Loen blir mindre og mindre! Humøret større og større!


Ingenting å seie på utsikta!




Gjølmunnebrua. Mange sin store skrekk.

Så var vi komne til Gjølmunnebrua. 750 m.o.h., ca. 120 meter lang, 35 cm brei og 170 meter over gjølet den går over. Denne hengebrua skal visst vere den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er nyare enn den opphavlege via ferrataen, og i dag kan ein velge å fullføre via ferrataen anten rett opp, eller på den andre sida av brua.







Vi tok like godt og gjekk brua to gongar, slik at vi kom inn på den "originale" via ferrataen siste stykket og. Vi hadde fått beskjed om at den nye traseen ikkje var like utfordrande, så då måtte vi jo sjølvsagt gå tilbake og ta det mest avanserte alternativet. Så har vi iallfall meir å skryte av! Vi er ikkje så gode på dette med å innsjå eigne begrensingar... På dette tidspunktet var eg blitt ganske sleta, banneorda sat dessverre laust og klatringa var plutseleg meir vanskeleg enn før. Men med hjelp av min geniale (?) teknikk (og "heiarop", eller iallfall oppmuntring frå dei andre) kom eg meg opp og 880 m.o.h. kopla vi oss av sikringa. No var det kun fjelltur igjen opp på Hoven og nedatt til Oppheim. Litt letta, litt euforisk og ganske så deileg sleta!

Det var visst framleis litt energi igjen.



Flott utsikt mot Lodalen!

Dette bildet fann eg på Loen active sine sider. Her ser ein turen og dei to alternativa ein kan ta når ein kjem til brua.

Og sånn ser leggar og kne ut no etter turen!

Så då må eg berre seie at dette var FANTASTISK! Tuuuuuuuusen takk til friskus Rand og bror Rand for ei fantastisk oppleving for meg og friskus Lind-Jenssen!

(Dei fleste bilda er tekne av bror Rand :) )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar